Matteus 24
N11NN

Matteus 24

24
Jesus talar om tidene som skal koma
(Kap. 24–25)
Tempelet skal øydeleggjast
(Mark 13,1–2; Luk 21,5–6)
1Så gjekk Jesus bort frå tempelet. Då han var på veg ut, kom læresveinane til han og peika på tempelbygningane. 2#Mi 3,12; Luk 19,44 Men han sa: «Ja, ser de alt dette? Sanneleg, eg seier dykk: Her skal ikkje liggja att stein på stein, alt skal rivast ned.»
Trengselstida tek til
(Mark 13,3–13; Luk 21,7–19)
3Då han sat på Oljeberget og læresveinane var åleine med han, kom dei til han og spurde: «Sei oss: Når skal dette henda? Og kva er teiknet på di atterkome og enden på verda?»
4Jesus tok til orde og sa: «Ta dykk i akt så ingen fører dykk vill! 5#24,23f; 1 Joh 2,18 For mange skal koma i mitt namn og seia: ‘Eg er Messias.’ Og dei skal føra mange på villspor. 6De skal høyra om krig, og det skal gå rykte om krig. Sjå til at de ikkje lèt dykk skremma! For dette må henda, men enno er ikkje enden komen. 7#Jes 19,2 Folk skal reisa seg mot folk og rike mot rike, og det skal vera hungersnaud og jordskjelv på stad etter stad. 8Men alt dette er berre byrjinga på fødselsriene.
9 # 10,17ff; Joh 15,18f; 16,2f Då skal dei gje dykk over til forfølging og slå dykk i hel. Ja, alle folk skal hata dykk for mitt namn skuld. 10#2 Tess 2,3 Mange skal då falla frå, og dei skal svika kvarandre og hata kvarandre. 11Mange falske profetar skal stiga fram og føra mange vill. 12#2 Tim 3,1ff Og fordi lovløysa har vorte så stor, skal kjærleiken kolna hos dei fleste. 13#10,22 Men den som held ut til enden, skal bli frelst. 14#28,19 Og dette evangeliet om riket skal forkynnast i heile verda til vitnemål for alle folkeslag, og så skal enden koma.
Den store trengsla
(Mark 13,14–23; Luk 21,20–24)
15 # 24,15 det motbydelege som øydelegg Jf. Dan 11,31; 12,11. I Makkabearbøkene (=kanon) blir uttrykket brukt om eit heidensk altar som syrarkongen Antiokos 4. Epifanes fekk reist framfor tempelet i Jerusalem i 168 f.Kr. Jf. 1 Makk 1,54; 2 Makk 6,2. Når de då ser at det motbydelege som øydelegg, som profeten Daniel har tala om, står på heilag stad – lat den som les opp, tyda det! 16– då må dei som er i Judea, rømma til fjells; 17#Luk 17,31#24,17 er på taket Taket var flatt, jf. Mark 2,4, og kunne nyttast som opphaldsstad. Jf. Apg 10,9. På utsida førte ei trapp opp til taket. den som er på taket, må ikkje gå ned og henta noko i huset; 18og den som er ute på marka, må ikkje gå heim etter kappa si. 19Ve dei som ventar barn og dei som gjev bryst i dei dagane! 20Men be om at de må sleppa å rømma om vinteren eller på ein sabbat! 21#Dan 12,1; Op 7,14 For då skal det koma ei trengselstid så stor som det aldri har vore frå verda vart skapt og til no, og som det heller aldri skal bli. 22Og vart ikkje desse dagane avkorta, kom ikkje noko menneske til å bli frelst. Men for dei utvalde skuld skal desse dagane gjerast kortare.
Når Menneskesonen kjem
(Mark 13,24–27; Luk 17,23–24; 21,25–28)
23 # 24,5 Om nokon då seier til dykk: ‘Sjå, her er Messias’ eller: ‘Der er han’, så tru det ikkje! 24#5 Mos 13,1ff; 2 Tess 2,9f; 1 Joh 2,18; Op 13,13 For falske messiasar og falske profetar skal stå fram og gjera store teikn og under, så endå dei utvalde kan førast vill, om det er råd. 25Merk dykk at eg har sagt det på førehand! 26Seier dei då til dykk: ‘Han er ute i øydemarka’, så gå ikkje dit, eller: ‘Han er i eit rom der inne’, så tru det ikkje. 27Som når lynet går ut frå aust og lyser like til vest, slik skal det vera når Menneskesonen kjem. 28#Luk 17,37 Der åtselet er, vil gribbane samlast.
29 # Jes 13,10; Joel 3,4.20; Hag 2,6.21; Op 6,12ff Så snart denne trengselstida er over, skal sola formørkjast og månen mista sitt lys. Stjernene skal falla ned frå himmelen og kreftene i himmelrommet bli rokka. 30#Dan 7,13f; Sak 12,10.14; Matt 16,27; 26,64; Apg 1,11; Op 1,7 Då skal teiknet til Menneskesonen syna seg på himmelen, då skal alle folkeslag på jorda setja i med klagerop, og dei skal sjå Menneskesonen koma på himmelskyene med stor makt og herlegdom. 31#5 Mos 30,4; Jes 27,13; Matt 13,41; 1 Kor 15,52; 1 Tess 4,16 Medan basunen ljomar, skal han senda ut englane sine, og dei skal samla dei han har valt seg ut, frå dei fire verdshjørna, frå den eine enden av himmelen til den andre.
Lær av fikentreet
(Mark 13,28–32; Luk 21,29–33)
32 # 24,32 fikentreet Dei fleste tre i Israel er eviggrøne, men fikentreet mistar blada om hausten og skyt nye skot att seint på våren. Lær av ei samanlikning med fikentreet: Når det kjem sevje i greinene og lauvet sprett, då veit de at sommaren er nær. 33Like eins veit de at han er nær, ja, rett utfor døra, når de ser alt dette. 34#16,28 Sanneleg, eg seier dykk: Denne slekta skal ikkje forgå før alt dette hender. 35#Jes 40,8; 51,6; Matt 5,18 Himmel og jord skal forgå, men mine ord skal aldri forgå. 36#Apg 1,7; 1 Tess 5,1f Men den dagen og timen kjenner ingen, ikkje englane i himmelen og heller ikkje Sonen, berre Faderen.
Vak
(Luk 17,26–27.34–35; 12,39–46)
37 # 1 Mos 6–8 Som i Noahs dagar, så skal det vera når Menneskesonen kjem. 38I tida før storflaumen åt og drakk dei, gifte seg og vart bortgifte, heilt til den dagen då Noah gjekk inn i arka, 39#2 Pet 3,6 og ingen skjøna noko før flaumen kom og tok dei alle. Slik skal det òg vera når Menneskesonen kjem. 40Då skal to menn vera ute på marka; éin blir henta, éin blir att. 41To kvinner skal mala saman på kverna; éi blir henta, éi blir att.
42 # 25,13; Mark 13,35 Så vak då! For de veit ikkje kva dag Herren dykkar kjem. 43#1 Tess 5,2ff; 2 Pet 3,10; Op 3,3; 16,15 Men det skal de vita: Dersom husherren visste kva tid på natta tjuven kom, så ville han vaka og ikkje la han bryta seg inn i huset. 44Difor skal de vera førebudde, de òg! For Menneskesonen kjem i ein time de ikkje ventar det.
45Kven er den trugne og kloke tenaren som herren har sett over tenestefolket sitt for å gje dei mat i rett tid? 46Lukkeleg er den tenaren som herren finn i arbeid med dette når han kjem tilbake! 47#25,21.23 Sanneleg, eg seier dykk: Herren skal setja han over alt det han eig. 48Men set at det er ein dårleg tenar som seier til seg sjølv: ‘Herren min dryger nok lenge enno’, 49og så tek til å slå dei andre tenarane og eta og drikka i lag med stordrikkarar. 50Då skal herren hans koma ein dag han ikkje ventar og ein time han ikkje veit av, 51#8,12+ og hogga han ned og la han få dela lagnad med hyklarane. Der skal dei gråta og skjera tenner.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).


Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk