Job 6
N11NN

Job 6

6
Job: Brørne mine sviktar
1Då tok Job til ords og sa:
2Å, om mi uro kunne vegast
og leggjast i vektskåla med mi sorg!
3For no er dei tyngre enn havsens sand;
difor talar eg utan å tenkja.
4 # 5 Mos 32,23; Job 34,6; Sal 38,3 Piler frå Den veldige sit i kroppen,
gifta deira tek mi kraft;
redsler frå Gud samlar seg mot meg.
5Skrik vel eit villesel som beiter i graset,
rautar ein okse når han har fôr?
6Kven et smaklaus mat utan salt?
Smakar det noko av stokkrosesaft?
7Det byd meg imot å røra ved slikt,
det er som å eta utskjemd mat.
8Om berre bøna mi vart høyrd,
om Gud ville oppfylla mitt håp!
9 # 1 Kong 19,4 Om han berre ville knusa meg,
lyfta handa si og gjera ende på meg!
10 # 5 Mos 6,6–9 Då får eg trass alt ei trøyst
når eg vrid meg i nådelaus pine:
Så hadde eg ikkje fornekta talen frå Den heilage.
11For kva krefter har eg til å halda ut?
Finst det eit mål eg kan strekkja meg mot?
12Er eg sterk som stein,
er kroppen min av bronse?
13Nei, eg er fullstendig hjelpelaus,
eg finn ingen utveg.
14 # 1 Joh 3,17 Den som ikkje viser godvilje mot nesten,
har gjeve opp si frykt for Den veldige.
15 # Sal 38,12; Jer 15,18 Og brørne mine svikta som ein bekk,
eit bekkefar der vatnet blir borte.
16Bekken var dekt av tjukk is,
løynd under snøen.
17I tørketida stilnar han,
i varmen tørkar han inn.
18Straumen mistar retninga;
vatnet renn ut i sanden og blir borte.
19Karavanar frå Tema speida etter vatn,
dei reisande frå Saba sette sitt håp til det.
20Dei stola på det, men vart til skamme.
Då dei kom fram, vart dei vonbrotne.
21No har de vorte ein slik bekk!
De ser det grufulle og blir redde.
22Har vel eg nokon gong sagt: «Gjev meg noko!
Bruk rikdomen dykkar til å kjøpa meg fri!
23 # Jer 15,21 Redd meg frå fienden,
fri meg frå valdsmenns hand!»
24 # 10,2; 13,23 Rettlei meg, så skal eg teia.
Vis meg kvar eg har feila!
25 # Fork 12,11 Kan rettvise ord såra?
Men korleis er det de talar til rette?
26Vil de visa meg til rette for min tale?
Ord frå ein fortvila blir spreidde for vinden.
27Ville de òg kasta lodd om foreldrelause
og kjøpslå om ein ven?
28Lyft no hovudet og sjå på meg!
For eg lyg dykk ikkje rett opp i andletet.
29Tenk dykk om! Gjer ikkje urett!
Vend om; eg er enno rettferdig!
30Finst det urett på mi tunge?
Kjenner eg ikkje smaken av sorg?

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk