Lukas 24
N11NN

Lukas 24

24
Jesus står opp
(Matt 28,1–10; Mark 16,1–11; Joh 20,1–10)
1Ved daggry første dagen i veka kom kvinnene til grava og hadde med seg den angande oljen dei hadde gjort i stand. 2Då fekk dei sjå at steinen var rulla ifrå grava. 3Dei gjekk inn, men fann ikkje Herren Jesu kropp. 4#Apg 1,10 Dei visste ikkje kva dei skulle tru, men med eitt stod det to menn hos dei i skinande klede. 5Kvinnene vart forfærde og bøygde seg med andletet mot jorda. Då sa mennene til dei: «Kvifor leitar de etter den levande mellom dei døde? 6Han er ikkje her, han er stått opp. Kom i hug kva han sa til dykk medan han endå var i Galilea: 7#Hos 6,2; Matt 16,21+; Luk 9,22.44; 18,31ff#24,7 tredje dagen >9,22. ‘Menneskesonen skal gjevast over i hendene til syndige menneske og bli krossfest, og tredje dagen skal han stå opp.’» 8#Joh 2,22 Då kom dei i hug orda hans. 9Og dei gjekk bort frå grava og fortalde alt dette til dei elleve og til alle dei andre. 10#8,2f Det var Maria Magdalena, Johanna og Maria, mor til Jakob, som saman med dei andre kvinnene fortalde dette til apostlane. 11Men dei tenkte det var laust snakk, og trudde dei ikkje. 12Peter reiste seg likevel og sprang til grava, og då han bøygde seg inn, såg han ikkje anna enn linkleda. Så gjekk han tilbake til huset der han budde, og undra seg over det som hadde hendt.
Jesus syner seg for Emmaus-vandrarane
(Mark 16,12–13)
13 # 24,13 Emmaus ca. 11 km frå Jerusalem. Lokaliseringa er usikker. Same dagen var to læresveinar på veg til ein landsby som heiter Emmaus, seksti stadiar frå Jerusalem, 14og dei snakka om alt det som hadde hendt. 15Medan dei no tala saman og drøfte dette med kvarandre, kom Jesus sjølv og gav seg i lag med dei. 16Men auga deira vart hindra i å sjå, så dei ikkje kjende han att. 17«Kva er det de går og talar med kvarandre om?» spurde han. Då stansa dei, fulle av sorg. 18Den eine, han som heitte Kleopas, svara: «Du må vera den einaste framande i Jerusalem som ikkje veit kva som har hendt der desse siste dagane.» 19#Matt 16,14; 21,11.46; Mark 6,15; Luk 7,16; Joh 4,19; 9,17 «Kva er det?» spurde han. «Det med Jesus frå Nasaret», svara dei. «Han var ein profet, mektig i ord og gjerning for Gud og heile folket. 20Men overprestane og rådsherrane våre utleverte han, fekk dømt han til døden og krossfeste han. 21#1,68; 2,38; Apg 1,6#24,21 setja Israel fri >2,38. tredje dagen >9,22. Og vi som hadde vona at han var den som skulle setja Israel fri! Men no er det alt tredje dagen sidan dette hende, 22og nokre kvinner blant oss har sett oss i uro og undring. I dag tidleg var dei ved grava 23og fann ikkje kroppen hans, men dei kom tilbake og fortalde at dei hadde sett eit syn av englar som sa at han lever. 24Nokre av våre folk gjekk då ut til grava, og dei fann det nett slik som kvinnene hadde sagt, men han sjølv såg dei ikkje.»
25Då sa han til dei: «Kor lite de skjønar, og kor seine de er til å tru alt det profetane har sagt! 26Måtte ikkje Messias lida dette og så gå inn til sin herlegdom?» 27#5 Mos 18,15; Sal 22; Jes 53; Apg 17,3; 1 Pet 1,11 Så tok han til å leggja ut for dei det som står om han i alle skriftene, heilt frå Moses og hos alle profetane.
28Då dei kom bort imot den landsbyen dei skulle til, gjorde han som han ville gå vidare. 29Men dei bad han inntrengjande og sa: «Ver hos oss! Det kveldar, og dagen er på hell.» Då gjekk han inn og gav seg til hos dei. 30#22,19#24,30 takkebøna >22,17. Og medan han sat til bords med dei, tok han brødet, bad takkebøna, braut det og gav dei. 31Då vart auga deira opna, og dei kjende han att. Men han vart usynleg for dei. 32Dei sa til kvarandre: «Brann ikkje hjartet i oss då han tala til oss på vegen og opna skriftene for oss?» 33Og dei tok ut med ein gong og gjekk tilbake til Jerusalem. Der fann dei alle elleve og venene deira samla, 34#24,34 har synt seg for Simon Noka nærare skildring finst ikkje i NT. Jf. 1 Kor 15,3–7. og desse sa: «Herren er sanneleg stått opp og har synt seg for Simon.» 35Då fortalde dei to om det som hadde hendt på vegen, og korleis dei hadde kjent han att då han braut brødet.
Jesus syner seg for læresveinane
(Matt 28,9–10; Mark 16,14; Joh 20,19–20)
36Medan dei snakka om dette, stod Jesus sjølv midt imellom dei og sa: «Fred vere med dykk!» 37#Matt 14,26 Dei vart forfærde og redde, for dei trudde det var ei ånd dei såg. 38Men han sa til dei: «Kvifor er de så urolege, og kvifor vaknar tvilen i hjarta dykkar? 39Sjå hendene og føtene mine. Det er eg. Ta på meg og sjå! Ei ånd har ikkje kjøt og bein, som de ser at eg har.» 40#24,40 Så … føtene sine Verset manglar i nokre eldre handskrifter. {{Så viste han dei hendene og føtene sine.}} 41#24,26; Joh 21,5.10 Då dei av rein glede enno ikkje kunne tru, men berre undra seg, sa han: «Har de noko å eta her?» 42#24,42 eit … fisk Nokre handskrifter held fram: «og eit stykke honningkake». Dei gav han eit stykke steikt fisk, 43og han tok det og åt medan dei såg på.
Oppdrag og avskil
(Matt 28,16–20; Mark 16,15–19; Joh 20,21–23)
44 # 24,6f+.27+ # 24,44 Moselova … Salmane speglar av den vanlege tredelinga av =Skrifta. Så sa han til dei: «Dette var det eg tala til dykk om medan eg endå var saman med dykk, at det måtte oppfyllast, alt det som står skrive om meg i Moselova, hos profetane og i Salmane.» 45Så opna han forstanden deira så dei kunne skjøna skriftene, 46#Jes 53; Hos 6,2; Matt 12,40; 16,21+#24,46 tredje dagen >9,22. og han sa til dei: «Slik står det skrive: Messias skal lida og stå opp frå dei døde tredje dagen, 47#Apg 1,8; 2,38+ og i hans namn skal omvending og tilgjeving for syndene forkynnast for alle folkeslag; de skal byrja i Jerusalem. 48#Matt 28,19; Joh 15,27; Apg 1,8; 2,32; 3,15; 5,32; 10,39 De er vitne om dette. 49#Joh 14,16; 15,26; 16,7; Apg 1,4f; 2,1ff Eg sender over dykk det som Far min har lova. Men de skal halda dykk i byen til de blir kledde med kraft frå det høge.»
50 # 24,50 ut mot Betania Vegen frå Jerusalem til Betania gjekk over Oljeberget, som etter Apg 1,12 er staden for Kristi himmelferd. Så førte han dei ut mot Betania, og han lyfte hendene og velsigna dei. 51#Apg 1,9 Og medan han velsigna dei, skildest han frå dei og vart teken opp til himmelen. 52#Joh 14,28; 16,22; Apg 1,12 Då fall dei på kne og tilbad han. Så gjekk dei tilbake til Jerusalem i stor glede. 53Sidan var dei stadig i tempelet og lova og prisa Gud.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk