4. Mosebok 11
N11NN

4. Mosebok 11

11
Folket klagar, og Gud gjev dei mat
1 # 3 Mos 10,2; 4 Mos 11,33; 2 Kong 1,10 Folket tok til å klaga bittert til Herren. Då Herren høyrde det, vart vreiden hans tend. Herrens eld flamma opp mellom dei og herja i utkanten av leiren. 2#Am 7,5 Folket ropa til Moses, og Moses bad til Herren. Då slokna elden. 3#5 Mos 9,22#11,3 Tabera Namnet får her tydinga «brannstad». Den staden kalla dei Tabera, fordi Herrens eld hadde flamma opp mellom dei der.
4 # 2 Mos 12,38; 16,3; Sal 106,14; 1 Kor 10,10 # 11,4 Rakkarpakket uvanleg hebr. uttrykk, kanskje nytta om framande som var komne med ved utmarsjen frå Egypt. Rakkarpakket som følgde med dei, var umetteleg. Då tok israelittane òg til å jamra seg att. «Kven kan gje oss kjøt å eta?» sa dei. 5«Vi minnest fisken vi fritt kunne eta i Egypt, og agurkane, melonane og purren, lauken og kvitlauken. 6No visnar vi bort, for her har vi ingen ting. Auga våre ser ikkje anna enn manna.»
7 # 11,7 korianderfrø Jf. 2 Mos 16,31. bedolah-kvae eit slag velluktande harpiks. Mannaen likna korianderfrø og såg ut som bedolah-kvae. 8Folket sprang utover og sanka. Dei mol han på handkvern eller støytte han i mortar. Så kokte dei han i gryte og laga kaker av han. Smaken var som smaken av kaker baka med olje. 9#2 Mos 16,13f Når dogga fall over leiren om natta, fall mannaen med.
10Moses høyrde folket jamra seg, den eine familien etter den andre, kvar frå inngangen til sitt eige telt. Då flamma Herrens vreide opp. Moses syntest det var ille. 11Moses sa til Herren: Kvifor gjer du tenaren din så vondt? Kvifor finn eg ikkje nåde for auga dine? Du legg børa av heile folket på meg! 12Er det eg som har unnfanga heile dette folket? Er det eg som har fødd det, sidan du seier: Ber det ved brystet, slik ei amme ber eit spedbarn, heilt fram til landet du med eid har lova fedrane deira! 13Kvar skal eg få kjøt frå til heile dette folket når dei jamrar seg og seier til meg: «Gjev oss kjøt å eta!» 14Eg maktar ikkje å bera heile dette folket åleine. Det er for tungt for meg. 15Er det slik du vil laga det for meg, så drep meg heller med ein gong, så sant eg har funne nåde for auga dine. Lat meg sleppa å sjå mi eiga ulukke!
16Då sa Herren til Moses: Kall saman for meg sytti mann av dei eldste i Israel, dei du veit er eldste og tilsynsmenn i folket. Ta dei med til teltheilagdomen og lat dei stilla seg der saman med deg! 17#11,14 Eg skal koma ned og tala med deg der. Eg skal ta av den anden som er over deg, og leggja over på dei. Dei skal bera børa av folket saman med deg, så du ikkje treng bera åleine. 18#2 Mos 19,10 Til folket skal du seia: Helga dykk til i morgon, så skal de få kjøt å eta. For Herren har høyrt at de har jamra og sagt: «Kven kan gje oss kjøt å eta? Vi hadde det betre i Egypt.» No skal Herren gje dykk kjøt. 19Ikkje éin dag skal de eta det, og ikkje to, ikkje fem dagar eller ti dagar eller tjue dagar, 20men ein heil månad, heilt til det kjem ut or naseborene på dykk og byd dykk imot. For de vraka Herren som er midt imellom dykk. De jamra dykk for hans andlet og sa: «Kvifor drog vi ut frå Egypt?»
21Då sa Moses: «Det folket eg har med meg, tel 600 000 mann til fots. Og så seier du: Eg skal gje dei kjøt så dei kan eta ein heil månad. 22Skal vi slakta så mykje småfe og storfe at det rekk til for dei? Eller skal vi samla all fisken i havet, så dei får nok?»
23 # Jes 50,2; 59,1 Herren sa til Moses: «Er Herrens arm for veik? No skal du sjå om det går som eg har sagt, eller ikkje.»
24Så gjekk Moses ut og fortalde folket kva Herren hadde sagt. Han samla sytti mann av dei eldste i folket og bad dei stå omkring teltet. 25#12,5; 14,10; 1 Sam 10,5f; Joel 3,1; Apg 2,11 Då steig Herren ned i ei sky og tala til han. Han tok av den anden som var over Moses, og gav til dei sytti eldste. Og då anden kvilte over dei, tala dei profetisk. Men dei heldt ikkje fram med det.
26To av mennene hadde vorte att i leiren, den eine heitte Eldad og den andre Medad. Over dei òg kvilte anden, for dei var mellom dei oppskrivne, men hadde ikkje gått ut til teltet. Dei profeterte i leiren. 27#Mark 9,38f Då sprang ein gut av stad og fortalde til Moses: «Eldad og Medad profeterer i leiren!» 28Josva, son til Nun, som hadde vore tenar hos Moses sidan han var ung, sa då: «Moses, min herre, stans dei!» 29#1 Kor 14,5 Men Moses svara: «Er du sjalu på mine vegner? Gjev alt Herrens folk var profetar! Måtte Herren gje dei alle sin Ande!» 30Så gjekk Moses tilbake til leiren saman med Israels eldste.
31 # 11,31 vaktlar små trekkfuglar som kjem i store flokkar. to alner ca. 1 m. Då kom ein vind frå Herren som førte vaktlar inn frå havet i ei høgd på omkring to alner over bakken. Vinden strødde dei ut omkring leiren, så langt som ei dagsreise på den eine sida og ei dagsreise på den andre. 32#11,32 ti homer ca. 3640 l. Folket samla vaktlar heile den dagen og heile natta og heile dagen etter. Dei som sanka minst, sanka ti homer. Og dei la dei utover kring heile leiren.
33 # Sal 78,30f Medan kjøtet enno var mellom tennene på dei, før det var togge ferdig, flamma Herrens vreide opp mot folket. Han slo dei med ein frykteleg pest. 34#11,34 Kibrot-Hattaava hebr. for «grådigskaps-graver». Denne staden kalla dei Kibrot-Hattaava, for der gravla folket dei som hadde vore grådige.
35 # 33,16f Frå Kibrot-Hattaava drog folket til Haserot, og i Haserot vart dei verande ei tid.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).


Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk

Oppmuntrer og utfordrer deg til å søke nærhet med Gud hver dag.


YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt, godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vårpersonvernerklæring.