Ordtaka 9
N11NN

Ordtaka 9

9
Visdom og dårskap bed inn til fest
1 # 9,1 Visdomen >1,20. Visdomen har bygd seg hus
og hogge til sine sju søyler.
2Ho har slakta fe og blanda vin,
og ho har dekt på bordet.
3 # 1,20 Ho har sendt tenestejentene ut,
ho ropar oppe frå høgdene i byen:
4«Du som er urøynd, vend deg hit!»
Til den vitlause seier ho:
5 # Jes 55,1ff; Matt 22,1ff; Joh 6,35 «Kom og et av maten min
og drikk av vinen eg har blanda.
6Lat vitløysa fara, så skal de leva,
gå fram på den vegen forstanden viser!»
7Den som åtvarar ein spottar, får skam,
den som går i rette med ein urettferdig, lid skade.
8 # 17,10; 19,25; 21,11; 23,9 Gå ikkje i rette med spottaren, då hatar han deg,
gå i rette med den vise, så elskar han deg.
9Gjev til den vise, så blir han visare,
lær den rettferdige, så aukar han sin lærdom.
10 # 1,7+ # 9,10 ha … heilage har kan òg omsetjast «å kjenna Den heilage» eller «å kjenna det heilage». dei heilage truleg englane. Jf. 5 Mos 33,2; Job 5,1; Ordt 30,3; Sak 14,5. Å frykta Herren er opphav til visdom,
å ha den kunnskap dei heilage har, er forstand.
11 # 3,2.16; 4,10 Ved meg skal dine dagar bli mange,
og du får fleire leveår.
12Er du vis, blir din visdom til nytte for deg,
spottar du, må du lida for det sjølv.
13Dårskapen er ei rastlaus kvinne,
vitlaus er ho og forstår ikkje noko.
14Ho sit utfor husdøra si,
har sitt sete høgt oppe i byen.
15Ho ropar til alle som går forbi,
dei som går beint fram på vegen:
16«Du som er urøynd, vend deg hit!»
Til den vitlause seier ho:
17 # 20,17 «Stole vatn smakar godt,
herleg er maten ein et i løynd.»
18 # 2,18+ Men han skjønar ikkje
at det er daudingar der,
at gjestene hennar er frå djupaste dødsriket.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).


Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk

Oppmuntrer og utfordrer deg til å søke nærhet med Gud hver dag.


YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt, godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vårpersonvernerklæring.