4. Mosebok 34

34
Israels grenser
1 Herren sa til Moses: 2#2 Mos 23,31; 5 Mos 11,24; Jos 1,4; 13–19; Esek 47,13ff Dette skal du påleggja israelittane, dette skal du seia til dei: Når de kjem inn i Kanaan-landet, då er dette det landet de får til eige, landet Kanaan frå grense til grense.
3 # Jos 15,1ff # 34,3 Saltsjøen Daudehavet. Jf. 1 Mos 14,3. På sørsida skal de ha frå Sin-ørkenen langsmed Edom. De skal ha grense mot sør frå enden av Saltsjøen mot aust. 4#34,4 Akrabbim-skardet i Negev, sørvest for Daudehavet. Grensa skal svinga sørom Akrabbim-skardet og halda fram til Sin. Så skal ho gå sør for Kadesj-Barnea til Hasar-Addar og derifrå over til Asmon. 5#34,5 Egyptarbekken sørvest for Filistarlandet, grenseelv mellom Israel og Egypt. Frå Asmon skal grensa svinga ned til Egyptarbekken og enda ute ved havet.
6I vest skal de ha Storhavet til grense. Det skal vera grensa dykkar mot vest.
7 # 34,7 Hor-fjellet nær Kanaans grense i nord. Eit anna fjell med same namnet låg langt i sør, ved Edoms grense. Aron døydde der, jf. 20,22ff; 33,37ff. I nord skal dette vera grensa dykkar: Frå Storhavet skal de trekkja grensa opp til Hor-fjellet 8#13,21 og frå Hor-fjellet til Lebo-Hamat. Grensa skal enda ute ved Sedad. 9Så skal grensa halda fram til Sifron og enda ved Hasar-Enan. Det skal vera grensa dykkar mot nord.
10I aust skal de dra opp grensa frå Hasar-Enan til Sjefam. 11Frå Sjefam skal grensa gå ned til Ribla, austafor Ajin, og så nedover til ho når fjellryggen på austsida av Kinneret-sjøen. 12Så skal ho følgja Jordan og enda nedmed Saltsjøen. Dette skal vera landet dykkar, med desse grensene omkring.
13Moses sa til israelittane: Dette er det landet de skal få til eigedom ved loddkasting, det Herren har gjeve påbod om at dei ni stammane og den eine halve stammen skal få. 14#32,33 For Ruben-stammen med familiar, Gad-stammen med familiar og halvparten av Manasse-stammen har alt teke sine eigedomar. 15Desse to stammane og den eine halve stammen har teke sin eigedom på andre sida av Jordan, rett imot Jeriko, på austsida, mot soloppgangen.
Dei som skal fordela landet
16 Herren sa til Moses: 17Her er namna på dei mennene som skal skifta landet mellom dykk: presten Elasar og Josva, son til Nun, 18og så skal de ta ut ein leiar for kvar stamme til å fordela landet. 19Her er namna på desse mennene: for Juda-stammen Kaleb, son til Jefunne; 20for Simon-stammen Samuel, son til Ammihud; 21for Benjamin-stammen Elidad, son til Kislon; 22for Dan-stammen ein leiar, Bukki, son til Jogli; 23for Josefs etterkomarar ein leiar av Manasse-stammen, Hanniel, son til Efod, 24og ein leiar av Efraim-stammen, Kemuel, son til Sjiftan; 25for Sebulon-stammen ein leiar, Elisafan, son til Parnak; 26for Jissakar-stammen ein leiar, Paltiel, son til Assan; 27for Asjer-stammen ein leiar, Ahihud, son til Sjelomi, 28og for Naftali-stammen ein leiar, Peda'el, son til Ammihud. 29Det var desse Herren påla å fordela Kanaan-landet mellom israelittane.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring