Job 1
N11NN

Job 1

1
Jobs lukke og ulukke
(Kap. 1–2)
Job og familien hans
1 # 1 Mos 6,9; 1 Kong 9,4; Sal 25,21; Esek 14,14; Luk 1,6 # 1,1 Us ukjent landområde som i Klag 4,21 blir sett i samband med Edom. Det budde ein mann i landet Us. Job var namnet hans. Han var ein from og rettskaffen mann som frykta Gud og heldt seg borte frå alt vondt. 2Han fekk sju søner og tre døtrer. 3#1,3 folka i aust samlenamn på folkeslag i landa mellom Kanaan og Mesopotamia. Jf. Dom 6,3; 1 Kong 4,30; Esek 25,4. Han hadde ein buskap på sju tusen sauer, tre tusen kamelar, fem hundre par oksar og fem hundre eselhopper. Mange tenarar hadde han òg. Denne mannen var den største blant folka i aust.
4Sønene til Job brukte å festa hos kvarandre på omgang. Dei inviterte dei tre systrene sine til å eta og drikka saman med dei. 5#1 Sam 16,5#1,5 brennoffer offer for å gjera soning og for å vera til glede for Herren. Jf. 3 Mos 1. Når dagane med festing var over, sende Job bod for å helga dei. Han stod tidleg opp om morgonen og bar fram brennoffer for kvar einskild. For, som Job sa: «Kanskje har borna mine synda og spotta Gud i sitt hjarte.» Slik gjorde Job alltid.
Den første prøva
6 # 2,1 # 1,6 gudesønene himmelske vesen i Guds nærleik. Jf. 38,7; Sal 29,1; 89,7. Klagaren Det hebr. ordet, satan, er i Jobsboka ein tittel, ikkje eit særnamn. I somme andre tekstar er det namnet på Guds motstandar. =djevelen. Jf. 1 Krøn 21,1; Matt 4,10. Så ein dag kom gudesønene og steig fram for Herren. Mellom dei var også Klagaren. 7#1 Pet 5,8Herren sa til han: «Kvar kjem du frå?» og han svara: «Eg har streifa omkring på jorda.» 8Herren sa: «Så la du vel merke til Job, tenaren min? På jorda finst ingen som han, ein from og rettskaffen mann som fryktar Gud og held seg borte frå alt vondt.» 9Men Klagaren svara: «Det er vel ikkje utan grunn at Job fryktar Gud? 10Har du ikkje på alle vis verna om han og huset hans og alt han eig? Hans henders arbeid velsignar du, og buskapen hans breier seg i landet. 11Men rett berre handa ut og rør ved alt som er hans, så får vi sjå om han ikkje spottar deg rett opp i andletet.» 12Då sa Herren til Klagaren: «Sjå, alt han eig, er i di makt, men han sjølv får du ikkje leggja hand på!» Så gjekk Klagaren bort frå Herren.
13Ein dag sat sønene og døtrene til Job og åt og drakk vin heime hos den eldste broren. 14Då kom ein bodberar til Job og sa: «Medan oksane gjekk for plogen og eselhoppene beitte like ved, 15#1,15 sabearane truleg eit handelsfolk frå Saba i Sør-Arabia. Jf. 1 Kong 10,1f. overfall sabearane oss og tok dyra. Tenarane hogg dei ned med sverd. Eg var den einaste som slapp unna og kan fortelja deg det.» 16#4 Mos 11,1.3; 5 Mos 4,24#1,16 Guds eld kan sikta til eit lyn. Jf. 2 Kong 1,10ff. Medan han enno tala, kom ein annan og sa: «Ein Guds eld fall frå himmelen. Elden råka sauene og tenarane og brende dei opp. Eg var den einaste som slapp unna og kan fortelja deg det.» 17#1,17 Kaldearane vanlegvis namn på folket i Babel. Jf. 2 Kong 25,4f; Esra 5,12. Medan han enno tala, kom ein tredje og sa: «Kaldearane kom, delte seg i tre flokkar, kasta seg over kamelane og tok dei. Tenarane hogg dei ned med sverd. Eg var den einaste som slapp unna og kan fortelja deg det.» 18Medan han enno tala, kom endå ein og sa: «Sønene og døtrene dine åt og drakk vin heime hos den eldste broren. 19Med eitt kom ein sterk vind frå den andre sida av ørkenen. Han tok tak i alle fire hjørna på huset, så det fall saman over dei unge, og dei døydde. Eg var den einaste som slapp unna og kan fortelja deg det.»
20 # 1 Mos 37,29.34; Esra 9,3 Då reiste Job seg, reiv sund kappa si og klipte av seg håret. Han kasta seg til jorda og tilbad.
21 # Fork 5,14.18; 1 Tim 6,7 Han sa: «Naken kom eg frå mors liv.
Naken vender eg attende.
Herren gav, Herren tok,
velsigna vere Herrens namn!»
22Gjennom alt dette synda ikkje Job. Han krenkte ikkje Gud.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk