Jeremia 47
N11NN

Jeremia 47

47
Filistrane
1 # Jes 14,29ff+; Am 1,6ff; Sef 2,4ff; Sak 9,5ff # 47,1 farao kanskje farao Hofra. >37,5. Han vann over dei fønikiske byane Tyros og Sidon (v. 4), som stod i samband med filistarbyane. Herrens ord som kom til profeten Jeremia om filistrane før farao slo Gaza.
2 # 46,8 Så seier Herren:
Sjå, vatnet stig frå nord
og blir til ei fløymande elv,
ho fløymer over landet og alt som fyller det,
byane og dei som der bur.
Menneska skrik,
alle som bur i landet, jamrar.
3 # 4,13 For dei høyrer hovslag frå sterke hestar,
vogner som ramlar og hjul som dundrar.
Fedrane ser seg ikkje om etter borna,
hendene er slappe.
4For no er dagen komen
då filistrane skal øydeleggjast,
då alle i Tyros og Sidon
som slapp unna og kunne hjelpa,
skal ryddast ut.
For Herren øydelegg filistrane,
dei som er att frå Kaftor-kysten.
5 # 47,5 rispa deg opp >5,7. Gaza er raka snau,
Asjkalon har tagna.
Du som er att i dalen,
kor lenge vil du rispa deg opp?
6Å, du Herrens sverd,
kor lenge skal det vara
før du fell til ro?
Trekk deg inn att i slira,
kvil og ver stille!
7Korleis kan det falla til ro
når Herren har kalla det ut?
Han har sendt det til Asjkalon og til kysten.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk