4. Mosebok 6
N11NN

4. Mosebok 6

6
Nasirearlova
1 Herren sa til Moses: 2#6,2 nasirearlovnad Hebr. nasir tyder «innvigd». =religiøse skikkar og ordningar. Tal til israelittane og sei til dei: Om nokon, mann eller kvinne, høgtideleg gjer ein nasirearlovnad og vier seg til Herren, 3skal han halda seg borte frå vin og sterk drikk. Han skal ikkje drikka eddik som er laga av vin eller av sterk drikk. Han skal heller ikkje drikka noka saft som er laga av druer, og ikkje eta druer, anten dei er friske eller tørka. 4#Am 2,11f Så lenge han er nasirear, skal han ikkje eta noko som kjem frå vinstokken, ikkje eingong druekjernar eller skal.
5 # Dom 13,5 Så lenge nasirearlovnaden gjeld, må det ikkje koma rakekniv på hovudet hans. Heilt til dagane han er vigd til Herren, er over, skal han vera heilag. Han skal la håret på hovudet veksa og hanga fritt. 6Så lenge han er vigd til Herren, må han ikkje koma nær lik. 7#6,18 Om far eller mor, bror eller syster døyr, må han ikkje gjera seg urein for deira skuld. For hovudet hans ber teiknet på at han er vigd til sin Gud. 8Så lenge han er nasirear, er han heilag for Herren.
9Men dersom nokon døyr brått og uventa heilt inntil han, så hovudet hans blir ureint medan det er innvigd, skal han barbera hovudet den dagen han blir rein. Den sjuande dagen skal han barbera det. 10Den åttande dagen skal han bera to turtelduer eller to dueungar til presten ved opninga til teltheilagdomen. 11Den eine skal presten ofra som syndoffer og den andre som brennoffer og slik gjera soning for han, for lovbrotet som skjedde då han kom nær liket. Same dagen skal han helga hovudet sitt på nytt. 12Han skal via seg til Herren for like lang tid som han først hadde lova, og bera fram eit årsgammalt lam som skuldoffer. Den første tida fell bort fordi hovudet hans vart ureint medan det var innvigd.
13Dette er lova for nasirearen: Den dagen nasireartida hans er over, skal han førast fram for opninga til teltheilagdomen. 14Han skal bera fram offeret sitt for Herren: eit årsgammalt vêrlam utan feil som brennoffer, eit årsgammalt, feilfritt holam som syndoffer og ein feilfri vêr som fredsoffer, 15ei korg med usyra brød av fint mjøl, forma som kaker med olje i og usyra kjekskaker smurde med olje, dessutan grødeofferet og drikkoffera som høyrer til. 16Dette skal presten bera fram for Herren. Han skal ofra det som syndoffer og brennoffer for mannen. 17Vêren skal han laga til som fredsoffer for Herren saman med korga med dei usyra brøda. Presten skal bera fram grødeofferet og drikkofferet hans.
18 # Apg 18,18; 21,24 Så skal nasirearen barbera det vigde hovudet sitt ved opninga til teltheilagdomen. Han skal ta håret som var vigd, og leggja det på elden som er under fredsofferet. 19Presten skal ta den kokte bogen av vêren, ei usyra kake frå korga og ei usyra kjekskake og leggja det i hendene på nasirearen etter at han har barbert av seg det vigde håret. 20#6,20 svingeoffer Offergåver vart ofte vigsla til Herren ved at dei vart svinga att og fram framfor altaret. Jf. 2 Mos 29,24ff; 3 Mos 7,30; 8,27–29. Dette skal presten svinga for Herrens andlet som eit svingeoffer. Det er helga til presten saman med brystet som blir svinga og låret som blir gjeve i avgift. Sidan kan nasirearen drikka vin.
21Dette er lova om nasirearen. Den som gjev lovnad om eit offer til Herren av det han har råd til, i tillegg til det vigslinga hans krev, må gjera som han har lova. Dette kjem i tillegg til lova om vigslinga hans.
Herrens velsigning
22 Herren sa til Moses: 23Tal til Aron og sønene hans og sei: Slik skal de velsigna israelittane. De skal seia til dei:
24 # Sal 121,7f Herren velsigne deg
og vare deg!
25 # Sal 67,2 Herren la sitt andlet lysa over deg
og vere deg nådig!
26 Herren lyfte sitt andlet mot deg
og gje deg fred!
27Dei skal setja mitt namn på israelittane, og eg vil velsigna dei.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).


Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk

Oppmuntrer og utfordrer deg til å søke nærhet med Gud hver dag.


YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt, godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vårpersonvernerklæring.