Salmane 139
N11NN

Salmane 139

139
1 # 7,10+ Til korleiaren. Av David. Ein salme.
Herre, du ransakar meg og du veit –
2 # 2 Kong 19,27; Jer 23,23f du veit om eg sit eller står,
på lang avstand kjenner du mine tankar.
3Om eg går eller ligg, ser du det,
du kjenner alle mine vegar.
4Før eg har eit ord på tunga, Herre,
kjenner du det fullt ut.
5Bakfrå og framanfrå omgjev du meg,
du har lagt di hand på meg.
6Det er eit under eg ikkje skjønar,
det er så høgt at eg ikkje kan fatta det.
7 # 139,7 pust Det hebr. ordet kan tyda både «pust», «vind» og «ande». Kvar skulle eg gå frå din pust,
kvar kunne eg rømma frå ditt andlet?
8 # Am 9,2 Stig eg opp til himmelen, er du der,
legg eg meg i dødsriket, er du der òg.
9 # 139,9 soloppgangen i aust. der havet endar i vest. Tek eg soloppgangens venger
og slår meg ned der havet endar,
10då fører di hand meg jamvel der,
di høgre hand held meg fast.
11 # Job 12,22; 34,21f; 1 Kor 4,5 Eg kan seia: «Lat mørkret løyna meg
og lyset omkring meg bli natt.»
12Men mørkret er ikkje mørkt for deg,
natta er lys som dagen, mørkret er som lyset.
13 # Sal 119,73 # 139,13 vove meg Jf. Job 10,11. For du har skapt mine nyrer,
du har vove meg i mors liv.
14Eg takkar deg for at eg er så underfullt laga.
Underfulle er dine verk, det veit eg godt.
15 # 139,15 djupt i jorda her bilete på morslivet. Knoklane mine var ikkje skjulte for deg
då eg vart laga i løynd og voven djupt i jorda.
16Auga dine såg meg då eg var eit foster.
Alle dagar er skrivne opp i di bok,
dei fekk form før éin av dei var komen.
17 # 40,6+ Dine tankar, Gud, er dyrebare for meg,
summen av dei er ufatteleg!
18Tel eg dei, er dei tallause som sand,
blir eg ferdig, er eg enno hos deg.
19Gud, om du ville drepa den lovlause,
om drapsmennene veik frå meg!
20Dei talar svikefullt om deg,
fiendane dine sver falskt.
21 Herre, eg hatar dei som hatar deg,
og avskyr dei som står deg imot!
22Eg hatar dei med eit grenselaust hat,
dei har vorte mine fiendar.
23Ransak meg, Gud, og kjenn mitt hjarte,
prøv meg og kjenn mine tankar!
24 # 5,9+ Sjå om eg følgjer avgudsveg,
og lei meg på den evige vegen!

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).


Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk

Oppmuntrer og utfordrer deg til å søke nærhet med Gud hver dag.


YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt, godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vårpersonvernerklæring.