Salmane 100
N11NN

Salmane 100

100
1 # 66,1+ Ein takkesalme.
Rop med jubel for Herren, all jorda!
2 # 95,2 Ten Herren med glede,
kom fram for han med jubel!
3 # 5 Mos 32,6; Sal 95,7 # 100,3 vi er hans kan òg omsetjast «ikkje vi sjølve». Kjenn at Herren er Gud!
Han har skapt oss, vi er hans,
vi er hans folk og den flokken han gjeter.
4 # 5,8; 118,19 Kom gjennom portane hans med takkesong,
inn i føregardane med lovsong!
Lov han, velsign hans namn!
5 # 103,17 Herren er god, evig er hans miskunn,
hans truskap varer frå slekt til slekt.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).


Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk