Job 36
N11NN
36
Elihu: Gud er mektig
1Elihu heldt fram og sa:
2Ha litt tolmod med meg,
så skal eg læra deg noko;
for eg har meir å seia om Gud.
3Mi innsikt hentar eg langt bortanfrå,
eg viser at skaparen min har rett.
4Orda mine er ikkje løgn;
du står framfor ein som veit alt.
5Sjå, Gud er mektig, men avviser ingen;
mektig er hans styrke og innsikt.
6 # Sal 72,4; Jes 11,4 Han held ikkje liv i den urettferdige,
men lèt hjelpelause få sin rett.
7 # 1 Sam 2,8; Sal 34,16; 113,7f Han tek ikkje auga frå dei rettferdige;
med kongar kjem dei på trona,
han lèt dei sitja for alltid og opphøgjer dei.
8Blir dei bundne med lenkjer,
fanga i ulukke-snarer,
9så vil han seia dei kva dei har gjort,
at dei synda då dei opphøgde seg.
10 # 33,16f Han opnar øyra deira for å åtvara
og byd dei å venda om frå urett.
11 # 5 Mos 32,19f; Ordt 1,32f Om dei då lyder og tener han,
vil dei leva godt alle sine dagar
og enda sine år i lukke.
12Men om dei ikkje lyder,
vil dei falla for sverd,
omkoma i sin uforstand.
13Eit ugudeleg hjarte ber på harme.
Dei ropar ikkje om hjelp når Gud har bunde dei.
14Dei døyr i sin ungdom,
endar sitt liv blant tempelprostituerte menn.
15 # Jes 38,17 Gud bergar hjelpelause i deira naud,
opnar øyra deira i trengslene.
16 # Sal 18,20; 23,5; Jes 25,6 Så vil han òg føra deg ut or trengsles gap,
til ope landskap utan farar
der bordet ditt er fullt av feite retter.
17Du fullfører dommen over dei lovlause,
lov og rett skal ramma dei.
18 # 5 Mos 8,12–14 Pass på så ikkje nokon lokkar deg med overflod,
lat ikkje løysepengar føra deg på avvegar!
19Kan skriket ditt fria deg frå trengsle
om du så bruker all di kraft?
20 # 34,20 Du skal ikkje lengta etter den natta
då folkeslag blir rykte opp med rot.
21Akta deg, vend deg ikkje mot vondskap,
for du vel heller vondskap enn liding.
22 # Sal 25,8f Sjå, Gud er opphøgd i sitt velde.
Kven er ein lærar som han?
23 # Jes 40,13; Rom 11,33f Kven peikar ut den vegen han skal følgja?
Kven kan seia at han gjer urett?
24 # Sal 19,2–4; 96,1f Gløym ikkje å prisa hans verk,
det alle menneske syng om.
25Alle menneske ser det,
dei skimtar det langt borte.
26 # Sal 102,13.28; 145,3 Sjå, Gud er opphøgd, men vi forstår ikkje,
hans år kan vi ikkje telja.
27 # 5,10; 38,25–28; Sal 65,10 Han dreg vassdropar opp til seg.
Dei blir til regn, til ei Guds kjelde
28som strøymer frå skyene
og fell på mange menneske.
29 # Sal 18,12 Kan nokon forstå korleis skyene breier seg ut,
korleis det tornar under hans bustad?
30Sjå, han breier lyn omkring seg
og løyner havsens djup.
31Slik held han dom over folka,
og slik gjev han mat i overflod.
32Han kler hendene sine i lyn
og sender dei mot sitt mål.
33Torebrak melder at han kjem,
sjølv buskapen varslar det når han dreg fram.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk