Nehemja 12
N11NN

Nehemja 12

12
Prestar og levittar
1Dette er dei prestane og levittane som drog opp saman med Serubabel, son til Sjealtiel, og Josva: Seraja, Jeremia, Esra, 2Amarja, Malluk, Hattusj, 3Sjekanja, Rehum, Meremot, 4Iddo, Ginnetoi, Abia, 5Mijamin, Maadja, Bilga, 6Sjemaja, Jojarib, Jedaja, 7Sallu, Amok, Hilkia og Jedaja. Desse var leiarar for prestane og brørne deira i Josvas dagar.
8Dette er levittane: Josva, Binnui, Kadmiel, Sjerebja, Juda og Mattanja, som saman med brørne sine stod for takkesongen. 9Bakbukja, Unni og brørne deira stod midt imot dei når dei hadde teneste.
10Josva fekk sonen Jojakim, Jojakim fekk Eljasjib, Eljasjib fekk Jojada, 11Jojada fekk Jonatan, og Jonatan fekk Jaddua.
12I Jojakims dagar var desse leiarar for prestefamiliane: Meraja for Seraja, Hananja for Jeremia, 13Mesjullam for Esra, Johanan for Amarja, 14Jonatan for Malluk, Josef for Sjebanja, 15Adna for Harim, Helkai for Merajot, 16#Esra 5,1 Sakarja for Iddo, Mesjullam for Ginneton, 17#12,17 for Minjamin Namnet på leiaren manglar. Sikri for Abia, for Minjamin, Piltai for Moadja, 18Sjammua for Bilga, Jonatan for Sjemaja, 19Mattenai for Jojarib, Ussi for Jedaja, 20Kallai for Sallai, Eber for Amok, 21Hasjabja for Hilkia og Netanel for Jedaja.
22I Eljasjibs, Jojadas, Johanans og Jadduas dagar vart leiarane for levittfamiliane og prestefamiliane oppskrivne, heilt til persaren Dareios si regjeringstid.
23Leiarane for levittfamiliane vart oppskrivne i krønikeboka heilt til dagane til Johanan, son til Eljasjib. 24#1 Krøn 25,1ff Leiarane for levittane var Hasjabja, Sjerebja, Josva, Binnui og Kadmiel. Brørne deira stod midt imot dei, vakt etter vakt. Dei lovprisa og takka, slik David, Guds mann hadde gjeve bod om. 25Mattanja, Bakbukja, Obadja, Mesjullam, Talmon og Akkub var portvakter. Dei heldt vakt over lagerromma ved portane. 26Alle desse levde samtidig med Jojakim, son til Josva, son til Josadak, og samtidig med statthaldaren Nehemja og presten Esra, den skriftlærde.
Muren omkring Jerusalem blir innvigd
27 # Esra 6,16 Då muren omkring Jerusalem skulle innviast, bad dei levittane frå alle stader koma til Jerusalem for å feira vigsla med glede og takk, med song og symbalar, harper og lyrer. 28Songarane samla seg. Dei kom frå områda rundt Jerusalem og frå landsbyane til Netofa-slekta, 29frå Bet-Haggilgal og frå markene ved Geba og Asmavet. For songarane hadde bygd seg landsbyar rundt Jerusalem.
30Prestane og levittane reinsa seg sjølve, så reinsa dei folket, portane og muren. 31Eg lét leiarane i Juda stiga opp på muren og stilte så opp to store takkekor. Det eine gjekk til høgre på muren mot Møkkporten. 32Etter dei følgde Hosjaja og halvparten av leiarane i Juda, 33og Asarja, Esra, Mesjullam, 34Juda, Benjamin, Sjemaja og Jeremia, 35og nokre av prestane med trompetar. Det var Sakarja, son til Jonatan, son til Sjemaja, son til Mattanja, son til Mikaja, son til Sakkur, son til Asaf, 36og brørne hans, Sjemaja, Asarel, Milalai, Gilalai, Maai, Netanel, Juda og Hanani, med musikkinstrumenta til David, Guds mann, og Esra, den skriftlærde, som gjekk føre dei. 37Dei gjekk over til Kjeldeporten og opp trappene til Davidsbyen, til trappa der muren går opp til Davids hus, og fram til Vassporten i aust.
38Det andre takkekoret gjekk motsett veg, og eg følgde etter saman med halvparten av folket oppe på muren, forbi Omnstårnet og heilt til Den breie muren, 39forbi Efraim-porten, Gamleporten, Fiskeporten, Hananel-tårnet og Hundretårnet, til Saueporten. Dei stansa ved Vaktporten.
40Begge takkekora vart ståande ved Guds hus. Det same gjorde eg og halvparten av stormennene med meg, 41vidare prestane Eljakim, Maaseja, Minjamin, Mikaja, Eljoenai, Sakarja og Hananja med trompetar, 42Maaseja, Sjemaja, Elasar, Ussi, Johanan, Malkia, Elam og Eser. Songarane stemde i under leiing av Jisrahja. 43Dei bar fram store offer den dagen, og dei var glade, for Gud hadde gjeve dei ei stor glede. Kvinnene og borna var òg glade. Jerusalems glede kunne høyrast langt borte.
44 # 10,37; 13,5 På den dagen vart menn utpeika til å ha tilsyn med dei romma som var lager for gåvene, førstegrøda og tienda, det som etter lova vart samla frå bymarkene for prestane og levittane. Gleda i Juda var stor fordi prestane og levittane var i teneste igjen. 45#1 Krøn 24,1ff; 25,1ff; 26,1ff Dei hadde ansvar for tenesta for sin Gud og for reinsinga. Songarane og portvaktene gjorde si gjerning, slik David og Salomo, son hans, hadde gjeve bod om. 46For alt i David og Asaf sine dagar, for lenge sidan, var det nokre som leidde songarane, lovsongen og takka til Gud. 47#10,37ff I Serubabels og Nehemjas dagar gav heile Israel songarane og portvaktene den delen dei skulle ha kvar dag. Dei gav levittane den heilage gåva dei skulle ha, og levittane gav aronittane det dei skulle ha.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).


Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk