Job 27
N11NN
27
Job: Eg held fast på mi rettferd
1Job heldt fram med visdomstalen sin og sa:
2 # Rut 1,20; Job 34,5 Så sant Gud lever, han som nektar meg retten,
Den veldige, han som gjer meg bitter:
3 # 1 Mos 2,7; Job 32,8 Så lenge det er livsande i meg,
pust frå Gud i nasen min,
4 # 1,22; 2,9 skal leppene mine ikkje tala urett
og tunga ikkje bera fram svik.
5 # 9,21 Fri meg frå å gje dykk rett!
Eg er uskuldig, det står eg ved til eg døyr.
6 # Apg 24,16; 1 Kor 4,4; 2 Tim 1,3 Eg held på mi rettferd og slepper ikkje,
hjartet fordømmer ingen av dagane mine.
7Lat fienden min stå som skuldig,
motstandaren som urettferdig!
8 # 20,5; Luk 12,20 Kva håp har den ugudelege av det han har vunne,
når Gud gjer ende på livet hans?
9 # 5,20; Joh 9,31 Høyrer Gud klageropa hans
når trengsler kjem over han?
10 # 7,4; 22,26; Jes 58,14 Har han si glede i Den veldige?
Ropar han seint og tidleg på Gud?
11 # 19,21 Eg vil læra dykk om Guds hand
og ikkje skjula kva Den veldige har tenkt.
12 # 21,34 De har då sett det, alle saman,
så kvifor dette tomme snakket?
13Slik er den delen ein lovlaus får av Gud,
den arven valdsmannen får frå Den veldige:
14 # 1,18f Har han mange born, fell dei for sverd,
etterkomarane får ikkje metta seg med brød.
15Dei som overlever, går i død og grav,
og inga enkje held sørgjehøgtid.
16Han haugar opp sølv som støv
og samlar seg klede som leire;
17 # Ordt 13,22; Fork 2,26 han samlar, men rettferdige kler seg,
uskuldige deler sølvet.
18 # Jes 1,8 Det huset han byggjer, er som ein møll,
som lauvhytta vaktmannen lagar.
19Han legg seg rik, men det varer ikkje:
Han slår auga opp, og alt er borte.
20 # 18,11–16; 21,18 Redsler når han att som ein vassflaum,
om natta fører stormen han vekk.
21Austavinden lyfter han og fører han bort,
sopar han av stad,
22kastar seg over han utan skånsel
og er så sterk at han må rømma.
23 # Klag 2,15; Nah 3,19 Vinden slår hendene saman
og plystrar han hånleg bort frå hans stad.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk