Salmane 29
N11NN
29
1 # 96,7f; 103,20f; Jes 6,2f # 29,1 gudesøner himmelske vesen i Guds nærleik. Jf. Job 1,6. Ein salme av David.
Gudesøner, gjev Herren ære!
Gjev Herren ære og makt.
2Gjev Herren den ære hans namn skal ha,
bøy dykk for Herren i heilag prakt!
3 # Job 37,2ff Herrens røyst lyder over vatnet,
den herlege Gud lèt tora slå,
Herren, over veldige vatn.
4 # Jes 30,30f Herrens røyst lyder med velde,
Herrens røyst lyder med herlegdom.
5 Herrens røyst knekkjer sedrar,
Herren splintrar sedrane på Libanon.
6 # 29,6 Sirjon-fjellet Hermon-fjellet. Jf. 5 Mos 3,8f. Han får Libanon-fjellet og Sirjon-fjellet til å hoppa
som kalvar og som ville oksar.
7 Herrens røyst spreier logande eld.
8 # 5 Mos 1,19 Herrens røyst får ørkenen til å skjelva,
Herren får Kadesj-ørkenen til å skjelva.
9 Herrens røyst får hindene til å kalva,
ho gjer skogane snaue.
Alt i hans tempel ropar: «Ære!»
10 # 9,8+ # 29,10 himmelhavet på hebr. same ordet som «storflaumen». Jf. 1 Mos 6,17. Herren tronar over himmelhavet,
Herren skal trona som konge for alltid.
11 Herren gjev folket sitt kraft,
Herren velsignar folket sitt med fred.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk