Job 20
N11NN
20
Sofar: Dei vonde jublar ei kort tid
1Då tok Sofar frå Naama til ords og sa:
2Igjen og igjen får eg opprivande tankar,
dei gjer meg uroleg.
3Vel må eg lytta til refs og hån,
men krafta frå min forstand gjev meg svar.
4Du veit at slik har det alltid vore,
heilt sidan mennesket vart sett på jorda;
5 # Sal 37; 73 dei urettferdige jublar ei kort tid,
den ugudelege gleder seg ein augneblink.
6 # Jes 14,13ff; Jer 51,53; Esek 31,3 Om hans hovmod lyfter seg himmelhøgt
og hovudet når til skyene,
7går han likevel til grunne som skit.
Dei som såg han, spør: «Kvar er han?»
8 # Sal 37,36; 73,20 Som ein draum flyg han bort, dei finn han ikkje.
Han svinn som eit syn om natta.
9Auget som såg, ser han ikkje lenger,
han er ikkje på heimstaden sin.
10 # Sal 109,10 Borna hans må søkja godvilje hos fattige;
med eigne hender må han gje rikdomen tilbake.
11Ungdomskrafta som fylte beina,
kviler no med han i støvet.
12 # Ordt 20,17 Det vonde er søtt i hans munn,
han gøymer det under tunga.
13Han smattar på det utan å svelgja,
trykkjer det mot ganen.
14Men maten blir omskapt i magen,
blir ormegift i hans indre.
15Rikdomen han slukte, kastar han opp,
Gud driv det ut or magen.
16Han syg ormeeiter,
hoggormtunga drep han.
17 # 29,6 Aldri får han sjå bekker
eller elvar som fløymer med honning og rømme.
18 # 20,15; Jer 12,13 Maten han har streva for, vil ut,
han får han ikkje ned.
Han har inga glede av rikdomen han vann.
19 # Jes 5,8; Mark 12,40 For han knuste fattige og lét dei liggja,
han røva til seg hus han ikkje hadde bygd.
20Han finn inga ro i sitt indre;
han kan ikkje berga det han har så kjært.
21Ingen ting slepp unna fråtsinga,
difor varer ikkje velstanden for han.
22I hans store overflod blir det trongt,
ulukka rammar, med full kraft.
23 # 4 Mos 11,31–34; Sal 11,6; Luk 12,19f For retteleg å fylla magen hans
sender Gud sin brennande vreide
og lèt det regna over han med kjøt.
24 # Am 5,19 Han rømmer frå våpen av jern,
men blir såra av ein bronseboge.
25Han dreg pila ut av ryggen,
dreg den blanke spissen ut av galleblæra.
Redsle kjem over han.
26 # 5 Mos 32,22 Stummande mørker løyner han.
Ein eld som ingen pustar til, fortærer han.
Ulukka rammar dei som er att i teltet hans.
27 # 31,38–40 Himmelen avdekkjer hans skuld,
jorda reiser seg mot han.
28 # Jes 13,13; Sef 2,2 Avlinga han fekk i hus, blir ført bort,
skyld vekk på Guds vreidedag.
29 # 18,21 Slik er lagnaden eit urettferdig menneske får av Gud,
arven som Gud har bestemt.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk