4. Mosebok 26
N11NN

4. Mosebok 26

26
1sa Herren til Moses og presten Elasar, son til Aron: 2«Tel opp heile Israelsfolket, familie for familie, alle stridsføre menn i Israel som er tjue år eller meir!» 3Då sa Moses og presten Elasar frå om dette på slettene i Moab, ved Jordan, midt for Jeriko. Dei sa: 4#1,1ff «– alle som er tjue år eller meir, slik Herren har pålagt Moses!»
Dette er etterkomarane av dei israelittane som drog ut frå Egypt: 5#2 Mos 6,14; 1 Krøn 5,3 Ruben, Israels førstefødde, og Rubens etterkomarar: Frå Henok kjem Henok-slekta, frå Pallu Pallu-slekta, 6frå Hesron Hesron-slekta og frå Karmi Karmi-slekta. 7Det var Ruben-slektene, og av dei vart 43 730 mønstra.
8Son til Pallu var Eliab, 9#16,1ff; Sal 106,16ff og sønene til Eliab var Nemuel, Datan og Abiram. Det var Datan og Abiram, menn som var utvalde frå forsamlinga, som gjorde opprør mot Moses og Aron den gongen Korahs forsamling sette seg opp mot Herren. 10Jorda opna gapet og slukte både dei og Korah då forsamlinga hans omkom, den gongen elden gjorde ende på to hundre og femti mann. Dei vart eit teikn til åtvaring. 11Men sønene til Korah mista ikkje livet.
12 # 1 Mos 46,10; 1 Krøn 4,24ff Dette er etterkomarane av Simon, slekt for slekt: Frå Nemuel kjem Nemuel-slekta, frå Jamin Jamin-slekta, frå Jakin Jakin-slekta, 13frå Serah Serah-slekta og frå Saul Saul-slekta. 14Det var Simon-slektene, 22 200 i talet.
15 # 1 Mos 46,16; 1 Krøn 5,11ff Dette er etterkomarane av Gad, slekt for slekt: Frå Sefon kjem Sefon-slekta, frå Haggi Haggi-slekta, frå Sjuni Sjuni-slekta, 16frå Osni Osni-slekta, frå Eri Eri-slekta, 17frå Arod Arod-slekta og frå Areli Areli-slekta. 18Det var slektene til Gad-sønene, og talet på dei som vart mønstra, var 40 500.
19 # 1 Mos 38,3ff; 1 Krøn 2,3ff; 4,1ff Sønene til Juda var Er og Onan. Dei døydde i Kanaan. 20Dette er etterkomarane av Juda, slekt for slekt: Frå Sjela kjem Sjela-slekta, frå Peres Peres-slekta og frå Serah Serah-slekta. 21#Rut 4,18; 1 Krøn 2,5 Dette er etterkomarane av Peres: Frå Hesron kjem Hesron-slekta og frå Hamul Hamul-slekta. 22Det var Juda-slektene, og talet på dei som vart mønstra, var 76 500.
23 # 1 Mos 46,13; 1 Krøn 7,1ff Etterkomarane av Jissakar, slekt for slekt: Frå Tola kjem Tola-slekta, frå Puvva Puvva-slekta, 24frå Jasjub Jasjub-slekta og frå Sjimron Sjimron-slekta. 25Det var Jissakar-slektene, og talet på dei som vart mønstra, var 64 300.
26 # 1 Mos 46,14 Etterkomarane av Sebulon, slekt for slekt: Frå Sered kjem Sered-slekta, frå Elon Elon-slekta og frå Jahleel Jahleel-slekta. 27Det var Sebulon-slektene, og talet på dei som vart mønstra, var 60 500.
28Etterkomarane av Josef, slekt for slekt, Manasse og Efraim: 29#1 Krøn 7,14ff Dette er etterkomarane av Manasse: Frå Makir kjem Makir-slekta og frå Gilead Gilead-slekta. Makir var far til Gilead. 30#Jos 17,2 Og dette er etterkomarane av Gilead: Frå Jeser kjem Jeser-slekta, frå Helek Helek-slekta, 31frå Asriel Asriel-slekta, frå Sikem Sikem-slekta, 32frå Sjemida Sjemida-slekta og frå Hefer Hefer-slekta. 33#27,1; 36,11 Selofhad, son til Hefer, hadde ingen søner, berre døtrer. Namna på døtrene til Selofhad var Mahla, Noa, Hogla, Milka og Tirsa. 34Det var Manasse-slektene, og talet på dei som vart mønstra, var 52 700.
35 # 1 Krøn 7,20ff Dette er etterkomarane av Efraim, slekt for slekt: Frå Sjutelah kjem Sjutelah-slekta, frå Beker Beker-slekta og frå Tahan Tahan-slekta. 36Dette er etterkomarane av Sjutelah: Frå Eran kjem Eran-slekta. 37Det var slektene til Efraim-sønene, og talet på dei som vart mønstra, var 32 500. Det var etterkomarane av Josef, slekt for slekt.
38 # 1 Krøn 7,6ff; 8,1ff Dette er etterkomarane av Benjamin, slekt for slekt: Frå Bela kjem Bela-slekta, frå Asjbel Asjbel-slekta, frå Ahiram Ahiram-slekta, 39frå Sjufam Sjufam-slekta og frå Hufam Hufam-slekta. 40Bela hadde desse etterkomarane: Ard og Naaman. Frå Ard kjem Ard-slekta og frå Naaman Naaman-slekta. 41Det var etterkomarane av Benjamin, slekt for slekt, og talet på dei som vart mønstra, var 45 600.
42 # 1 Mos 46,23 Dette er etterkomarane av Dan, slekt for slekt: Frå Sjuham kjem Sjuham-slekta. Det var Dan-slektene, slekt for slekt. 43Talet på dei som høyrde Sjuham-slektene til, var 64 400.
44 # 1 Krøn 7,30ff Dette er etterkomarane av Asjer, slekt for slekt: Frå Jimna kjem Jimna-slekta, frå Jisjvi Jisjvi-slekta, frå Beria Beria-slekta. 45Etterkomarane av Beria er: frå Heber Heber-slekta og frå Malkiel Malkiel-slekta. 46Asjers dotter heitte Sera. 47Det var slektene til Asjer-sønene, og talet på dei som vart mønstra, var 53 400.
48 # 1 Krøn 7,13 Dette er etterkomarane av Naftali, slekt for slekt: Frå Jahseel kjem Jahseel-slekta, frå Guni Guni-slekta, 49frå Jeser Jeser-slekta og frå Sjillem Sjillem-slekta. 50Det var Naftali-slektene, slekt for slekt, og talet på dei som vart mønstra, var 45 400. 51#2 Mos 12,37 Dette var dei av israelittane som vart mønstra, 601 730 i alt.
52 Herren sa til Moses: 53«Mellom desse skal landet fordelast til odel og eige, etter folketalet. 54#33,54 Til dei talrike skal du gje ein stor eigedom og til dei fåtalige ein mindre. Kvar stamme skal få eigedom etter kor mange som vart mønstra. 55Landet skal delast ved loddkasting. Dei skal få arvedel etter namna på stammane til fedrane deira. 56Etter som loddet fell, skal kvar stamme, stor eller liten, få sin eigedom.»
57 # 2 Mos 6,16ff; 4 Mos 3,17ff; 1 Krøn 6,1ff Dette er dei levittane som vart mønstra, slekt for slekt: frå Gersjon Gersjon-slekta, frå Kehat Kehat-slekta og frå Merari Merari-slekta. 58Desse slektene kjem frå levittane: Libni-slekta, Hebron-slekta, Mahli-slekta, Musji-slekta og Korah-slekta. Kehat fekk sonen Amram; 59#2 Mos 2,1ff; 6,20ff; 1 Krøn 6,2f kona til Amram heitte Jokebed. Ho var dotter til Levi og var fødd i Egypt. Ho fødde Amram sønene Aron og Moses og syster deira, Mirjam. 60Aron fekk sønene Nadab, Abihu, Elasar og Itamar. 61#3 Mos 10,1f Men Nadab og Abihu døydde då dei bar uvigsla eld fram for Herren. 62Talet på levittane var 23 000 når alle menn og alle gutar som var meir enn ein månad gamle, var medrekna. Levittane vart ikkje mønstra saman med dei andre israelittane, fordi dei ikkje fekk nokon eigedom som dei andre israelittane.
63Dette er dei som vart mønstra då Moses og presten Elasar mønstra israelittane på slettene i Moab, ved Jordan, midt for Jeriko. 64#1,2ff Blant desse var det ingen att av dei som vart mønstra den gongen Moses og presten Aron mønstra israelittane i Sinai-ørkenen. 65#14,22–24.29–33; 32,11f; 1 Kor 10,5 For Herren hadde sagt til dei at dei skulle døy i ørkenen. Av dei var det ingen annan att enn Kaleb, son til Jefunne, og Josva, son til Nun.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk