Salmane 40
N11NN
40
1Til korleiaren. Ein salme av David.
2Eg venta og vona Herren.
Han bøygde seg til meg og høyrde mitt rop.
3 # 42,8; 69,3.15f; 88,8 Han drog meg opp or den tynande grav,
opp av den djupe gjørma.
Han sette mine føter på fjell
og gjorde mine steg faste.
4 # 33,3+ Han la ein ny song i min munn,
ein lovsong til vår Gud.
Mange skal sjå det og ottast
og setja si lit til Herren.
5 # 2,12+ Sæl er den
som set si lit til Herren,
som ikkje vender seg til dei stolte,
til dei som fell frå i løgn.
6 # 71,15; 92,6; 104,24; 106,2; 139,17 Store ting har du gjort for oss,
Herre, min Gud,
underfulle verk og planar,
ingen er din like.
Vil eg fortelja og tala om dei,
er dei for mange til å reknast.
7 # 1 Sam 15,22; Sal 51,18f; 69,31f; Hos 6,6; Mi 6,6ff; Matt 9,13; Hebr 10,5f Du har ikkje glede i offer og gåver
– du har opna mine øyre –
brennoffer og syndoffer krev du ikkje.
8 # Hebr 10,7 Då sa eg: «Sjå, her kjem eg.
I bokrullen er det skrive om meg.
9Min Gud, å gjera din vilje gjev meg glede,
di lov er djupt i mitt indre.»
10 # 22,23+ Eg forkynte rettferd
i den store forsamlinga.
Eg heldt ikkje att mi tunge,
Herre, du veit det.
11Di rettferd heldt eg ikkje skjult i hjartet,
eg tala om din truskap og di frelse.
Eg løynde ikkje di miskunn og di sanning
i den store forsamlinga.
12 # 57,4 Herre, du vil ikkje
halda di miskunn tilbake.
Din truskap og di sanning
skal alltid verna meg.
13 # 38,5+ For tallause ulukker omgjev meg,
mine synder har nådd meg att,
eg kan ikkje sjå.
Dei er fleire enn håra på hovudet,
motet har svikta meg.
14 # 70,2ff Vis godvilje, Herre, og fri meg ut!
Herre, skund deg og hjelp meg!
15 # 6,11+ Lat alle som står meg etter livet,
bli til skamme og til spott!
Lat dei som vil meg vondt,
dra seg tilbake utan ære!
16 # 35,21.25 Dei som ler og håner meg,
skal bli slegne av skam.
17 # 35,27 Lat alle som søkjer deg,
fryda og gleda seg i deg!
Lat dei som elskar di frelse,
alltid seia: «Stor er Herren
18 # 86,1 Men eg er hjelpelaus og fattig.
Herren skal tenkja på meg.
Du er mi hjelp, du bergar meg.
Dryg ikkje lenger, min Gud!

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk