Salmane 31

31
1 # 31,1 korleiaren >4,1. Til korleiaren. Ein salme av David.
2 # 25,2+ Herre, eg søkjer tilflukt hos deg,
lat meg aldri bli til skamme!
Fri meg ut i di rettferd!
3 # 9,10+ Vend øyret til meg,
skund deg og redd meg!
Ver meg eit vern og eit berg,
ei borg til frelse!
4 # 18,3+; 23,3 Du er mitt fjell og mi borg;
for ditt namn skuld fører og leier du meg.
5 # 25,15+ Løys meg or garnet dei har spent ut for meg!
For du er mi tilflukt.
6 # Luk 23,46; Apg 7,59 I dine hender gjev eg mi ånd,
du løyser meg ut, Herre, du trufaste Gud.
7 # 5 Mos 4,28; Jer 10,14f; Jona 2,9 Eg hatar dei som held seg til vind og fåfengd.
Sjølv set eg mi lit til Herren.
8Eg vil jubla av glede over di miskunn
fordi du har sett mi naud,
du kjenner mi trengsle.
9 # 18,37 Du gav meg ikkje over i handa til fienden,
men førte meg ut i ope land.
10 # Job 17,7; Sal 6,8 Ver meg nådig, Herre,
for eg er i naud.
Auget sløvest av bitter sorg,
pust og kropp svinn bort.
11Livet mitt endar i sorg,
åra mine i klage.
Min styrke sviktar
på grunn av mi skuld,
beina i kroppen svinn.
12 # 38,12+ Eg blir til spott for fienden,
til hån for grannane,
ei redsle for dei som kjenner meg,
dei som ser meg på gata, vik unna.
13Som ein død er eg gløymd av menneske,
lik eit kar som er kasta bort.
14 # 83,4; Jer 20,10 For eg høyrer mange som kviskrar
– å, redsle på alle kantar! –
når dei samlar seg mot meg
og legg planar om å ta mitt liv.
15 # 22,11; 118,28; 140,7 Men eg set mi lit til deg, Herre,
eg seier: «Du er min Gud.»
16 # 139,16 Mine tider er i di hand,
fri meg frå fiendar som jagar meg!
17 # 4 Mos 6,25; Sal 67,2 # 31,17 Lat ditt andlet lysa >4,7. Lat ditt andlet lysa over din tenar,
frels meg i di miskunn!
18 # 6,11+ Herre, lat meg ikkje bli til skamme,
for eg ropar til deg.
Lat dei urettferdige stå med skam
og gå stille til dødsriket!
19Lat lygande lepper tagna,
dei som talar frekt mot den rettferdige
med hovmod og forakt.
20 # 36,8; 57,2 Kor stor di miskunn er,
som du har spart til dei som fryktar deg!
Rett framfor menneske har du vist di miskunn
mot dei som søkjer tilflukt hos deg.
21 # 27,5 Hos deg finn dei vern
mot overgrep frå menneske.
Du gøymer dei i di hytte
for tunger som kjem med klagemål.
22Velsigna er Herren som gjer under!
Han viste meg miskunn i ein kringsett by.
23 # Jes 38,11; Jona 2,5 Eg sa i min angst:
«Eg er støytt bort frå dine auge.»
Men du høyrde mi bøn
då eg ropa til deg.
24 # 18,28 Elsk Herren, alle hans trugne!
Herren vernar dei trufaste,
men den hovmodige gjev han att i fullt mål.
25 # 27,14 Ver modige og sterke,
alle de som ventar Herren!

Markert nå:

Salmane 31: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring