Nehemja 10
N11NN

Nehemja 10

10
1Dei som skreiv under, var: statthaldaren Nehemja, son til Hakalja, Sidkia, 2Seraja, Asarja, Jeremia, 3Pasjhur, Amarja, Malkia, 4Hattusj, Sjebanja, Malluk, 5Harim, Meremot, Obadja, 6Daniel, Ginneton, Baruk, 7Mesjullam, Abia, Mijamin, 8Maasja, Bilgai og Sjemaja. Dette var prestane.
9Levittane: Josva, son til Asanja, Binnui av Henadad-sønene, Kadmiel, 10og brørne deira: Sjebanja, Hodia, Kelita, Pelaja, Hanan, 11Mika, Rehob, Hasjabja, 12Sakkur, Sjerebja, Sjebanja, 13Hodia, Bani og Beninu.
14Leiarane for folket: Parosj, Pahat-Moab, Elam, Sattu, Bani, 15Bunni, Asgad, Bebai, 16Adonja, Bigvai, Adin, 17Ater, Hiskia, Assur, 18Hodia, Hasjum, Besai, 19Harif, Anatot, Nebai, 20Magpiasj, Mesjullam, Hesir, 21Mesjesabel, Sadok, Jaddua, 22Pelatja, Hanan, Anaja, 23Hosea, Hananja, Hasjub, 24Hallohesj, Pilha, Sjobek, 25Rehum, Hasjabna, Maaseja, 26Ahia, Hanan, Anan, 27Malluk, Harim og Baana.
28Resten av folket – prestane, levittane, portvaktene, songarane, tempeltenarane og alle dei som hadde skilt seg frå folka i landområda omkring for å halda seg til Guds lov, saman med kvinnene, sønene og døtrene deira, alle som var i stand til å skjøna 29#2 Kong 23,3 – alle slutta seg til sine fremste landsmenn og gjekk inn under eiden dei hadde svore om å følgja Guds lov som var gjeven ved Moses, Guds tenar. Dei ville halda alle boda frå Herren vår Gud, forskriftene og lovene hans, og leva etter dei:
30 # 2 Mos 34,15f Vi lovar at vi ikkje skal gje døtrene våre til folka i landet omkring og ikkje ta døtrene deira til koner for sønene våre. 31#2 Mos 20,8+; 5 Mos 15,1ff Når folka i landet kjem med varer eller korn av alle slag for å selja på sabbaten, skal vi ikkje kjøpa av dei, verken på sabbaten eller på andre heilage dagar. Kvart sjuande år skal vi la jorda liggja brakk og ettergje all gjeld. 32Vi tek på oss den plikta at vi kvart år skal gje ein tredjedels sjekel til tenesta i vår Guds hus, 33#3 Mos 24,5ff; 4 Mos 28,1ff#10,33 nymånedagane =festar og høgtider. til skodebrødet, det daglege grødeofferet og brennofferet, til offera på sabbatane, nymånedagane og høgtidene, til heilaggåvene og syndoffera til soning for Israel, og til alt arbeid som skal gjerast i vår Guds hus.
34 # 3 Mos 6,5f Vi, prestane, levittane og folket, skal kasta lodd om korleis vedofferet skal førast til vår Guds hus. Kvar familie skal, til fastsette tider kvart år, skaffa brensel til altaret for Herren vår Gud, slik det står skrive i lova.
35Kvart år skal vi koma til Herrens hus med den første grøda av jorda og den første frukta av alle slag tre, 36#2 Mos 13,2+ og med dei førstefødde av søner og av husdyr, slik det står skrive i lova, dei førstefødde av både storfe og småfe, og gje dei til vår Guds hus, til prestane som gjer teneste der. 37#4 Mos 18,21; 5 Mos 14,22 Det første av brøddeigen, som vi ofrar, av frukt frå kvart tre, av ny vin og fin olje skal vi koma til prestane med, til romma i vår Guds hus.
Vi skal gje tiend av jorda vår til levittane, og det er levittane som skal krevja inn tienda i alle byane der vi har arbeidet vårt. 38#4 Mos 18,26ff Ein aronittisk prest skal vera med levittane når dei krev inn tienda, og levittane skal sjølve gje ei tiend av tienda til vår Guds hus, til romma i lagerhuset. 39#2 Krøn 31,11f For både israelittane og levittane skal koma med offergåver av korn, ny vin og fin olje til desse romma. Der er utstyret som blir nytta i heilagdomen, og der er prestane som gjer teneste, portvaktene og songarane. Vi skal ikkje svikta vår Guds hus.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).


Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk