Salmane 27
N11NN
27
1 # 36,10+ Av David.
Herren er mitt lys og mi frelse,
kven skulle eg ottast?
Herren er eit vern for mitt liv,
kven skulle eg frykta?
2Når valdsmenn og fiendar nærmar seg or å sluka meg,
då snublar dei og fell dei sjølve.
3 # 3,7 Om ein hær vil slå leir mot meg,
er mitt hjarte utan frykt.
Om krigen trugar, endå er eg trygg.
4 # 15,1+ Eitt bed eg Herren om,
dette ønskjer eg:
å få bu i Herrens hus
alle mine dagar,
så eg kan sjå Herrens venleik
og vera i hans tempel.
5 # 31,21 # 27,5 telt >15,1. Han gøymer meg i si hytte
på den vonde dagen.
Han løyner meg i sitt telt.
På berget lyfter han meg opp.
6No ragar mitt hovud høgt over fienden ikring meg.
Med jubel vil eg bera fram offer i hans telt.
Eg vil syngja og spela for Herren.
7Høyr, Herre! Eg ropar høgt.
Ver meg nådig og svar meg!
8 # 5 Mos 4,29; Sal 24,6 Eg kjem i hug at du har sagt:
«De skal søkja mitt andlet.»
Ditt andlet søkjer eg, Herre.
9 # 13,2+ Løyn ikkje andletet for meg!
Vis ikkje din tenar bort i vreide,
du som har vore mi hjelp.
Gud, min frelsar,
støyt meg ikkje frå deg, forlat meg ikkje.
10Om far og mor forlèt meg,
vil Herren ta imot meg.
11 # 25,4 Herre, lær meg din veg
og lei meg på jamne stigar, for eg er omgjeven av fiendar.
12Gjev meg ikkje over til grådige fiendar!
For falske vitne står opp imot meg,
menn som trugar med vald.
13 # Jes 38,11 # 27,13 livsens land jorda. Men eg er viss på at eg skal sjå
kor god Herren er, her i livsens land.
14 # 31,25; 37,34; 130,5 Set di von til Herren!
Ver frimodig og sterk,
ja, set di von til Herren!

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk