Ordtaka 20

20
1 # Sal 107,27; Ordt 23,29–35; 31,4–7 Vinen er ein spottar,
sterk drikk er ein skrålhals,
vitlaus er den som ravar i rus.
2 # 19,12; Fork 8,2–5 Når kongen trugar, er det som løvebrøl,
den som gjer han sint, set livet på spel.
3 # 17,1.14 Å halda seg frå trette er ei ære for mannen,
den som er dum, yppar til strid.
4 # 10,5 Den late vil ikkje pløya om hausten,
han ventar avling, men får inga.
5 # 18,4 Som djupt vatn er tankane i menneskehjartet,
den som har vit, kan ausa av dei.
6Mange ropar om sin eigen truskap,
men kvar finst den ein kan lita på?
7 # Sal 112,1f Den rettferdige er heil i si ferd,
heldige er borna etter han.
8 # 1 Kong 3,9.16ff Ein konge som sit i dommarsetet,
skil ut alt vondt med sitt blikk.
9 # 1 Kong 8,46; Job 4,17; Sal 19,13; Fork 7,20; 1 Joh 1,8 Kven kan seia: «Eg har halde hjartet reint,
eg er reinsa for synd»?
10 # 11,1+ To slag vekt og to slag mål,
Herren avskyr dei begge.
11 # 22,6 Jamvel ein ung gut viser i handling
om det han gjer, er reint og rett.
12 # Sal 94,9 Øyret som høyrer, og auget som ser,
Herren har skapt dei begge.
13 # 6,10f Elsk ikkje søvnen, for då blir du fattig,
lat opp auga og et deg mett.
14«Berre skrap», seier kjøparen,
men når han går bort, er han fornøgd med seg sjølv.
15Det finst gull og perler i mengd,
men klok tale er eit sjeldsynt smykke.
16 # 11,15; 27,13 Ta kleda frå den som har kausjonert for ein framand,
ta dei i pant for dei ukjende!
17 # 9,17 Brød frå løgn smakar godt,
men sidan fyllest munnen med grus.
18 # 15,22 Om ein held råd, lukkast planane.
Legg planar før du fører krig!
19 # 11,13 Den som baktalar, røper det hemmelege,
hald ikkje lag med den som er lausmunna!
20 # 2 Mos 21,17; Ordt 19,26; 30,17 Den som forbannar far sin og mor si,
hans lampe skal slokna når mørkret kjem.
21Ein arv som ein riv til seg for tidleg,
gjev inga velsigning til slutt.
22 # 24,29; Rom 12,19; 1 Pet 3,9 Sei ikkje: «Eg vil gjengjelda det vonde.»
Vent på Herren, så hjelper han deg!
23 # 11,1+ Herren avskyr to slag lodd,
falsk vekt er ikkje av det gode.
24 # Sal 37,23; Ordt 16,9; 19,21 Det er Herren som styrer mannens steg.
Korleis kan mennesket skjøna sin veg?
25 # 5 Mos 23,22f; Fork 5,1.3f Det er ei snare for mennesket å gje heilage lovnader
før ein har tenkt seg om.
26 # Jes 28,27f # 20,26 lèt hjulet rulla bilete frå treskinga. Det vart køyrt ein treskjeslede over kornet for å skilja ut agnene, som sidan vart kasta i vêret og fauk bort med vinden. Den vise kongen skil ut dei urettferdige
og lèt hjulet rulla over dei.
27 # 1 Kor 2,11 Ånda hos mennesket er ei Herrens lampe,
ho ransakar alle rom i hans indre.
28 # Sal 61,8 Miskunn og truskap er eit vern om kongen,
han stør si trone på miskunn.
29 # 16,31 Styrke er ein prydnad for dei unge
og grått hår ei ære for dei gamle.
30Sviande sår reinsar bort det vonde,
slag reinsar dei inste rom.

Markert nå:

Ordtaka 20: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring