3. Mosebok 3
N11NN

3. Mosebok 3

3
Fredsofferet
1 # 7,11ff # 3,1 fredsoffer =offer og soning. Dersom offergåva hans er eit fredsoffer, og han tek det av storfeet, skal han ofra for Herrens andlet eit dyr utan feil, anten hann eller ho. 2Han skal leggja handa på hovudet til offeret og slakta det innmed inngangen til teltheilagdomen, og Arons søner, prestane, skal stenka blodet rundt om på altaret. 3Av fredsofferet skal han bera fram som gåveoffer for Herren feittet på og rundt innvolane, 4begge nyrene med talgen innmed hoftemusklane, og leverlappen, som han skal ta ut saman med nyrene. 5Sønene til Aron skal la det gå opp i røyk på altaret saman med brennofferet som ligg på veden over elden, eit gåveoffer til godange for Herren.
6Dersom det er av småfeet han ofrar eit fredsoffer til Herren, skal det vera eit dyr utan feil, anten hann eller ho. 7Dersom det er ein sau han ofrar, skal han leia han fram for Herrens andlet, 8leggja handa på hovudet til offeret og slakta det framfor teltheilagdomen, og Arons søner skal stenka blodet rundt om på altaret. 9Av fredsofferet skal han bera fram feittet som gåveoffer for Herren, heile feitthalen, som han skal skjera tett innmed ryggbeinet, feittet som dekkjer innvolane, 10begge nyrene med talgen innmed hoftemusklane, og leverlappen, som han skal ta ut saman med nyrene. 11Presten skal la det gå opp i røyk på altaret som gåveoffer for Herren.
12Dersom offergåva hans er ei geit, skal han leia henne fram for Herrens andlet, 13leggja handa på hovudet hennar og slakta henne framfor teltheilagdomen, og Arons søner skal stenka blodet hennar rundt om på altaret. 14Av offergåva skal han bera fram som gåveoffer for Herren feittet som er på og rundt innvolane, 15begge nyrene med talgen innmed hoftemusklane, og leverlappen, som han skal ta ut saman med nyrene. 16Presten skal la det gå opp i røyk på altaret. Det er eit gåveoffer til godange for Herren. Alt feitt høyrer Herren til. 17#7,23f; 17,10f; 19,26; 5 Mos 12,16; Apg 15,20.29 Dette er ei evig forskrift for dykk gjennom alle slekter, kvar de så bur. Feitt og blod må de aldri eta.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk