4. Mosebok 1

1
Folketeljing i ørkenen
1 Herren tala til Moses i teltheilagdomen i Sinai-ørkenen. Det var på den første dagen i den andre månaden i det andre året etter at dei drog ut frå Egypt. Han sa:
2 # 26,2–51 Tel opp heile Israels forsamling, slekt for slekt og familie for familie, og skriv opp namna på alle menn, hovud for hovud. 3Du og Aron skal mønstra alle stridsføre i Israel som er tjue år eller meir, hæravdeling for hæravdeling. 4Ta med dykk éin mann for kvar stamme, han som er leiar for familiane. 5Dette er namna på dei mennene som skal stå saman med dykk: Frå Ruben: Elisur, son til Sjede'ur; 6frå Simon: Sjelumiel, son til Surisjaddai; 7#Rut 4,19f; Matt 1,4 frå Juda: Nahsjon, son til Amminadab; 8frå Jissakar: Netanel, son til Suar; 9frå Sebulon: Eliab, son til Helon; 10frå Josef-sønene, frå Efraim: Elisjama, son til Ammihud, og frå Manasse: Gamliel, son til Pedasur; 11frå Benjamin: Abidan, son til Gidoni; 12frå Dan: Ahieser, son til Ammisjaddai; 13frå Asjer: Pagiel, son til Okran; 14frå Gad: Eljasaf, son til De'uel; 15frå Naftali: Ahira, son til Enan. 16#1,16 tusen Hebr. alef tyder både «tusen» og «klan», «hæravdeling». Dette er dei utvalde frå forsamlinga, leiarane for fedrestammane deira, overhovuda for Israels tusen.
17Moses og Aron tok med seg desse mennene som var nemnde med namn. 18Så kalla dei heile forsamlinga saman, den første dagen i den andre månaden. Alle som var tjue år eller meir, vart innførte i namnelister etter slekter og familiar, hovud for hovud. 19Moses mønstra folket i Sinai-ørkenen, slik Herren hadde pålagt han.
20Etterkomarane av Ruben, Israels førstefødde, vart innførte i listene, slekt for slekt og familie for familie. Alle stridsføre som var tjue år eller meir, vart innskrivne, hovud for hovud. 2146 500 vart mønstra i Ruben-stammen.
22Etterkomarane av Simon vart innførte i listene, slekt for slekt og familie for familie. Alle stridsføre som var tjue år eller meir, vart mønstra, hovud for hovud. 2359 300 vart mønstra i Simon-stammen.
24Etterkomarane av Gad vart innførte i listene, slekt for slekt og familie for familie. Alle stridsføre som var tjue år eller meir, vart innskrivne. 2545 650 vart mønstra i Gad-stammen.
26Etterkomarane av Juda vart innførte i listene, slekt for slekt og familie for familie. Alle stridsføre som var tjue år eller meir, vart innskrivne. 2774 600 vart mønstra i Juda-stammen.
28Etterkomarane av Jissakar vart innførte i listene, slekt for slekt og familie for familie. Alle stridsføre som var tjue år eller meir, vart innskrivne. 2954 400 vart mønstra i Jissakar-stammen.
30Etterkomarane av Sebulon vart innførte i listene, slekt for slekt og familie for familie. Alle stridsføre som var tjue år eller meir, vart innskrivne. 3157 400 vart mønstra i Sebulon-stammen.
32Etterkomarane av Efraim, son til Josef, vart innførte i listene, slekt for slekt og familie for familie. Alle stridsføre som var tjue år eller meir, vart innskrivne. 3340 500 vart mønstra i Efraim-stammen.
34Etterkomarane av Manasse vart innførte i listene, slekt for slekt og familie for familie. Alle stridsføre som var tjue år eller meir, vart innskrivne. 3532 200 vart mønstra i Manasse-stammen.
36Etterkomarane av Benjamin vart innførte i listene, slekt for slekt og familie for familie. Alle stridsføre som var tjue år eller meir, vart innskrivne. 3735 400 vart mønstra i Benjamin-stammen.
38Etterkomarane av Dan vart innførte i listene, slekt for slekt og familie for familie. Alle stridsføre som var tjue år eller meir, vart innskrivne. 3962 700 vart mønstra i Dan-stammen.
40Etterkomarane av Asjer vart innførte i listene, slekt for slekt og familie for familie. Alle stridsføre som var tjue år eller meir, vart innskrivne. 4141 500 vart mønstra i Asjer-stammen.
42Etterkomarane av Naftali vart innførte i listene, slekt for slekt og familie for familie. Alle stridsføre som var tjue år eller meir, vart innskrivne. 4353 400 vart mønstra i Naftali-stammen.
44Dette er dei som vart mønstra av Moses og Aron og leiarane for Israel. Leiarane var tolv mann, éin for kvar slekt. 45Israelittane vart mønstra, familie for familie, alle stridsføre i Israel som var tjue år eller meir. 46#2 Mos 12,37; 38,26; 4 Mos 2,32f I alt var det 603 550 som vart mønstra.
47Men levittane vart ikkje mønstra etter fedrestammen sin saman med dei andre. 48For Herren hadde sagt til Moses: 49Berre Levi-stammen skal du ikkje mønstra. Dei skal du ikkje telja saman med dei andre israelittane! 50#1,50 bustaden for vitnemålet heilagdomen der paktkista og vitnemålet, dei to steintavlene, var. Jf. 2 Mos 38,21; 4 Mos 9,15. =Guds bustad. Men du skal setja levittane til å ha tilsyn med bustaden for vitnemålet, med alle tinga der og alt som høyrer til. Dei skal bera bustaden og alle tinga som er i han, og gjera teneste i bustaden, og dei skal slå leir kring han. 51#3,10.38; 18,7#1,51 bustaden hebr. misjkan. Nemning for heilagdomen, der Gud bur og er nær. Når bustaden skal flyttast, skal levittane ta han ned. Og når han skal reisast, skal levittane setja han opp. Om ein framand kjem nær han, skal han døy. 52#2,2f Israelittane skal slå leir, hæravdeling for hæravdeling, kvar mann i sin leir og under sitt banner. 53Men levittane skal slå leir kring vitnemålsbustaden, så ikkje vreide skal koma over Israels forsamling. Levittane skal ha tilsyn med vitnemålsbustaden.
54Dette gjorde israelittane. Alt Herren hadde gjeve Moses påbod om, gjorde dei.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring