Lukas 23

23
Jesus for Pilatus
(Matt 27,1–2.11–14; Mark 15,1–5; Joh 18,33–38)
1 # 23,1 Pilatus >3,1. Då reiste dei seg alle og førte han til Pilatus. 2#20,25; Apg 17,7 Der tok dei til å koma med skuldingar mot han. Dei sa: «Vi har funne at denne mannen fører folket vårt på avvegar. Han forbyd oss å gje keisaren skatt, og han seier at han er Messias, altså konge.» 3Pilatus spurde han: «Er du kongen over jødane?» «Du seier det», svara Jesus. 4Då sa Pilatus til overprestane og folket: «Eg finn inga skuld hos denne mannen.» 5#Apg 10,37 Men dei tok sterkare i: «Han eggjar opp folket i heile Judea med læra si. Han tok til i Galilea, og no er han komen heilt hit.»
6Då Pilatus høyrde det, spurde han om mannen var frå Galilea, 7#3,1#23,7 Herodes >9,7. og då han fekk vita at han var under domsmakta til Herodes, sende han Jesus over dit, for Herodes òg var i Jerusalem i dei dagane.
Jesus for Herodes
8 # 9,9 Herodes vart svært glad då han fekk sjå Jesus, for han hadde høyrt om han og lenge ønskt å få møta han. No vona han å få sjå Jesus gjera eit teikn. 9Han stilte han mange spørsmål, men Jesus svara ikkje eit ord. 10Overprestane og dei skriftlærde stod der og kom med sterke skuldingar mot han. 11Herodes vanæra han og spotta han saman med soldatane sine. Han la ei staseleg kappe om han og sende han tilbake til Pilatus. 12#Apg 4,27 Den dagen vart Herodes og Pilatus vener; før hadde det vore fiendskap mellom dei.
Pilatus feller dommen
(Matt 27,15–26; Mark 15,6–15; Joh 19,6–16)
13Så kalla Pilatus saman overprestane, rådsherrane og folket 14og sa til dei: «De har ført denne mannen fram for meg og sagt at han fører folket på avvegar. No har eg spurt han ut medan de høyrde på, men eg har ikkje funne han skuldig i noko av det de klagar han for. 15Det har ikkje Herodes heller, for han har sendt han tilbake til oss. Mannen har såleis ikkje gjort noko som fortener dødsstraff. 16Difor vil eg la han bli piska og så setja han fri.» 17#23,17 Men … fange fri Orda manglar i dei fleste eldre handskriftene. Jf. Matt 27,15; Mark 15,6. {{Men til høgtida måtte han gje dei ein fange fri.}} 18Då ropa dei alle som ein: «Bort med han! Gjev oss Barabbas fri!» 19#Apg 3,14 – Barabbas var ein mann som sat fengsla for opprør i byen og for mord.
20Igjen tala Pilatus til dei, for han ville gjerne gje Jesus fri. 21Men dei ropa imot han: «Krossfest han! Krossfest!» 22Då tok han ordet tredje gongen: «Kva vondt har han så gjort? Eg har ikkje funne han skuldig i noko som kan straffast med døden. Eg vil la han bli piska og så setja han fri.» 23#23,23 krossfestast romersk =dødsstraff. Men dei pressa han og kravde med høge skrik at Jesus skulle krossfestast, og skriket deira fekk overtaket.
24Då felte Pilatus dommen; det skulle bli som dei kravde. 25Han frigav den dei bad om, han som sat fengsla for opprør og mord. Men han overgav Jesus til dei, og dei fekk viljen sin.
Jesus blir krossfest
(Matt 27,31–44; Mark 15,20–32; Joh 19,17–27)
26 # 23,26 la krossen på Simon truleg tverrbjelken, som dødsdømde fangar måtte bera. Så førte dei han bort. På vegen greip dei fatt i ein mann som kom inn frå markene, Simon frå Kyréne. Og dei la krossen på Simon for at han skulle gå bak Jesus og bera.
27Ein stor folkehop følgde med, og mellom dei var det mange kvinner som jamra og gret over han. 28Men Jesus snudde seg til dei og sa: «Jerusalems døtrer! Gråt ikkje over meg, men gråt over dykk sjølve og borna dykkar. 29#21,23 For det kjem dagar då folk skal seia: ‘Lukkelege er dei barnlause, dei morsliv som ikkje har fødd, og dei bryst som ikkje har gjeve die!’ 30#Hos 10,8; Op 6,16 Då skal dei seia til fjella: ‘Fall over oss!’ Og til haugane: ‘Løyn oss!’ 31For gjer dei slik med det grøne treet, korleis skal det då gå med det tørre?»
32 # Jes 53,12; Luk 22,37 To andre forbrytarar vart òg førte bort og skulle avrettast saman med Jesus. 33Og då dei kom til den staden som heiter Hovudskallen, krossfeste dei både han og forbrytarane, den eine på høgre sida hans, den andre på venstre. 34#2 Mos 23,4f; Sal 22,19; Jes 53,12; Matt 5,44; Apg 7,60; Rom 12,14#23,34 Men … kva dei gjer Orda manglar i nokre handskrifter. {{Men Jesus sa: «Far, tilgjev dei, for dei veit ikkje kva dei gjer.»}} Så kasta dei lodd om kleda hans og delte dei mellom seg. 35Folket stod og såg på, men rådsherrane spotta han: «Andre har han frelst», sa dei, «lat han no frelsa seg sjølv dersom han er Guds Messias, den utvalde!» 36#Sal 69,22#23,36 vineddik sur vin blanda med vatn, brukt som leskedrikk av soldatar og arbeidsfolk. Jf. Rut 2,14. Soldatane òg hånte han. Dei gav han vineddik 37og sa: «Er du kongen over jødane, så frels deg sjølv!» 38For det var sett ei innskrift over han: «Dette er kongen over jødane.»
39Den eine av forbrytarane som hang der, spotta han og sa: «Er ikkje du Messias? Frels deg sjølv og oss!» 40Men den andre tala han til rette og sa: «Har du ikkje ærefrykt for Gud, endå du er under same dommen? 41For oss er dommen rettferdig, vi får berre att for det vi har gjort. Men han har ikkje gjort noko urett.» 42Og han sa: «Jesus, kom meg i hug når du kjem til ditt rike!» 43#Matt 16,28; 20,21; 2 Kor 12,3f; Op 2,7 Jesus svara: «Sanneleg, eg seier deg: I dag skal du vera med meg i paradis.»
Jesus døyr
(Matt 27,45–56; Mark 15,33–41; Joh 19,28–30)
44 # 23,44 den sjette timen ca. kl. 12. den niande timen ca. kl. 15. =tidsrekning. Det var alt kring den sjette timen. Då fall det mørker over heile landet, og mørkret låg til den niande timen, 45#23,45 Forhenget i tempelet truleg forhenget mellom Det heilage og Det høgheilage i tempelet. Jf. 2 Mos 26,31–33; Hebr 9,3. =Guds bustad. for sola lyste ikkje lenger. Forhenget i tempelet rivna midt i to, 46#Sal 31,6 og Jesus ropa med høg røyst: «Far, i dine hender gjev eg mi ånd!» Med desse orda anda han ut.
47Då offiseren såg det som hende, lova han Gud og sa: «Denne mannen var sanneleg rettferdig!» 48#18,13 Og alle som hadde samla seg for å sjå på, slo seg for bringa då dei såg det som hende, og gjekk derifrå. 49#Sal 38,12; Luk 8,2f Men alle som kjende han, stod langt borte og såg på. Mellom desse var òg dei kvinnene som hadde følgt han frå Galilea.
Jesus blir gravlagd
(Matt 27,57–61; Mark 15,42–47; Joh 19,38–42)
50Det var ein rådsherre som heitte Josef. Han var ein god og rettferdig mann 51#2,25.38 og hadde ikkje vore med på det dei andre hadde vedteke og sett i verk. Han var frå Arimatea, ein by i Judea, og han venta på at Guds rike skulle koma. 52Han gjekk til Pilatus og bad om å få Jesu kropp. 53Og Josef tok ned Jesu kropp, sveipte han i eit linklede og la han i ei grav som var hoggen ut i bergveggen, og som det endå ikkje hadde lege nokon i. 54#23,54 førebuingsdagen namnet på vekedagen fredag, då folk førebudde seg til sabbaten. =festar og høgtider. Det var førebuingsdagen, rett før sabbaten tok til.
55 # 8,2f Dei kvinnene som hadde vore med han frå Galilea, følgde etter. Dei såg grava og såg korleis Jesu kropp vart lagd der. 56#2 Mos 12,16; 20,10#23,56 angande olje Før gravlegginga brukte dei å salva den døde med olje og strø velluktande krydder i likkledet. Jf. Joh 19,39f. Sidan gjekk dei heim og gjorde i stand angande olje og salve. På sabbaten heldt dei seg i ro, som lova kravde.

Markert nå:

Lukas 23: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring