Jeremia 50

50
Babel
1 # Jes 13–14; 21,1–10 Dette ordet tala Herren gjennom profeten Jeremia om Babel, landet til kaldearane:
2 # 50,2 Bel, Marduk babylonske gudenamn. Bel, som svarar til hebr. Baal, «herre», vart nytta til namn på Babels hovudgud Marduk. Kunngjer det mellom folkeslaga, lat det høyrast!
Lyft banneret, lat det høyrast!
Løyn det ikkje, men sei:
Babel er teken,
Bel har vorte til skamme,
og Marduk er slegen av skrekk.
Gudebileta har vorte til skamme,
avgudane er slegne av skrekk.
3For eit folkeslag frå nord rykkjer fram
og gjer landet til øydemark
så ingen kan bu der;
både menneske og dyr flyktar og dreg bort.
4 # 3,18.21; 31,9 I dei dagane og på den tida,
seier Herren,
skal israelittane koma
og judearane saman med dei.
Gråtande skal dei gå
og søkja Herren sin Gud.
5Dei spør etter Sion,
dit vender dei andletet:
«Kom, lat oss slutta oss til Herren
i ei evig pakt som aldri blir gløymd!»
6 # Sal 119,176; Jer 3,6; Esek 34,4f; Matt 9,36 Folket mitt var bortkomne sauer,
gjetarane førte dei vill,
på avvegar i fjella.
Dei gjekk frå fjell til haug
og gløymde kvar dei skulle kvila.
7 # 2,3; Sak 11,5 Alle som møtte dei, ville eta dei.
Fienden sa: «Vi gjer ingen urett,
for dei har synda mot Herren,
han som er deira rette beitemark,
Herren, vona til fedrane deira.»
8 # Jes 48,20; Jer 51,6.45; Sak 2,10f; Op 18,4 Flykt bort frå Babel,
dra ut frå landet til kaldearane,
gå som bukkar framfor flokken.
9For sjå, eg vekkjer ei stor forsamling
av folkeslag frå landet i nord
og fører dei opp mot Babel.
Dei stiller opp til strid mot byen
og tek han.
Dei skyt piler som ein dugande krigar,
ein som aldri kjem tomhendt att.
10Landet til kaldearane blir krigsbytte,
alle som plyndrar det, blir mette,
seier Herren.
11No kan de vera glade,
no kan de jubla,
de som plyndra eigedomen min.
De hoppar som kalvar i graset
og vrinskar som sterke hingstar.
12Mor dykkar skjemmest djupt,
ho som fødde dykk, blir til spott.
Sjå, ho er sist av folkeslaga,
ein ørken, tørt land, ei øydemark.
13 # 49,17 Fordi Herren er harm, skal ingen bu der,
heile landet skal bli til ein ørken.
Alle som går forbi Babel,
skal bli forfærde og plystra hånleg
over såra ho har fått.
14Still dykk opp kring Babel,
alle bogeskyttarar!
Skyt mot henne, spar ikkje på pilene,
for ho har synda mot Herren.
15 # Sal 137,8; Jer 51,6.24; Op 18,2f.6 Lyft hærrop mot henne frå alle kantar!
Ho gjev seg over!
Støttene hennar er falne, murane brotne ned.
For dette er Herrens hemn.
Hemn dykk på henne,
gjer med henne slik ho sjølv har gjort!
16 # Jes 13,14; Jer 46,16 Rydd ut or Babel han som sår,
og han som svingar sigden
når det er tid for å hausta.
Frå sverdet som herjar, skal kvar og ein
venda seg til sitt eige folk
og flykta til sitt eige land.
17 # 2 Kong 17,5f; 25,1ff Israel var ein sau som gjekk vill,
løver hadde drive han på flukt.
Først åt Assur-kongen han opp,
så har kong Nebukadnesar av Babel
gnege av beina.
18Difor seier Herren over hærskarane, Israels Gud:
Sjå, eg vil straffa kongen av Babel
og landet hans
slik eg straffa kongen av Assur.
19 # Mi 7,14 Så fører eg Israel tilbake
til beitemarkene hans.
Han skal beita på Karmel og i Basan,
på Efraim-fjellet og i Gilead
skal han bli mett.
20 # 31,34; Mi 7,18 I dei dagane og på den tida,
seier Herren,
skal dei leita etter Israels skuld, men ho er der ikkje,
etter Judas synd, men ho finst ikkje,
for eg tilgjev dei eg lèt vera att.
21 # 50,21 Meratajim-landet, Pekod ordspel som viser til landområde i Babel. Meratajim tyder «dobbelt opprør», og Pekod tyder «straff». slå … med bann =bann. Dra opp mot Meratajim-landet
og gå til åtak på det!
Gå mot dei som bur i Pekod,
forfølg dei med sverd og slå dei med bann!
Gjer alt det eg byd deg,
seier Herren.
22Det er krigslarm i landet,
eit stort samanbrot.
23 # 51,20 Knust og knekt
er all verdsens hammar.
Babel har vorte
ei øydemark mellom folkeslaga!
24Eg sette snarer for deg, Babel,
og før du visste av det, var du fanga.
Du vart funnen og gripen
fordi du gjekk til strid mot Herren.
25 Herren har opna våpenlageret
og teke fram sin harmes våpen,
for Herren, allhærs Gud,
har arbeid å gjera i landet til kaldearane.
26Rykk fram mot landet frå alle kantar!
Lat opp kornkammera,
kast kornet opp i haugar,
slå det med bann og øydelegg det,
lat ingenting vera att!
27Hogg alle oksane deira med sverd,
send dei til slakting!
Ve dei! Dagen deira er komen,
tida då dei må gjera rekneskap.
28 # 51,10 Høyr, dei flyktar
og kjem seg bort frå Babel
for å fortelja i Sion
at Herren vår Gud har teke hemn,
hemn for sitt tempel.
29Kall bogeskyttarane saman mot Babel,
alle som kan spenna ein boge.
Kringset byen frå alle kantar,
lat ingen sleppa unna!
Lat Babel få att for gjerningane sine,
gjer mot henne det ho sjølv har gjort.
For ho har handla overmodig mot Herren,
mot Israels Heilage.
30 # 49,26 Difor skal dei unge mennene hennar
falla på torga,
alle krigarane hennar skal drepast den dagen,
seier Herren.
31Eg kjem over deg, du overmodige,
seier Herren, allhærs Gud.
For no er dagen komen for deg,
den tid då eg krev deg til rekneskap.
32Den overmodige skal snubla og falla,
og ingen skal reisa han opp.
Eg set eld på byane hans,
og elden skal øyda alt ikring.
33Så seier Herren over hærskarane:
Israelittane er undertrykte
og judearane òg.
Alle som førte dei i fangenskap,
held dei fast,
dei nektar å sleppa dei fri.
34 # Jes 14,7; 47,3; Jer 51,36 Men han som løyser dei ut, er sterk.
Herren over hærskarane er hans namn.
Han vil føra deira sak
og gje jorda ro,
men uroa dei
som bur i Babel.
35Sverd mot kaldearane! seier Herren.
Sverd mot dei som bur i Babel,
mot hennar stormenn og vismenn!
36 # Jes 44,25 Sverd mot orakelprestane!
Dei er tåpelege.
Sverd mot krigarane!
Dei skal bli slegne av skrekk.
37 # 51,30; Nah 3,13 Sverd mot hestar og vogner,
mot alt blandingsfolket der!
Dei blir som kvinner.
Sverd mot skattkammera!
Dei blir rana.
38 # 50,38 Tørke På hebr. er dette ordet svært likt ordet «sverd» i v. 35ff. Tørke mot vatnet!
Det tørkar bort.
For dette er landet for gudebilete,
dei blir galne av skrekkbileta sine.
39 # Jes 13,20f; 34,10ff; Op 18,2 Difor:
Ørkendyr og hyenar skal slå seg ned,
og strutsar skal halda til der.
Aldri skal byen byggjast meir,
frå slekt til slekt skal ingen bu der.
40 # 49,18 Det skal gå som då Gud øydela
Sodoma og Gomorra og grannebyane,
seier Herren.
Ingen skal bu der,
ikkje eit menneske slå seg ned.
41 # 1,13ff; 6,22ff Sjå, det kjem eit folk frå nord,
eit stort folkeslag og mange kongar
bryt opp frå ytste enden av jorda.
42 # Jes 13,17f Dei har boge og sabel i handa,
dei er grufulle og viser ingen nåde.
Larmen drønnar som havet.
På hestar kjem dei ridande,
rusta til krig mot deg, dotter Babel.
43Då kongen av Babel høyrde ryktet om dei,
vart hendene hans slappe.
Trengsle greip han,
rier som hos ei fødande kvinne.
44 # 49,19–21 Sjå, lik løva som kjem opp
frå den tette Jordan-skogen
til sletta som alltid er grøn,
slik skal eg på ein augneblink
driva dei bort frå landet.
Kven er den utvalde som eg skal setja over det?
For kven er som eg?
Kven kan stemna meg?
Kven er den gjetaren som kan stå for mitt andlet?
45Difor, høyr kva avgjerd
Herren har teke om Babel,
kva plan han har lagt
mot landet til kaldearane.
Sanneleg, dei minste av sauene skal slepast bort,
og beitemarkene deira skal bli aude.
46Ropet «Babel er teken!»
får jorda til å skjelva,
og skriket skal høyrast mellom folkeslaga.

Markert nå:

Jeremia 50: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring