4. Mosebok 18
N11NN

4. Mosebok 18

18
Teneste og løn for prestar og levittar
1 # 8,19; 18,23 Herren sa til Aron: Du og sønene dine og slekta til far din etter deg skal bera straffa for synder mot heilagdomen. Du og dine søner etter deg skal bera straffa for synder mot prestetenesta dykkar. 2#3,6–9#18,2 teltet med vitnemålet >1,50. Jf. 9,15. Brørne dine, Levi-stammen, stammen til far din, skal du òg ta med deg. Dei skal vera knytte til deg og hjelpa deg når du og sønene dine står framfor teltet med vitnemålet. 3Dei skal gjera teneste for deg og vakta heile teltet. Men dei må ikkje koma nær det heilage utstyret eller altaret. For då skal de døy, både de og dei. 4Dei skal vera knytte til deg og halda vakt over teltheilagdomen og alt arbeidet i teltet. Ingen framand må koma dykk nær. 5#1,53 De skal halda vakt ved heilagdomen og ved altaret, slik at vreide ikkje skal koma over israelittane.
6 # 3,9.12; 8,16 Sjå, det er eg som tek ut brørne dykkar, levittane, frå dei andre israelittane. Dei er ei gåve til dykk og overgjevne til Herren for å gjera arbeid i teltheilagdomen. 7#1,51; 3,10.38 Du og sønene dine skal ta dykk av prestetenesta. Alt som skal gjerast ved altaret og innanfor forhenget, skal de gjera. Eg gjev dykk prestetenesta i gåve. Men ein framand som gjer tenesta, skal døy.
8 # 3 Mos 2,3; 10,13.17; 24,9 Herren sa til Aron: Sjå, eg gjev deg ansvaret for alle offergåvene eg får. Alle dei heilage gåvene frå israelittane gjev eg deg og sønene dine som dykkar del. Dette skal vera ei evig forskrift. 9#18,9 dei høgheilage offera Her blir det skilt mellom to slag offer: dei høgheilage gåvene, som berre menn av presteslekt kunne eta (v. 9f), og dei heilage gåvene, som alle i huset til presten kunne eta (v. 11). Av alle dei høgheilage offera som blir tekne ut av elden, skal dette høyra deg til: Alle deira offer, alle grødeoffera, syndoffera og skuldoffera, det dei ber fram for meg som høgheilage offer, alt dette skal høyra deg og sønene dine til. 10#3 Mos 6,11.22; 7,6 I det høgheilage skal du eta det. Berre menn skal eta det. Det skal vera heilagt for deg. 11#3 Mos 22,11#18,11 svingar >6,20. Av offergåvene som israelittane gjev, skal dette òg høyra deg til: Alle offer som dei svingar, gjev eg deg og sønene og døtrene dine som ei evig forskrift. Alle i huset ditt som er reine, kan eta av dei.
12Alt det beste av fin olje og ny vin og korn, det første som dei ofrar til Herren, gjev eg deg. 13Førstegrøda av alt som veks i landet, og som dei kjem til Herren med, skal vera ditt. Alle i huset ditt som er reine, kan eta av det. 14#3 Mos 27,28 Alt som er bannlyst i Israel, skal du òg ha. 15#2 Mos 13,12f; 34,19 Alt som opnar morslivet, alt av kjøt og blod som dei ber fram for Herren, både menneske og dyr, skal høyra deg til. Men det som er førstefødd av menneske, og det som er førstefødd av ureine dyr, skal du la dei løysa ut. 16#18,16 fem sjekel ca. 60 g. Løysesummen gjeld frå dei er ein månad gamle, og verdien du gjev dei, skal vera fem sjekel sølv etter vekta i heilagdomen. Der er ein sjekel tjue gera. 17Men dei førstefødde av kyr, sauer og geiter kan du ikkje løysa ut; dei er heilage. Blodet deira skal du stenka på altaret, og feittet skal du brenna. Det skal vera eit gåveoffer til godange for Herren. 18Men kjøtet skal høyra deg til, saman med brystet som blir svinga, og det høgre låret. 19#18,19 saltpakt Saltet har vernande kraft og kan stå som bilete på at pakta er evig og ubrytande. Jf. 3 Mos 2,13; 2 Krøn 13,5. Alle heilage gåver som israelittane kjem fram for Herren med, gjev eg deg og sønene og døtrene dine som ei evig forskrift. Dette er ei evig saltpakt for Herrens andlet for deg og di ætt saman med deg.
20 # 5 Mos 10,9; 12,12; Jos 13,14.33; Esek 44,28 Herren sa til Aron: I landet deira får du ingen eigedom til arv; ingen del skal du ha mellom dei. Eg er din arv og del mellom israelittane. 21#3 Mos 27,30 Men eg lèt levittane få all tienda i Israel til arv. Det får dei som løn for arbeidet sitt, for tenesta ved teltheilagdomen. 22#17,13 Dei andre israelittane må aldri meir koma nær teltheilagdomen, så dei ikkje fører skuld over seg og må døy. 23Det er levittane som skal gjera teneste ved teltheilagdomen og bera straffa for deira synder. Dette er ei evig ordning gjennom alle slekter.
Men mellom israelittane skal dei ikkje ha jordeigedom til arv. 24#Neh 10,37f For det er tienda, den offergåva som israelittane kjem fram for Herren med, eg lèt levittane få til arv. Difor har eg sagt til dei at dei ikkje får jordeigedom til arv mellom israelittane.
25 Herren sa til Moses: 26Du skal tala til levittane og seia til dei: Når de tek imot tiend frå israelittane, den delen som eg lèt dykk få frå dei, den som er dykkar i staden for jordeigedom, då skal de ta ein tiandepart av tienda og gje som offergåve til Herren. 27#2 Mos 22,29 Denne gåva skal reknast for dykkar gåve på same måten som med kornet frå treskjevollen og vinen frå vinpressa. 28På den måten skal de òg bera fram gåver til Herren av all tienda de får frå israelittane. Og den delen av tienda som Herren skal ha, skal de gje til Aron, presten. 29Av alle gåvene de får, skal de bera fram for Herren det han skal ha. Den beste delen av kvar gåve skal de helga til han.
30 # 18,27 Du skal seia til dei: Når de ber fram det beste til Herren, skal det reknast for levittane som likt med avlinga frå treskjeplass og vinpresse. 31#1 Kor 9,13 De kan eta det kvar de vil, de og familiane dykkar. Det er løna de får for tenesta ved teltheilagdomen. 32Når de ber fram det beste av tienda, fører de ikkje skuld over dykk. Då vanhelgar de ikkje dei heilage gåvene frå israelittane, og de skal ikkje døy.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk