Matteus 27

27
Rådet sender Jesus til Pilatus
(Mark 15,1; Luk 23,1)
1Då det vart morgon, tok dei eldste i folket og alle overprestane avgjerd om å få Jesus drepen. 2#Joh 18,28#27,2 landshovdingen Pilatus romersk embetsmann som styrte provinsen Judea 26–36 e.Kr. =rike. Dei batt han, førte han bort og gav han over til landshovdingen Pilatus.
Judas angrar og tek livet sitt
(Apg 1,18–19)
3 # 26,14f Då Judas, svikaren, såg at dei hadde dømt Jesus, angra han og gjekk tilbake til overprestane og dei eldste med dei tretti sølvpengane 4og sa: «Eg har synda. Eg sveik skuldlaust blod.» Men dei svara: «Kva kjem det oss ved? Det blir di sak.» 5Då kasta han pengane inn i tempelet og forlét staden. Og han gjekk bort og hengde seg.
6Men overprestane tok sølvpengane og sa: «Det er ikkje tillate å leggja dei i tempelkista; for det er blodpengar.» 7Så vart dei samde om å kjøpa Pottemakaråkeren for pengane og bruka han til gravstad for framande. 8#27,8 Blodåkeren etter tradisjonen lokalisert til sørsida av Hinnom-dalen. Jf. Jer 19,2. Difor heiter han Blodåkeren den dag i dag. 9#Jer 18,2f; 19,1f; 32,6ff; Sak 11,12f Då vart det oppfylt, det som er tala gjennom profeten Jeremia:
Dei tok dei tretti sølvstykka,
det som han var verdsett til,
han som Israels born lét verdsetja,
10 og gav dei for Pottemakaråkeren,
slik Herren baud meg.
Jesus for Pilatus
(Mark 15,2–15; Luk 23,1–5.13–25; Joh 18,33–40; 19,6–16)
11Så vart Jesus ført fram for landshovdingen. Og landshovdingen spurde han: «Er du kongen over jødane?» «Du seier det», svara Jesus. 12#Jes 53,7 Men då overprestane og dei eldste kom med skuldingane sine mot han, svara han ikkje. 13Då sa Pilatus til han: «Høyrer du ikkje alle vitnemåla mot deg?» 14Men Jesus svara han ikkje på noko av dette, så landshovdingen undra seg mykje.
15Kvar høgtid var landshovdingen van med å gje ein fange fri, den som folket ville ha. 16#27,16 Jesus Barabbas Nokre handskrifter har berre «Barabbas». Den gongen hadde dei ein velkjend fange som vart kalla {{Jesus}} Barabbas. 17Pilatus spurde no folket som hadde samla seg: «Kven vil de at eg skal gje dykk fri, {{Jesus}} Barabbas eller den Jesus som blir kalla Messias?» 18For han visste at det var av misunning dei hadde gjeve Jesus over til han.
19Medan Pilatus sat i dommarsetet, sende kona hans bod til han og sa: «Ha ikkje noko med denne rettferdige mannen å gjera. Eg har drøymt så vondt i natt for hans skuld.»
20Men overprestane og dei eldste overtala folket til å krevja Barabbas frigjeven og Jesus drepen. 21#Apg 3,13f Landshovdingen tok igjen til orde: «Kven av dei to vil de at eg skal gje dykk fri?» Dei svara: «Barabbas!» 22#27,22 Krossfest han ein særleg brutal avrettingsmåte som romarane brukte, særleg mot slavar og opprørarar. =dødsstraff. «Kva skal eg då gjera med Jesus, han som blir kalla Messias?» spurde Pilatus. Då svara dei alle: «Krossfest han!» 23«Kva vondt har han så gjort?» spurde han. Men dei skreik berre endå høgare: «Krossfest han!»
24 # 5 Mos 21,6f Då Pilatus såg at han ingen ting kunne gjera, men at ståket vart verre, tok han vatn, vaska hendene medan folket såg på, og sa: «Eg har inga skuld i blodet til denne mannen. Dette må de svara for.» 25#2 Sam 1,16; Apg 5,28 Og alt folket svara: «Lat blodet hans koma over oss og borna våre.»
26Då gav han dei Barabbas fri, men lét Jesus piska og gav han over til krossfesting.
Soldatane spottar Jesus
(Mark 15,16–20; Joh 19,2–3)
27 # 27,27 borga hovudkvarteret til landshovdingen når han var i Jerusalem. >Mark 15,16. vaktstyrken Romarane hadde ei eiga hæravdeling stasjonert i Jerusalem for å sikra ro og orden under dei store høgtidene. =vaktstyrken. Soldatane til landshovdingen tok no Jesus med seg inn i borga og samla heile vaktstyrken omkring han. 28#Luk 23,11 Dei kledde av han og hengde på han ei skarlaksraud soldatkappe, 29#27,29 kjepp ein parodi på eit kongeleg maktsymbol, septeret. fletta ei tornekrone og sette på hovudet hans og gav han ein kjepp i høgre handa. Dei fall på kne for han, spotta han og sa: «Ver helsa, du konge over jødane!» 30#Jes 50,6 Så spytta dei på han og tok kjeppen og slo han i hovudet. 31Då dei hadde hånt han, tok dei av han kappa og hadde på han hans eigne klede.
Jesus blir krossfest
(Mark 15,21–32; Luk 23,26–43; Joh 19,17–27)
Så førte dei Jesus bort for å krossfesta han. 32#27,32 bera krossen truleg tverrbjelken, som dødsdømde fangar måtte bera. >10,38. På vegen møtte dei ein mann frå Kyréne som heitte Simon, og han vart tvinga til å bera krossen. 33Då dei kom til ein stad som heiter Golgata – det tyder Hovudskallestaden – 34#27,34 vin … galle bedøvingsmiddel. Det var vanleg å gje dødsdømde ein døyvande drikk. gav dei Jesus vin blanda med galle. Men då han smaka på det, ville han ikkje drikka. 35#Sal 22,19 Så krossfeste dei han. Og dei kasta lodd om kleda hans og delte dei mellom seg. 36Sidan vart dei sitjande der og halda vakt over han. 37Over hovudet hans hadde dei sett ei innskrift med skuldinga mot han: «Dette er Jesus, kongen over jødane.»
38 # Jes 53,12 Saman med han vart to røvarar krossfeste, ein på høgre og ein på venstre sida. 39#Sal 22,8; 109,25 Dei som gjekk forbi, spotta han, riste på hovudet og sa: 40#4,3; 26,61 «Du som riv ned tempelet og byggjer det opp att på tre dagar! Er du Guds Son, så frels deg sjølv og stig ned frå krossen!» 41Like eins spotta overprestane han saman med dei skriftlærde og dei eldste og sa: 42#Joh 1,49; 12,13 «Andre har han frelst, seg sjølv kan han ikkje frelsa. Han er då Israels konge; lat han stiga ned av krossen, så skal vi tru på han! 43#Sal 22,9Han har sett si lit til Gud; lat no Gud berga han, om han har han kjær. Han har då sagt: ‘Eg er Guds Son.’» 44Og røvarane som var krossfeste saman med Jesus, spotta han på same måten.
Jesus døyr
(Mark 15,33–41; Luk 23,44–49; Joh 19,28–30)
45 # 27,45 den sjette timen ca. kl. 12. den niande timen ca. kl. 15. Frå den sjette timen vart det mørkt over heile landet, og mørkret låg til den niande timen. 46#Sal 22,2#27,46 Elí … sabaktáni Sitatet er her attgjeve i aram. form. Og kring den niande timen ropa Jesus med høg røyst: «Elí, Elí, lemá sabaktáni?» Det tyder: «Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?» 47Nokre av dei som stod der, høyrde det og sa: «Han ropar på Elia.» 48#Sal 69,22#27,48 vineddik sur vin blanda med vatn, brukt som leskedrikk av soldatar og arbeidsfolk. Jf. Rut 2,14. Og med det same sprang ein av dei fram, tok ein svamp og fylte med vineddik, sette han på ei stong og ville la han få drikka. 49Men dei andre sa: «Lat oss sjå om Elia kjem og bergar han.» 50Men Jesus ropa på nytt med høg røyst og gav opp anden.
51 # 2 Mos 26,31ff; Esek 37,12f; Hebr 10,20 # 27,51 forhenget i tempelet truleg forhenget mellom Det heilage og Det høgheilage i tempelet. Jf. 2 Mos 26,31–33, Hebr 9,3. Då rivna forhenget i tempelet i to, ovanfrå og heilt ned. Jorda skalv, og berga brast. 52Gravene opna seg, og kroppane til mange heilage som var avlidne, vart reiste opp frå dei døde. 53Etter Jesu oppstode gjekk dei ut av gravene og kom inn i den heilage byen, og der synte dei seg for mange.
54 # 16,16 Men då offiseren og dei som var med han og heldt vakt over Jesus, såg jordskjelvet og det som hende, vart dei gripne av stor redsle og sa: «Sanneleg, han var Guds Son!»
55 # Luk 8,2f Det var òg mange kvinner der som stod langt unna og såg på. Dei hadde følgt Jesus frå Galilea for å tena han. 56#Joh 19,25 Mellom dei var Maria Magdalena, Maria som var mor til Jakob og Josef, og mor til Sebedeus-sønene.
Jesus blir gravlagd
(Mark 15,42–47; Luk 23,50–56; Joh 19,38–42)
57Då det vart kveld, kom det ein rik mann som heitte Josef. Han var frå Arimatea og hadde òg vorte ein Jesu læresvein. 58Han gjekk til Pilatus og bad om å få Jesu kropp, og Pilatus gav ordre om at han skulle få han. 59Josef tok Jesu kropp, sveipte han i eit reint linklede 60#Jes 53,9 og la han i den nye grava han hadde hogge ut til seg sjølv i bergveggen. Så rulla han ein stor stein framfor gravopninga og gjekk. 61#27,56 Men Maria Magdalena og den andre Maria var der. Dei sat beint framfor grava.
Vakt ved grava
62 # 27,62 dagen etter førebuingsdagen sabbatsdagen, dvs. laurdag. «Førebuingsdagen» var namnet på vekedagen fredag, då dei førebudde seg til sabbaten. =festar og høgtider. Jf. Mark 15,42. Neste dag, dagen etter førebuingsdagen, gjekk overprestane og farisearane saman til Pilatus 63#16,21+#27,63 Etter tre dagar >16,21. og sa: «Herre, vi har kome til å tenkja på det som denne forføraren sa medan han levde: ‘Etter tre dagar blir eg reist opp.’ 64Gjev no påbod om å sikra grava til tredje dagen. Elles kunne læresveinane hans koma og stela han og seia til folket at han har stått opp frå dei døde. Då blir den siste villfaringa verre enn den første.» 65Pilatus svara: «Her har de vaktmannskap. Gå bort og sikra grava som de finn det best.» 66Då gjekk dei og sikra grava, både med vakt og med segl på steinen.

Markert nå:

Matteus 27: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring