Matteus 28
N11NN

Matteus 28

28
Jesus står opp
(Mark 16,1–10; Luk 24,1–12; Joh 20,1–10)
1Då sabbaten var til ende og det tok til å lysna første dagen i veka, kom Maria Magdalena og den andre Maria for å sjå til grava. 2Då kom det brått eit kraftig jordskjelv, for ein Herrens engel steig ned frå himmelen, gjekk fram til grava, rulla steinen ifrå og sette seg på han. 3Han var som eit lyn å sjå til, og kleda hans var kvite som snø. 4Vaktmennene skalv av redsle for han og vart liggjande som døde. 5Men engelen tala til kvinnene og sa: «Ver ikkje redde! Eg veit at de leitar etter Jesus, den krossfeste. 6#12,40; 16,21+ Han er ikkje her; han er stått opp, som han sa. Kom og sjå staden der han låg! 7#26,32 Skund dykk av stad og sei til læresveinane hans: ‘Han er stått opp frå dei døde, og no går han føre dykk til Galilea; der skal de få sjå han.’ – No har eg sagt det til dykk.»
8Då skunda dei seg bort frå grava, redde, men jublande glade; og dei sprang av stad for å fortelja det til læresveinane. 9Og sjå, Jesus kom imot dei og sa: «Ver helsa!» Då gjekk dei fram, tok om føtene hans og tilbad han. 10#28,16f Og Jesus sa til dei: «Ver ikkje redde! Gå og sei til brørne mine at dei skal fara til Galilea. Der skal dei få sjå meg.»
Eit rykte mellom jødane
11Medan kvinnene var på vegen, kom nokre av vaktmennene inn til byen og fortalde overprestane alt det som hadde hendt. 12Overprestane og dei eldste kom då saman og la planar. Så gav dei soldatane mykje pengar 13#27,64 og sa til dei: «Sei at læresveinane hans kom om natta og stal han medan de sov. 14Og skulle landshovdingen få høyra om det, skal vi snakka med han, så de kan vera trygge.» 15Dei tok imot pengane og gjorde slik som det var sagt dei. Slik vart dette ryktet spreidd mellom jødane, og det har halde seg til denne dag.
Misjonsbodet
(Mark 16,15–16; Luk 24,47–48; Joh 20,21–23)
16 # 26,32 Men dei elleve læresveinane drog til Galilea, til det fjellet der Jesus hadde sagt han ville møta dei. 17Og då dei fekk sjå han, fall dei ned og tilbad han; men somme tvila. 18#11,27+; Ef 1,20ff Då steig Jesus fram og tala til dei: «Eg har fått all makt i himmelen og på jorda. 19#Apg 1,8 Gå difor og gjer alle folkeslag til læresveinar: Døyp dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage ande 20#2 Mos 3,12; Jos 1,5.9; Jes 41,10; 43,5; Matt 1,23; 18,20; Apg 18,10 og lær dei å halda alt det som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står.»

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk