Matteus 23
N11NN

Matteus 23

23
Jesus åtvarar mot dei skriftlærde og farisearane
(Mark 12,38–40; Luk 11,43.46; 20,45–47)
1Sidan tala Jesus til folket og til læresveinane sine og sa: 2«På stolen til Moses sit dei skriftlærde og farisearane. 3#Rom 2,17ff Alt det dei seier til dykk, skal de gjera og halda; men etter gjerningane deira skal de ikkje retta dykk. For det dei seier, gjer dei ikkje. 4Dei bind bører som er for tunge til å bera, og legg på akslene til folk, men sjølve vil dei ikkje røra dei med ein finger. 5#4 Mos 15,38f; 5 Mos 6,8; Matt 6,1ff#23,5 bønereimane to skinnreimar med små kapslar som inneheldt pergamentstrimlar med skriftord frå GT. minneduskane >9,20. Alle sine gjerningar gjer dei så folk skal sjå det. Dei gjer bønereimane breie og minneduskane store. 6Dei likar å ha heidersplassane i gjestebod og sitja fremst i synagogane, 7#23,7 rabbi tittel på dei jødiske lovlærarane. Ordet tyder «meister», «lærar». Jf. Joh 1,38. >8,19. og at folk helsar dei på torget og kallar dei rabbi.
8Men de skal ikkje la nokon kalla dykk rabbi; for det er éin som er meisteren dykkar, og de er alle sysken. 9#Mal 2,10#23,9 far ærestittel som vart nytta om dei skriftlærde. Og kalla ikkje nokon her på jorda far; for de har berre éin Far, han som er i himmelen. 10Lat heller ikkje nokon kalla dykk lærarar; for de har éin lærar: Kristus. 11#20,26f+ Den største av dykk skal vera tenaren dykkar. 12#Esek 21,31; Luk 14,11; 18,14; 1 Pet 5,5f Den som set seg sjølv høgt, skal setjast lågt, og den som set seg sjølv lågt, skal setjast høgt.
Verop over dei skriftlærde og farisearane
(Luk 20,47; 11,39–44.47–52)
13Ve dykk, skriftlærde og farisearar, de hyklarar! De stengjer himmelriket for folk. Sjølve går de ikkje inn, og dei som vil gå inn, hindrar de.
14 # 23,14 Verset manglar i dei eldste handskriftene. De et … huset Dei skriftlærde vart kritiserte for å utnytta og snylta på fattigfolks gjestfridom. {{Ve dykk, skriftlærde og farisearar, de hyklarar! De et enkjer ut av huset og held lange bøner for syns skuld. Difor skal de få så mykje hardare dom.}}
15 # 23,15 proselytt ein ikkje-jøde som har gått over til jødedomen. =ikkje-jødar. Ve dykk, skriftlærde og farisearar, de hyklarar! De dreg land og strand rundt for å vinna ein einaste proselytt, og når det har lukkast, gjer de han til ein som fortener helvete dobbelt så mykje som de sjølve.
16 # 15,14+ Ve dykk, blinde rettleiarar, som seier: ‘Sver du ved tempelet, har det ikkje noko å seia; men sver du ved gullet i tempelet, er eiden bindande.’ 17Blinde dårar! Kva er størst, gullet eller tempelet som gjer gullet heilagt? 18Og like eins: ‘Sver du ved altaret, har det ikkje noko å seia; men sver du ved offergåva som ligg på altaret, er eiden bindande.’ 19#2 Mos 29,37 Kor blinde de er! Kva er størst, offergåva eller altaret som gjer gåva heilag? 20Den som sver ved altaret, sver både ved det og ved alt som ligg på det. 21#1 Kong 8,13; Matt 5,34f+ Og den som sver ved tempelet, sver både ved det og ved han som bur i det. 22Og den som sver ved himmelen, sver ved Guds kongsstol og ved han som sit på den.
23 # 3 Mos 27,30; Mi 6,8 # 23,23 tiend plikt til å gje ein tiandedel av avling og anna inntekt til Herren. =religiøse skikkar og ordningar. Ve dykk, skriftlærde og farisearar, de hyklarar! De gjev tiend av mynte og anis og karve, men bryr dykk ikkje om det som veg meir i lova: rettferd, miskunn og truskap. Det eine skulle gjerast og det andre ikkje vera ugjort. 24#15,14+ Blinde rettleiarar! De siler av myggen, men svelgjer kamelen.
25 # Mark 7,4 Ve dykk, skriftlærde og farisearar, de hyklarar! De gjer skåler og fat reine utanpå, men inni er dei fulle av grisk og grådig lyst. 26Blinde farisearar! Gjer først skåla rein inni, så blir ho rein utanpå òg!
27 # Apg 23,3 # 23,27 graver Den som trakka på ei grav, vart urein og måtte gjennom ei reinsing før han kunne vera med i gudstenesta. Jf. 4 Mos 19,16–20. Ve dykk, skriftlærde og farisearar, de hyklarar! De liknar kvitkalka graver. Utanpå er dei fine å sjå på, men inni er dei fulle av daudingbein og allslags ureinskap. 28#Luk 16,15 Slik er det med dykk òg: Utanpå, i andres auge, ser de rettferdige ut, men inni er de fulle av hykleri og urett.
29Ve dykk, skriftlærde og farisearar, de hyklarar! De byggjer gravminne over profetane og pryder gravene til dei rettferdige og seier: 30#5,12+ ‘Hadde vi vore til då fedrane våre levde, då hadde vi ikkje gjort oss medskuldige i blodet til profetane.’ 31#Apg 7,52 Slik vitnar de sjølve at de er born av dei som slo profetane i hel. 32Hald fram som fedrane dykkar til målet er fullt. 33#3,7; 12,34 Slangar og ormeyngel! Korleis kan de rømma unna dommen til helvete?
34 # Apg 5,40; 2 Kor 11,24f; 1 Tess 2,14ff Difor sender eg profetar og vismenn og skriftlærde til dykk. Somme av dei kjem de til å drepa og krossfesta, somme kjem de til å piska i synagogane dykkar og forfølgja frå by til by. 35#1 Mos 4,8; 2 Krøn 24,20f#23,35 frå … frå Sakarja I den hebr. bibelen er Abel og Sakarja den første og den siste personen som vart drepen utan skuld. Jf. 1 Mos 4,8 og 2 Krøn 24,20f. Slik skal straffa koma over dykk for alt skuldlaust blod som har runne på jorda, frå den rettferdige Abels blod til blodet frå Sakarja, son til Barakia, han som de slo i hel mellom tempelet og altaret. 36Sanneleg, eg seier dykk: Over denne slekta skal det koma alt saman.
Klage over Jerusalem
(Luk 13,34–35)
37 # Sal 91,4; Jes 65,2; Jer 7,13f; 22,5 Jerusalem, Jerusalem, du som slår i hel profetane og steinar dei som er sende til deg! Kor ofte ville eg ikkje samla borna dine som ei høne samlar kyllingane under vengene sine. Men de ville ikkje. 38#1 Kong 9,7f; Jer 12,7#23,38 Huset dykkar tempelet. Så høyr: Huset dykkar skal bli audt og forlate! 39#Sal 118,26; Matt 21,9 For eg seier dykk: De får aldri sjå meg att før de seier:
Velsigna er han som kjem i Herrens namn!’»

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).


Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk