Matteus 20
N11NN

Matteus 20

20
Likninga om arbeidarane i vingarden
1Himmelriket kan liknast med ein jordeigar som gjekk ut tidleg om morgonen for å leiga arbeidsfolk til vingarden sin. 2Han vart samd med arbeidarane om ein denar for dagen og sende dei bort i vingarden. 3#20,3 den tredje timen ca. kl. 9. =tidsrekning. Så gjekk han ut omkring den tredje timen og fekk sjå nokre andre som stod ledige på torget. 4Han sa til dei: ‘Gå bort i vingarden, de òg! Så skal eg gje dykk det som er rett.’ 5Og dei gjekk. Sidan gjekk han ut omkring den sjette og den niande timen og gjorde like eins. 6Då det leid til den ellevte timen, gjekk han ut att og fann endå nokre som stod der. Han seier til dei: ‘Kvifor står de her arbeidslause heile dagen?’ 7‘Fordi ingen har leigd oss’, svara dei. Då sa han: ‘Gå bort i vingarden, de òg.’
8 # 5 Mos 24,14f Då det leid til kvelds, sa vingardseigaren til forvaltaren sin: ‘Kall fram arbeidsfolket og lat dei få løna si! Ta til med dei siste og hald fram til dei første.’ 9Så kom dei som var leigde omkring den ellevte timen, og fekk ein denar kvar. 10Då dei første kom, venta dei å få meir; men dei fekk kvar sin denar, dei òg. 11Dei tok imot pengane, murra mot jordeigaren 12og sa: ‘Dei som kom sist, har ikkje arbeidd meir enn ein time, og så set du dei likt med oss som har slite og sveitta heile dagen!’ 13Han sa til ein av dei: ‘Ven, eg gjer deg ikkje urett. Var vi ikkje samde om ein denar? 14Ta ditt og gå! Men eg vil gje han som kom sist, like mykje som deg. 15#Rom 9,19ff Har eg ikkje lov å gjera som eg vil med det som er mitt? Eller ser du med vonde auge på at eg er god?’ 16#19,30+ Såleis skal dei siste bli dei første og dei første dei siste.»
Jesus talar tredje gongen om at han skal døy og stå opp att
(Mark 10,32–34; Luk 18,31–34)
17Jesus drog no opp til Jerusalem. På vegen tok han dei tolv læresveinane til sides og sa til dei: 18#16,21; 17,22f «Sjå, vi går opp til Jerusalem, og Menneskesonen skal gjevast over til overprestane og dei skriftlærde. Dei skal dømma han til døden 19#Hos 6,2; Matt 16,21+#20,19 tredje dagen >16,21. og gje han over til heidningane, så han blir spotta, piska og krossfest. Og tredje dagen skal han reisast opp.»
Ikkje råda, men tena
(Mark 10,35–45)
20 # 10,2 Då kom mor til Sebedeus-sønene til han med sønene sine og fall på kne for å be han om noko. 21«Kva er det du vil?» spurde han. Ho svara: «Lov meg at desse to sønene mine skal få sitja ved sida av deg i riket ditt, den eine på høgre og den andre på venstre sida.» 22#26,39.42; Joh 18,11 «De veit ikkje kva de bed om», sa Jesus. «Kan de drikka det begeret eg skal drikka?» «Det kan vi», svara dei. 23Då sa han: «Mitt beger skal de drikka, men kven som skal sitja på mi høgre og venstre side, er det ikkje mi sak å avgjera. Der skal dei sitja som Far min har gjort i stand for.»
24Då dei ti andre høyrde dette, vart dei sinte på dei to brørne. 25#Luk 22,25ff Men Jesus kalla dei til seg og sa: «De veit at fyrstane over folka undertrykkjer dei, og stormennene deira styrer med hard hand. 26#23,11; Mark 9,35; Joh 13,14f Men slik skal det ikkje vera blant dykk. Den som vil bli stor mellom dykk, skal vera tenaren dykkar; 27og den som vil vera den første av dykk, skal vera slaven dykkar. 28#1 Kor 6,20; Fil 2,5ff; 1 Tim 2,6; 1 Pet 1,18#20,28 løysepenge summen ein måtte betala for å fria ut ein person som elles var skuldig til døden, eller for å kjøpa fri ein slave. =slektssamfunn og justis. Menneskesonen er heller ikkje komen for å la seg tena, men for sjølv å tena og gje livet sitt til løysepenge for mange.»
Jesus lækjer to blinde
(Mark 10,46–52; Luk 18,35–43)
29 # 9,27ff Då dei tok ut frå Jeriko, følgde det mykje folk med han. 30#15,22#20,30–31 miskunna deg gr. eleison. >17,15. Ved vegen sat det to blinde, og då dei høyrde at Jesus gjekk framom, ropa dei: «Herre, du Davids son, miskunna deg over oss!» 31Folket tala hardt til dei og bad dei teia, men dei ropa endå høgare: «Herre, du Davids son, miskunna deg over oss!» 32Då stansa Jesus, kalla på dei og sa: «Kva vil de at eg skal gjera for dykk?» 33«Lat auga våre bli opna, Herre!» svara dei. 34#20,34 fekk inderleg medkjensle >9,36. Jesus fekk inderleg medkjensle med dei og rørte ved auga deira. Straks kunne dei sjå, og dei følgde han.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk