Job 5
N11NN

Job 5

5
Gud sårar og lækjer
1 # 4,18 Rop berre! Er det nokon som svarar?
Kven av dei heilage vender du deg til?
2Uro tek livet av den dumme,
sinne drep den godtruande.
3 # Sal 37,35ff Eg såg den dumme slå rot,
men brått måtte eg forbanna bustaden hans.
4 # 5,4 porten rettsforsamlinga i byen. Jf. Rut 4,1ff. Borna hans var verjelause,
knuste i porten, og ingen hjelpte dei.
5 # Sal 109,11 # 5,5 mellom tornar korn vart òg sådd på upløgd mark. Jf. Matt 13,3–8. Dei svoltne åt opp avlinga hans,
tok henne, endåtil mellom tornar;
og dei tørste greip etter godset hans.
6For ulukke skyt ikkje opp av støvet,
og liding gror ikkje opp av jorda.
7 # 1 Mos 3,17–19 Men mennesket er fødd til liding,
gneistar som flyg høgt i vêret.
8Sjølv ville eg heller ha vendt meg til Gud,
ja, til han ville eg ha overgjeve mi sak,
9 # 9,10 han som gjer storverk ingen kan granska,
og under ingen kan telja.
10 # 36,27; Sal 65,10ff Han gjev regn over jorda,
sender vatn ut over åker og eng.
11 # 1 Sam 2,7f; Sal 113,7f; Luk 1,52 Han reiser dei nedbøygde opp,
reddar og tryggjar dei sørgjande.
12 # Neh 4,15; Sal 33,10; Jes 8,10 Han knuser planane til dei listige,
deira verk lukkast ikkje.
13 # 1 Kor 3,19 Han fangar dei vise i deira list,
snedige planar er forhasta.
14 # 3,4–9 Om dagen møter dei mørker,
ved middagstid famlar dei som om natta.
15Så reddar han den fattige
frå dei mektiges sverd, munn og hender.
16 # Sal 107,42; Mi 7,16 Då blir det håp for den svake.
Vondskapen lèt att sin munn.
17 # Ordt 3,11ff; Hebr 12,5ff; Op 3,19 Sæl er den som Gud viser til rette.
Du skal ikkje forakta formaning frå Den veldige!
18 # 5 Mos 32,39; 1 Sam 2,6; Hos 6,1 For han sårar, og han bind om såra.
Han knuser, og hans hand lækjer.
19 # Sal 91,3ff; Ordt 24,16 Gjennom seks trengsler bergar han deg,
og i den sjuande skal ulukka ikkje nå deg.
20 # Sal 33,19; Jer 39,18 I uår friar han deg frå døden
og i krig frå kvasse sverd.
21 # Jes 54,17 Du er trygg for stikkande tunge
og fryktar ikkje komande ulukke.
22Du ler av ulukke og hungersnaud
og fryktar ikkje dyra på jorda.
23 # 1 Mos 9,9f; Esek 34,25; Hos 2,18 For du har ei pakt med steinane på marka.
Villdyra held fred med deg.
24Du får oppleva fred i telta dine,
når du går over eigedomen, manglar du ingen ting.
25Du får oppleva at ætta veks,
etterkomarane dine blir som gras på jorda.
26 # 42,17 Du går i grav i mogen alder
slik kornband blir samla i rett tid.
27Ja, dette har vi granska, og slik er det.
Høyr det og ta det til deg!

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk