Job 15

15
Elifas: Munnen din dømmer deg
1Då tok Elifas frå Teman til ords og sa:
2Ville ein vis svara med luftige meiningar
og fylla lungene med austavind,
3forsvara seg med gagnlaus tale,
med ord som ikkje duger?
4Sjølv gudsfrykta bryt du ned,
det blir mindre ettertanke for Guds andlet.
5 # Luk 6,45 Det er synda di som lærer opp munnen,
du vel eit listig språk.
6 # Matt 12,37 Munnen dømmer deg skuldig, ikkje eg.
Leppene vitnar mot deg.
7 # Ordt 8,25 Vart du kanskje fødd som det første mennesket,
vart du til før haugane var til?
8 # Jes 14,13f; Jer 23,18; Rom 11,34 Lytta du då Gud heldt råd?
Heldt du visdomen for deg sjølv?
9 # 13,2 Veit du noko som ikkje vi veit?
Forstår du noko som ikkje vi forstår?
10 # 12,12 For også mellom oss finst gråhåra og gamle,
rikare på dagar enn din eigen far.
11Er Guds trøyst og hans milde ord
for lite for deg?
12Kvifor gjer hjartet deg uroleg?
Kvifor himlar du med auga?
13Du vender di ånd mot Gud,
tek sterke ord i din munn.
14 # 4,17+ Korleis kan eit menneske vera reint
og ein som er fødd av ei kvinne, ha rett?
15 # 4,18f Gud stolar ikkje eingong på sine heilage,
sjølv himmelen er ikkje rein i hans auge,
16langt mindre eit avskyeleg og forderva menneske
som drikk urett som om det var vatn.
17Eg vil seia deg noko, høyr på meg!
Eg vil fortelja det eg har sett,
18det dei vise forkynte,
det fedrane ikkje heldt tilbake.
19Berre til dei vart landet gjeve,
der drog ingen framande gjennom.
20 # Jes 48,22 Den lovlause lever i uro alle sine dagar,
valdsmannen lever ikkje mange år.
21Redslene syng i øyret hans,
i fredstid kjem nokon for å herja.
22Han har ikkje håp om å sleppa unna mørkret,
han er utpeika til å falla for sverd.
23 # 18,12 Han streifar om etter brød – men kvar er det?
Han veit at ein mørk dag står klar for han.
24Naud og trengsle skremmer han,
som stridsklare kongar overmannar dei han.
25Han har lyft si hand mot Gud
og strider mot Den veldige,
26stormar mot han med krum nakke
bak eit tjukt og boge skjold.
27 # Sal 73,4ff Andletet hans svulmar av feitt,
han legg på seg rundt hoftene.
28Men han må slå seg ned i øydelagde byar
og i hus der ingen kan bu,
hus som er dømde til å leggjast i røys.
29Han blir ikkje rik, hans makt blir ikkje ståande;
grøda bognar ikkje på jorda hans.
30Han slepp ikkje unna mørkret;
heten svir av dei friske skota,
og munnen sluttar å pusta.
31Ingen må stola på det som er tomt.
Han blir ført vill, og tomt er det han får att.
32 # 8,12f; 22,16; Sal 55,24 Før dagen er omme,
døyr greinene.
33Han er lik ein vinstokk som mistar umogne druer,
lik eit oliventre som kastar blomane.
34Forsamlinga av ugudelege gjev inga frukt,
elden øyder telta til dei som lèt seg kjøpa.
35 # Sal 7,15; Jes 59,4 Dei unnfangar urett og føder vondskap,
morslivet ber fram svik.

Markert nå:

Job 15: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring