Salmane 3
N11NN
3
1 # 2 Sam 15,13ff Ein salme av David då han rømde for Absalom, son sin.
2 # 25,19; 55,19; 56,3 Herre, kor talrike mine fiendar er!
Mange reiser seg mot meg.
3 # 3,3 Sela musikalsk eller liturgisk nemning med ukjend tyding. Dei seier om meg:
«Hos Gud er det inga frelse for han.» Sela
4 # 1 Mos 15,1; 5 Mos 33,29; Sal 5,13; 18,3; 84,12 Men du, Herre, er eit skjold for meg,
du er mi ære, du lyfter mitt hovud.
5 # 18,7; Jona 2,8 Eg ropa høgt til Herren,
og han svara meg frå sitt heilage fjell. Sela
6 # 4,9 Eg la meg ned og sovna,
eg vakna, for Herren held meg oppe.
7 # 27,3 Eg er ikkje redd ti tusen
som samlar seg mot meg på alle kantar.
8 # 4 Mos 10,35; Sal 7,7; 9,20; 74,22; 82,8 Reis deg, Herre! Frels meg, min Gud!
Du slår alle mine fiendar på kjeven
og knuser tennene til dei lovlause.
9 # 37,39; 62,2; 121,2; 124,8 Frelsa er hos Herren.
Lat di signing kvila over ditt folk! Sela

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk