Lukas 9
N11NN

Lukas 9

9
Jesus sender ut apostlane
(Matt 10,1.9–15; Mark 6,7–13)
1Jesus kalla saman dei tolv og gav dei makt over alle vonde ånder og kraft til å lækja sjukdomar. 2#Mark 1,15#9,2 Så sende … ut Jf. tittelen «apostel», som er gr. for «utsending». =tenester. Så sende han dei ut for å forkynna Guds rike og gjera sjuke friske. 3#10,4f; 22,35 Han sa til dei: «Ta ikkje noko med dykk på vegen, korkje stav eller veske eller brød eller pengar; og ingen skal ha med to kjortlar. 4Når de har teke inn i eit hus, så ver der til de fer vidare. 5#10,11#9,5 rista støvet av føtene symbolsk handling som uttrykk for at ein gjorde slutt på fellesskapet med nokon. Jf. Neh 5,13; Luk 10,11; Apg 13,51. Men er det nokon som ikkje vil ta imot dykk, skal de fara bort frå den byen og rista støvet av føtene. Det skal vera eit vitnemål mot dei.» 6Så tok dei ut og drog omkring frå landsby til landsby og forkynte den gode bodskapen og lækte folk kvar dei kom.
Herodes spør om Jesus
(Matt 14,1–2; Mark 6,14–16)
7 # 9,19f # 9,7 Landsfyrsten Herodes Herodes Antipas. Jf. 3,1. =Herodes-slekta. Landsfyrsten Herodes fekk høyra om alt det som hende, og han visste ikkje kva han skulle tru. For somme sa at Johannes var reist opp frå dei døde, 8#9,8 Elia >1,17. andre at det var Elia som hadde synt seg, og endå andre at det var ein av dei gamle profetane som hadde stått opp att. 9#23,8#9,9 Johannes … halshogga Jf. Matt 14,3–12; Mark 6,14–29. Men Herodes sjølv sa: «Johannes lét eg halshogga. Kven er så denne som eg høyrer slikt om?» Og han ville gjerne møta han.
Jesus mettar fem tusen
(Matt 14,13–21; Mark 6,30–44; Joh 6,1–13)
10Apostlane kom tilbake og fortalde Jesus om alt dei hadde gjort. Då tok han dei med så dei kunne vera åleine. Han drog bortover mot ein by som heiter Betsaida. 11Men folk fekk vita det og følgde etter. Han tok imot dei og tala til dei om Guds rike, og han lækte dei som trong å bli friske.
12Då det leid mot kveld, kom dei tolv til han og sa: «Send folket frå deg, så dei kan gå bort i landsbyane og gardane her omkring. Der kan dei finna hus og få seg noko å eta. For her er vi på ein aud stad.» 13«De skal gje dei mat!» svara Jesus. «Vi har ikkje meir enn fem brød og to fiskar», sa dei, «om vi då ikkje sjølve skal gå og kjøpa mat til alt dette folket.» 14Det var samla om lag fem tusen menn. Då sa han til læresveinane: «Lat dei setja seg i flokkar på femti.» 15Dei gjorde som han sa, og lét alle setja seg. 16Så tok han dei fem brøda og dei to fiskane, såg opp mot himmelen og velsigna dei. Og han braut dei og gav dei til læresveinane, så dei skulle by rundt til folket. 17Og alle åt og vart mette. Etterpå samla dei opp dei stykka som var til overs, og det vart tolv korger.
Peter vedkjenner seg si tru, og Jesus talar om at han skal døy og stå opp att
(Matt 16,13–16.21; Mark 8,27–33)
18Ein gong var han åleine og bad, og berre læresveinane var med han. Då spurde han dei: «Kven seier folk at eg er?» 19#9,7f «Døyparen Johannes», svara dei, «men somme seier Elia og andre at ein av dei gamle profetane har stått opp att.» 20#Matt 16,16+; Luk 2,11.26; 23,35; Apg 4,26#9,20 Messias >2,11. «Og de», spurde han, «kven seier de at eg er?» Då svara Peter: «Du er Guds Messias.» 21Men det forbaud han dei strengt å seia til nokon. 22#Hos 6,2; Matt 16,21+; Luk 9,44; 18,31ff#9,22 dei eldste … skriftlærde gruppene som var med i Det høge rådet, det øvste organet til jødane. tredje dagen Denne teljemåten inneber at både dagen då Jesus døyr, og dagen då han står opp, blir rekna med. Og han sa: «Menneskesonen skal lida mykje og bli vraka av dei eldste, overprestane og dei skriftlærde. Han skal bli slegen i hel, og tredje dagen skal han reisast opp.»
Å følgja Jesus
(Matt 16,24–28; Mark 8,34–9,1)
23 # 14,27 # 9,23 ta krossen sin opp siktar til den skikken at ein som var dømd til å bli krossfest, sjølv bar tverrbjelken ut til rettarstaden. Jf. Joh 19,17. Så sa han til dei alle: «Vil nokon følgja etter meg, må han seia nei til seg sjølv og dag for dag ta krossen sin opp og følgja meg. 24#Matt 10,38f; Luk 17,33; Joh 12,25 For den som vil berga livet sitt, skal mista det. Men den som mistar livet sitt for mi skuld, skal berga det. 25Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men mistar seg sjølv og går til grunne? 26#Matt 10,33+; Luk 12,9; 2 Tim 1,8 For den som skjemmest ved meg og orda mine, han skal Menneskesonen skjemmast ved når han kjem i sin og sin Fars og dei heilage englars herlegdom. 27#21,32 Sanneleg, eg seier dykk: Somme av dei som står her, skal ikkje smaka døden før dei får sjå Guds rike.»
Læresveinane får sjå Jesu herlegdom
(Matt 17,1–8; Mark 9,2–8)
28Om lag åtte dagar etter at han hadde sagt dette, tok han med seg Peter, Johannes og Jakob og gjekk opp i fjellet for å be. 29Og medan han bad, vart andletet hans som omskapt, og kleda vart skinande kvite. 30Med eitt stod to menn og snakka med han; det var Moses og Elia. 31Dei synte seg i herlegdom og tala om den utgangen livet hans skulle få, om det han skulle fullføra i Jerusalem. 32#Joh 1,14; 2 Pet 1,16 Peter og dei andre hadde falle i djup søvn. No vakna dei og fekk sjå herlegdomen hans og dei to mennene som stod der saman med han. 33Då mennene skulle skiljast med han, sa Peter til Jesus: «Meister, det er godt at vi er her. Lat oss byggja tre hytter, ei til deg, ei til Moses og ei til Elia» – han visste ikkje sjølv kva han sa. 34Og medan han tala, kom det ei sky og la skugge over dei, og då dei kom inn i skya, vart dei gripne av redsle. 35#5 Mos 18,15; Matt 3,17+; Luk 3,22; Apg 3,22 Frå skya kom det ei røyst: «Dette er Son min, den utvalde. Høyr han!» 36Og då røysta lydde, var det ingen annan å sjå, berre Jesus. Læresveinane tagde med dette, og dei fortalde i dei dagane ikkje til nokon det dei hadde sett.
Jesus lækjer ein gut med ei vond ånd
(Matt 17,14–18; Mark 9,14–20.25–27)
37Dagen etter, då dei kom ned frå fjellet, vart han møtt av ei stor folkemengd. 38Då ropa ein mann i flokken: «Meister, eg bed deg: Ta deg av son min, for han er einaste barnet eg har! 39Brått kan ei ånd hogga tak i han; ho set i eit skrik og riv og slit i han så skummet står om munnen på han. Ho tek mest livet av han før ho endeleg slepper han. 40Eg bad læresveinane dine driva henne ut, men dei greidde det ikkje.» 41Då sa Jesus: «Du vantruande og vrange slekt! Kor lenge skal eg vera hos dykk og halda ut med dykk? Kom hit med son din!» 42Men før guten var komen fram til Jesus, kasta den vonde ånda han over ende og reiv og sleit i han. Då truga Jesus den ureine ånda og lækte guten og gav han tilbake til faren. 43Og alle var fulle av undring over Guds veldige makt.
Jesus talar igjen om at han skal lida og døy
(Matt 17,22–23; Mark 9,30–32)
Medan alle undra seg over alt det han gjorde, sa han til læresveinane: 44#9,22; 18,31ff «Høyr nøye etter det eg no seier: Menneskesonen skal gjevast over i hendene på menneske.» 45Men dette skjøna dei ikkje. Det var løynt for dei, så dei ikkje fekk tak i det. Og dei våga ikkje å spørja han om det han hadde sagt.
Kven er den største?
(Matt 18,1–5; Mark 9,33–37)
46 # 22,24 Tanken kom opp mellom læresveinane om kven som kunne vera den største av dei. 47Men Jesus skjøna kva dei tenkte i hjartet. Han tok eit lite barn, sette det attmed seg 48#Matt 10,40; Joh 13,20 og sa til dei: «Den som tek imot dette barnet i mitt namn, tek imot meg. Og den som tek imot meg, tek imot han som har sendt meg. For den som er minst av dykk alle, er stor.»
For eller imot
(Mark 9,38–40)
49 # Apg 19,13 Då tok Johannes ordet: «Meister, vi såg ein som dreiv ut vonde ånder i ditt namn, og vi prøvde å hindra han, sidan han ikkje er i følgje med oss.» 50#11,23 Men Jesus svara: «De skal ikkje hindra han! Den som ikkje er imot dykk, er med dykk.»
Jesus og samaritanane
51 # 13,22; 17,11; 19,28 Då tida kom og Jesus skulle takast opp til himmelen, vende han andletet mot Jerusalem; det var dit han ville fara. 52#9,52 samaritansk landsby by som låg i landområdet Samaria. Samaritanane hadde bygd sin eigen heilagdom på Garisim-fjellet og var fiendtleg innstilte til dei som drog gjennom landet på veg til tempelet i Jerusalem. =samaritanar. Han sende bod føre seg, og dei drog av stad og kom til ein samaritansk landsby for å tinga hus til han. 53#Joh 4,9 Men der ville dei ikkje ta imot han, fordi han hadde vendt sine steg mot Jerusalem. 54#9,54 eld … øyda dei Yngre handskrifter held fram: «slik som Elia gjorde». Jf. 2 Kong 1,10.12. Då læresveinane Jakob og Johannes fekk høyra dette, sa dei: «Herre, vil du at vi skal by eld fara ned frå himmelen og øyda dei?» 55#9,55 De veit ikkje … men for å frelsa Orda finst berre i yngre handskrifter. Jf. 19,10; Joh 3,17. Men han snudde seg og tala dei til rette. {{«De veit ikkje kva ånd de er av», sa han. «Menneskesonen er ikkje komen for å ta menneskeliv, men for å frelsa.»}} 56Så gjekk dei til ein annan landsby.
Jesus krev alt
(Matt 8,19–22)
57Medan dei gjekk etter vegen, var det ein som sa til han: «Eg vil følgja deg kvar du så går.» 58Jesus svara: «Revane har hi, og fuglane under himmelen har reir, men Menneskesonen har ikkje noko han kan kvila hovudet sitt på.»
59Til ein annan sa han: «Følg meg!» Men mannen svara: «Herre, lat meg først få gå heim og gravleggja far min.» 60#Ef 2,5; 1 Tim 5,6; Op 3,1 Då sa Jesus til han: «Lat dei døde gravleggja sine døde, men gå du av stad og forkynn Guds rike.»
61 # 1 Kong 19,20f Det var ein annan òg som sa: «Eg vil følgja deg, Herre, men lat meg først få seia farvel til dei der heime.» 62#Fil 3,13 Men Jesus svara: «Ingen som har lagt handa på plogen og så ser seg tilbake, er skikka for Guds rike.»

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk