Jeremia 6

6
Ei ulukke trugar
1 # 1,13ff; 4,5ff # 6,1 Bet-Hakkerem ein stad nordvest for Betlehem. Berg dykk, benjaminittar,
bort frå Jerusalem!
Blås i horn i Tekoa,
tenn varden på Bet-Hakkerem!
For ei ulukke trugar frå nord,
eit stort samanbrot.
2 # 6,2 dotter Sion >4,31. Den vakre og bortskjemde dotter Sion
gjer eg ende på.
3 # 4,17 Mot henne skal gjetarar koma
med saueflokkane sine.
Dei slår opp telt ikring henne,
og kvar beiter sitt stykke snautt.
4Lys heilag krig mot henne!
Kom, lat oss gå til åtak midt på dagen!
Ve oss, det lid mot kveld,
og skuggane blir lange.
5Kom, lat oss gå til åtak i natt
og øydeleggja borgene hennar!
6 # 5,1; Sef 3,1 Så seier Herren over hærskarane:
Fell tre og kast opp ein voll mot Jerusalem!
Ho er byen som skal krevjast til rekneskap,
ho er full av undertrykking.
7 # Sal 55,10ff Som ei kjelde held vatnet kaldt,
slik held byen vondskapen kald.
Der høyrer ein om vald og ran,
alltid ser eg sjukdom og sår.
8Lat deg refsa, Jerusalem,
elles bryt eg med deg
og gjer deg til ein aud stad,
eit land der ingen kan bu.
Uomskorne øyre
9 # Jes 5,1ff; Jer 5,1; Mi 7,1f Så seier Herren over hærskarane:
Hald etterhaust på Israels rest
som de gjer med vinstokken!
Gå endå ein gong over rankene med handa
lik ein som plukkar druer!
10 # 4,4; 5,21; Apg 7,51 «Kven skal eg tala til
og åtvara slik at dei høyrer?
Sjå, dei har uomskorne øyre
og kan ikkje høyra etter.
Sjå, Herrens ord er spott for dei,
og dei bryr seg ikkje om det.
11Men eg er full av Herrens harme,
eg er trøytt av å halda han att.»
Så aus han ut over borna på gata
og over flokken av unge menn som samlar seg!
Både mann og kvinne skal fangast,
gamle menn og oldingar.
12 # 8,10ff; Klag 5,2 Andre skal overta husa deira,
markene og kvinnene òg.
For no lyfter eg handa
mot dei som bur i landet,
seier Herren.
13 # Jes 56,11; Jer 23,11 For alle saman,
små og store,
skaffar seg urett vinning.
Profet og prest,
alle fer med svik.
14 # 4,10; 14,13; Esek 13,10.16; Mi 3,5; 1 Tess 5,3 Lettvint lækjer dei brotet i folket mitt,
dei seier: «Fred, fred!»
Men det er ikkje fred.
15Dei skal bli til skamme,
for dei har gjort avskyelege ting.
Likevel skjemmest dei ikkje,
veit ikkje kva vanære er.
Difor skal dei falla mellom dei som er falne.
Den timen eg krev rekneskap,
skal dei snubla, seier Herren.
Spør etter dei gamle stigane
16 # Matt 11,29; 23,37 Så seier Herren:
Still dykk på vegane og sjå!
Spør etter dei gamle stigane,
etter vegen til det gode!
Gå på den,
så skal de finna kvile for dykkar liv.
Men dei svara: «Vi vil ikkje gå der.»
17 # Esek 3,17ff; 33,2ff; Hos 9,8 # 6,17 vaktmenn profetane. Jf. Esek 33,1ff. Eg sette vaktmenn over dykk.
Lytt når hornet gjallar!
Men dei svara: «Vi vil ikkje lytta.»
18Difor, høyr, de folkeslag,
og forstå, de som er samla,
kva som skjer med dei.
19 # Ordt 1,31 Høyr, du jord!
Sjå, eg fører ulukke over dette folket,
frukta av deira eigne planar.
For dei lytta ikkje til mine ord,
og dei forakta mi lov.
20 # Jes 1,11; Jer 14,12; Am 5,22 Kva skal eg med røykjelse frå Saba
og det beste krydder frå fjerne land?
Brennoffera dykkar tek eg ikkje imot,
slaktoffera gleder meg ikkje.
21Difor seier Herren:
Sjå, eg legg snublesteinar
for dette folket.
Både fedrar og søner
skal snubla i dei,
granne og neste
skal gå under.
Fienden frå nord
22 # 1,14+; 50,41ff # 6,22 eit folk … i nord >1,14. Så seier Herren:
Sjå, det kjem eit folk frå landet i nord,
eit stort folkeslag bryt opp
frå ytste enden av jorda.
23Dei har boge og sabel i handa,
dei er grufulle og viser ingen nåde.
Larmen drønnar som havet,
på hestar kjem dei ridande,
rusta til krig mot deg, dotter Sion.
24 # 4,31 Då vi høyrde ryktet,
vart hendene våre slappe,
trengsle greip oss,
rier som hos ei fødande kvinne.
25 # 20,3.10; 46,5; 49,29 Gå ikkje ut på marka,
ferdast ikkje på vegen,
for fienden har sverd,
redsle rår på alle kantar.
26 # 4,8; Am 8,10 Mitt folk, mi dotter,
bind sekkestrie om deg
og velt deg i oske!
Hald sørgjehøgtid over einaste sonen din,
ei bitter klage.
For brått kjem øydeleggjaren over oss.
Profeten skal prøva folket
27 # Jes 48,10; Jer 1,18; Sak 13,9; Mal 3,2ff Eg har sett deg til å prøva folket mitt
slik ein prøver gull,
du skal kjenna og prøva deira vegar.
28 # 5,23 Alle er trassige opprørarar,
dei fer med sladder,
dei er bronse og jern,
øydeleggjarar er dei alle.
29Blåsebelgen er svidd av elden,
blyet er fjerna.
Men det nyttar ikkje å smelta,
dei vonde blir ikkje utskilde.
30 # 7,15.29 Forkasta sølv skal dei kallast,
for Herren har forkasta dei.

Markert nå:

Jeremia 6: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring