Job 32
N11NN
32
Elihu: Også eg vil tala
1 # 35,2 Desse tre mennene heldt opp med å svara Job fordi han såg seg sjølv som rettferdig. 2#32,2 Bus truleg ein stad i Nord-Arabia, nær Dedan og Tema. Jf. Jer 25,23. Elihu, son til Barakel frå Bus, av Ram-slekta, vart då fylt av harme. Vreiden hans flamma opp mot Job, som meinte seg å vera meir rettferdig enn Gud. 3Også på dei tre venene var han sint fordi dei ikkje tok til motmæle, endå dei meinte at Job var skuldig. 4Elihu hadde venta med å tala til Job fordi dei andre var eldre enn han. 5Men då Elihu såg at det ikkje fanst svar i munnen til dei tre mennene, vart han brennande harm. 6Difor tok Elihu, son til Barakel frå Bus, til ords og sa:
Eg er ung av år, og de er gamle.
Difor var eg redd,
våga ikkje å seia mi meining til dykk.
7 # 12,12 Eg tenkte: «Lat alderen tala,
lat dei mange år bera fram visdom!»
8 # 1 Mos 2,7; 41,38f; Ordt 2,6; Dan 1,17 Men det er ånda som er i mennesket,
pusten frå Den veldige, som fører til innsikt.
9 # Sal 119,100 Det er ikkje talet på år som gjev visdom,
dei gamle veit ikkje alltid kva som er rett.
10Difor seier eg: Høyr på meg!
Eg òg vil seia mi meining.
11For eg venta medan de tala,
lytta etter forstand
medan de leita etter ord.
12Eg høyrde nøye på dykk,
men ingen har vist at Job tek feil,
ingen har gjeve han svar på tiltale.
13Sei ikkje: «Vi har funne visdom hos han.
Berre Gud kan vinna over han, ikkje menneske.»
14For han har enno ikkje retta talen sin til meg,
og eg skal ikkje svara han slik de gjorde.
15Dei er mållause og svarar ikkje meir,
orda sviktar dei.
16Skulle eg venta når dei ikkje talar,
når dei berre står der utan svar?
17Eg òg må ha rett til å tala,
eg òg vil seia mi meining.
18 # Jer 20,9 For eg blir fylt av ord,
ånda i mitt bryst driv meg.
19 # Luk 5,37f Mitt bryst er lik uopna vin,
lik nyfylte skinnsekker som held på å rivna.
20Eg vil letta trykket ved å tala,
opna leppene og gje svar.
21Eg gjer ikkje forskjell på folk,
vil ikkje smigra nokon,
22for smiger veit eg ikkje av.
Elles kunne min skapar snart rykkja meg opp.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk