Salmane 41
N11NN
41
1Til korleiaren. Ein salme av David.
2 # 37,26+ Sæl er den som har omsorg for dei veike.
På ulukkedagen friar Herren han ut.
3 Herren vernar han og held han i live.
lukkeleg er han i landet.
Du overgjev han ikkje til grådige fiendar!
4 # 2 Kong 20,5ff Herren styrkjer han i sjukdomen;
du forvandlar leiet hans når han er sjuk.
5 # 6,3+ Men eg seier: «Herre, ver meg nådig;
læk meg, for eg har synda mot deg!»
6Fienden talar vondt om meg:
«Når skal han døy og namnet hans gå til grunne?»
7Kjem det ein og ser til meg,
talar han tomme ord.
Hjartet hans samlar på det vonde,
så går han ut og talar om det.
8Alle som hatar meg, kviskrar saman,
dei legg vonde planar mot meg:
9«Noko vondt har råka han,
no ligg han der og står aldri meir opp.»
10 # 55,14f; Joh 13,18 Jamvel venen min som eg leit på,
han som åt ved mitt bord,
lyfter hælen mot meg.
11Men du, Herre, ver meg nådig og reis meg opp,
så eg kan gje dei att.
12Når fienden ikkje får triumfera over meg,
veit eg at du har di glede i meg.
13 # 2 Sam 7,29 Fordi eg er heil, held du meg fast,
du lèt meg alltid stå for ditt andlet.
14Velsigna er Herren, Israels Gud,
frå æve til æve!
Amen! Ja, amen!

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk