Ordtaka 13

13
1 # 1,8 Ein son blir vis av fars formaning,
spottaren høyrer ikkje på åtvaring.
2 # 12,14 Av munnens frukt kan ein nyta godt,
men svikarar hungrar etter vald.
3 # 10,19+ Den som aktar sine lepper, tek vare på livet,
den som er stor i munnen, skader seg sjølv.
4 # 10,4+ Den late får ikkje det han trår etter,
men flittige får i overflod.
5Den rettferdige hatar usann tale,
den urettferdige handlar skammeleg og frekt.
6 # 11,5 Rettferd vernar den som er heil i si ferd,
men urett fører ein syndar til fall.
7 # 12,9 Éin spelar rik, men har ingen ting,
ein annan ter seg fattig, men eig mykje.
8Somme kan kjøpa seg fri med rikdom,
men den fattige blir ikkje utsett for trugsmål.
9 # 24,20; Matt 25,1ff Lyset til dei rettferdige skin klårt,
men lampa til dei urettferdige sloknar.
10 # 11,2; 28,25 Hovmod fører berre til trette,
vise er dei som tek imot råd.
11 # 20,21; 28,20 Lettvunnen rikdom minkar snart,
den som samlar jamt og trutt, får mykje.
12 # 13,12 livsens tre >3,18. Langvarig venting gjer hjartet sjukt,
eit oppfylt ønske er eit livsens tre.
13Den som foraktar ordet, går det ille,
den som har age for bodet, får løn.
14 # 10,11; 14,27 Den vises lære er ei kjelde til liv
slik at ein vender seg bort frå dødens snarer.
15Godt vit vinn velvilje,
svikarars ferd er alltid den same.
16 # 12,23; 15,2; Fork 10,3 Den kløktige fer fram med vit,
dåren lèt alle sjå at han er dum.
17Ein upåliteleg bodberar fell i ulukke,
eit trufast sendebod kjem med lækjedom.
18 # 10,17+ Fattigdom og skam får den som ikkje tek imot formaning.
Den som lèt seg visa til rette, får ære.
19Eit oppfylt ønske gjer sjela godt,
dårar avskyr å venda seg bort frå det vonde.
20Den som ferdast med dei vise, blir vis,
men den som held lag med dårar, går det ille.
21Ulukke forfølgjer syndarar,
dei rettferdige får det gode til løn.
22 # Job 27,16f Den gode lèt etter seg arv til barneborn,
det syndaren eig, blir spart til den rettferdige.
23Fattigfolks nybrot gjev rikeleg føde,
men alt går tapt når uretten rår.
24 # 3,12+; 22,15 Den som sparer på riset, hatar son sin,
den som elskar, formanar han seint og tidleg.
25 # 10,3 Den rettferdige får eta seg mett,
men urettferdige må gå med magen tom.

Markert nå:

Ordtaka 13: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring