Salmane 21

21
1Til korleiaren. Ein salme av David.
2 # 63,12 Herre! Kongen gler seg over di makt.
Høgt jublar han over di frelse.
3 # 20,5f Det hans hjarte ønskte, har du gjeve han,
du har ikkje nekta han det hans lepper bad om. Sela
4 # 132,18 Du møter og velsignar han med det som godt er,
og set ei krone av reint gull på hans hovud.
5 # 18,51+ Han bad deg om liv,
du gav han levedagar som aldri tek slutt.
6Stor er hans ære, for du frelser han,
høgd og herlegdom gjev du han.
7 # 45,3; 72,17 Frå deg får han evig velsigning,
du fyller han med fryd når du er nær.
8For kongen set si lit til Herren.
Han vaklar ikkje, for Den høgste er trufast.
9Di hand skal nå alle dine fiendar,
di høgre hand skal nå dei som hatar deg.
10 # 97,3; Mal 4,1 Du gjer dei til ein logande omn når du syner deg.
Herren skal sluka dei i sin vreide
og elden eta dei opp.
11 # 109,13 Deira frukt skal du rydda ut frå jorda,
deira ætt blant menneskeborna.
12Når dei legg vonde planar mot deg
og tenkjer på svik,
skal dei ikkje lukkast.
13Du får dei til å rømma,
du spenner bogen mot dei.
14Ver opphøgd, Herre, i di makt!
Vi vil spela og syngja om dine storverk.

Markert nå:

Salmane 21: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring