Job 42

42
Job: No har eg sett deg
1Då svara Job Herren og sa:
2 # 1 Mos 18,14; Luk 1,37 Eg veit at du maktar alt.
Ingen ting er umogleg for deg når du vil det.
3 # 38,2f Kven løyner din plan med uforstand?
For eg har tala utan å forstå
om det som er så underfullt at eg ikkje fattar det.
4Så høyr på det eg no seier:
Eg vil spørja deg, så kan du læra meg.
5Før hadde eg berre høyrt gjetord om deg.
No har eg sett deg med eigne auge.
6Difor kallar eg alt tilbake og angrar
i støv og oske.
Herren velsignar Job
(42,7–17)
7 # 13,7–12 Etter at Herren hadde sagt desse orda til Job, sa han til Elifas frå Teman: «Eg er brennande harm på deg og dei to venene dine; for de har ikkje tala rett om meg, slik som tenaren min, Job. 8#1 Mos 20,7 Ta no sju oksar og sju vêrar, gå til tenaren min, Job, og ber dei fram som brennoffer for dykk sjølve. Job, tenaren min, skal be for dykk, og eg vil høyra bøna hans og ikkje gjengjelda dårskapen dykkar. De tala ikkje rett om meg, slik tenaren min, Job, gjorde.» 9#1 Mos 20,17 Elifas frå Teman, Bildad frå Sjuah og Sofar frå Naama gjekk då av stad og gjorde som Herren hadde sagt, og Herren høyrde på Job.
10 # Jak 5,11 Herren vende Jobs lagnad då han bad for venene sine, og lét han få dobbelt så mykje som han hadde hatt før. 11Alle brørne og systrene hans og dei som kjende han frå før, kom til han. Dei åt med han i huset hans, viste medkjensle og trøysta han for alt det vonde som Herren hadde late koma over han. Kvar og ein gav han eit pengestykke og ein gullring.
12 # 1,3; 8,7 Og Herren velsigna Jobs siste år meir enn dei første. Han fekk fjorten tusen sauer, seks tusen kamelar, tusen par oksar og tusen eselhopper. 13#1,2.18f Han fekk sju søner og tre døtrer. 14#42,14 Jemima tyder kanskje «turteldua». Kesia tyder «kanelblomen». Keren-Happuk kan tyda «sminkeskrinet». Den eine dottera kalla han Jemima, den andre Kesia og den tredje Keren-Happuk. 15#4 Mos 27,1–11 I heile landet fanst ikkje vakrare kvinner enn døtrene til Job; faren gav dei arverett saman med brørne.
16 # Sal 90,10; 128,6 Etter dette levde Job i 140 år. Han fekk sjå born og barneborn i fire slektsledd. 17#1 Mos 25,8; 35,29; 1 Krøn 23,1; 29,28 Så døydde Job, gammal og mett av dagar.

Markert nå:

Job 42: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring