Matteus 21
N11NN

Matteus 21

21
Jesus kjem til Jerusalem
(Kap. 21–23)
Jesus rid inn i Jerusalem
(Mark 11,1–11; Luk 19,28–38; Joh 12,12–16)
1Då dei nærma seg Jerusalem og var komne til Betfage ved Oljeberget, sende Jesus to læresveinar i veg 2og sa til dei: «Gå inn i den landsbyen som ligg framfor dykk! Der skal de straks finna eit esel som står bunde og har ein fole hos seg. Desse skal de løysa og leia til meg. 3Og om nokon kjem med spørsmål, då skal de svara: ‘Herren har bruk for dei.’ Då sender han dei hit med ein gong.» 4Dette hende for at det skulle oppfyllast, det som er tala gjennom profeten:
5 # Jes 62,11; Sak 9,9 # 21,5 dotter Sion biletleg uttrykk for Jerusalem og folket der. Sei til dotter Sion:
Sjå, kongen din kjem til deg,
audmjuk er han og rid på eit esel
og på folen til eit trekkdyr.
6Læresveinane gjekk av stad og gjorde som Jesus hadde sagt. 7#1 Kong 1,33 Dei henta eselet og folen. Så la dei kappene sine på dei, og han sette seg oppå. 8#2 Kong 9,13 Mange i folkehopen breidde kappene sine på vegen, andre hogg greiner av trea og strødde på vegen. 9#Sal 118,25f; Matt 23,39#21,9 Hosianna hebr. for «gje frelse», kan òg omsetjast «ver helsa». Og folket som gjekk føre, og dei som følgde etter, ropa:
Hosianna, Davids son!
Velsigna er han som kjem i Herrens namn!
Hosianna i det høgste!
10Då han drog inn i Jerusalem, vart det uro i heile byen, og dei spurde: «Kven er dette?» 11#16,14; 21,46; Mark 6,15; Luk 7,16; 24,19; Joh 4,19; 9,17 Og folkehopen svara: «Det er profeten Jesus frå Nasaret i Galilea.»
Tempelet skal vera eit bønehus
(Mark 11,15–19; Luk 19,45–48; Joh 2,13–16)
12 # 21,12 tempelplassen føregarden framfor tempelet. =Guds bustad. pengevekslarane Tempelskatten (jf. 17,24) kunne ikkje betalast med romerske eller greske myntar fordi dei bar heidenske motiv. Jf. 22,15–22. dei … duer For dei fattige var duer det mest brukte offeret. =offer og soning. Så gjekk Jesus inn på tempelplassen og dreiv ut alle som selde og kjøpte der. Han velte borda til pengevekslarane og benkene til dei som selde duer 13#Jes 56,7; Jer 7,11 og sa til dei: «Det står skrive: Mitt hus skal kallast eit bønehus. Men de gjer det til ei røvarhòle.»
14På tempelplassen kom nokre blinde og lamme til han, og han lækte dei. 15Men då overprestane og dei skriftlærde såg undera han gjorde og høyrde borna som ropa i heilagdomen: «Hosianna, Davids son!» vart dei arge 16#Sal 8,3 og sa til han: «Høyrer du kva dei seier?» «Ja», svara Jesus. «Har de aldri lese dette ordet:
Frå munnen på småborn og spedborn
har du late lovsong lyda!»
17Så gjekk han frå dei og ut av byen, til Betania. Der var han om natta.
Fikentreet som ikkje bar frukt
(Mark 11,12–14.20–24)
18Då Jesus tidleg om morgonen var på veg tilbake til byen, vart han svolten. 19#Jer 8,13; Luk 13,6ff#21,19 fikentre >24,32. Han fekk sjå eit fikentre ved sida av vegen og gjekk bort til det, men fann ikkje anna enn lauv. Då sa han til treet: «Aldri meir skal du bera frukt.» Og straks visna fikentreet. 20Læresveinane undra seg då dei såg det, og sa: «Korleis hadde det seg at fikentreet visna så brått?» 21#17,20+ Jesus svara: «Sanneleg, eg seier dykk: Dersom de har tru og ikkje tvilar, skal de ikkje berre kunna gjera det som eg gjorde med fikentreet. Nei, endå om de seier til dette fjellet: ‘Lyft deg opp og kast deg i havet’, så skal det skje. 22#7,7ff+ Og alt de bed om i bønene dykkar, skal de få når de bed med tru.»
Jesu fullmakt
(Mark 11,27–33; Luk 20,1–8)
23 # Joh 2,18; Apg 4,7 Så gjekk Jesus inn på tempelplassen. Og medan han underviste folket, kom overprestane og dei eldste i folket til han og spurde: «Kva fullmakt har du til å gjera dette? Og kven har gjeve deg denne fullmakta?» 24Jesus sa til dei: «Eg har òg eit spørsmål til dykk. Svarar de meg på det, skal eg seia dykk kva fullmakt eg har til å gjera dette. 25#Joh 1,6.25.33 Johannes-dåpen, kvar var den ifrå? Frå himmelen eller frå menneske?» Dei samrådde seg med kvarandre og sa: «Svarar vi: ‘Frå himmelen’, vil han seia: ‘Kvifor trudde de han då ikkje?’ 26#11,9+ Og svarar vi: ‘Frå menneske’, er vi redde for kva folket vil gjera, for alle held Johannes for ein profet.» 27Difor svara dei: «Det veit vi ikkje.» Då sa Jesus til dei: «Så seier heller ikkje eg til dykk kva fullmakt eg har til å gjera dette.
Likninga om dei to sønene
28Men kva meiner de om dette: Det var ein mann som hadde to søner. Han gjekk til den eine og sa: ‘Gå bort i vingarden og arbeid der i dag, guten min!’ 29‘Nei, eg vil ikkje’, svara han. Men sidan angra han og gjekk. 30Så gjekk faren til den andre og bad han om det same. ‘Ja, herre’, svara han; men han gjekk ikkje. 31#21,31 Tollarar >5,46. Kven av dei to gjorde som faren ville?» «Den første», svara dei. Då sa Jesus til dei: «Sanneleg, eg seier dykk: Tollarar og horer kjem før inn i Guds rike enn de. 32#Luk 7,29f For Johannes kom til dykk på rettferdsveg, men de trudde han ikkje. Tollarane og horene, derimot, dei trudde han. Men de, endå de såg dette, angra de ikkje då heller, så de trudde han.
Likninga om vinbøndene og arvingen
(Mark 12,1–12; Luk 20,9–19)
33 # Jes 5,1ff Høyr ei anna likning: Det var ein jordeigar som planta ei vinmark. Han sette gjerde rundt, hogg ut ei vinpresse der og bygde eit vakttårn. Så leigde han vingarden bort til nokre vinbønder og drog utanlands.
34Då det nærma seg innhaustingstida, sende han tenarane sine til bøndene for å få avlinga si. 35#22,6 Men dei greip tenarane: ein skamslo dei, ein drap dei, og ein steina dei. 36Sidan sende han andre tenarar, fleire enn første gongen, men dei gjorde det same med dei. 37Til slutt sende han son sin til dei; for han tenkte: ‘Son min har dei nok vørdnad for.’ 38#Hebr 1,2 Men då vinbøndene fekk sjå sonen, sa dei til kvarandre: ‘Der har vi arvingen. Kom, lat oss slå han i hel, så blir arven vår.’ 39#Hebr 13,12 Så tok dei han, kasta han ut av vingarden og slo han i hel.
40Når no vingardsherren kjem, kva skal han då gjera med desse bøndene?» 41«Ein vond død skal han gje desse vonde menneska», svara dei, «og vingarden skal han leiga ut til andre, som gjev han avlinga i rett tid.»
42 # Sal 118,22f; Apg 4,11; 1 Pet 2,7 Då sa Jesus til dei: «Har de aldri lese i skriftene:
Steinen som bygningsmennene vraka,
har vorte hjørnestein.
Dette er Herrens eige verk,
underfullt er det i våre auge.
43 # 8,11f; Apg 13,46; Rom 11,11 Difor seier eg dykk: Guds rike skal takast ifrå dykk og gjevast til eit folk som ber dei fruktene som høyrer riket til. 44Den som fell mot denne steinen, skal bli sundslegen. Og den som steinen fell på, skal bli knust.»
45Då overprestane og farisearane høyrde likningane hans, skjøna dei at det var dei han sikta til. 46#21,11+ Dei ville gjerne ha gripe han, men torde ikkje for folket, som heldt han for ein profet.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk