Jeremia 46
N11NN

Jeremia 46

46
Egypt
1 # Jes 13–23; Esek 25–32; Am 1,1–2,3 Herrens ord som kom til profeten Jeremia om folkeslaga.
2 # 2 Kong 23,29; 24,7; 2 Krøn 35,20; Jes 19,1ff; Jer 25,1; 36,1 # 46,2 Karkemisj Då egyptarane leid nederlag her i 605 f.Kr., vart Nebukadnesar eineherskar i området. >Jes 10,9. Om Egypt.
Om hæren til farao Neko, kongen i Egypt, som stod ved Karkemisj ved elva Eufrat, og som vart slegen av Babel-kongen Nebukadnesar i det fjerde året Jojakim, son til Josjia, var konge i Juda:
3Gjer rundskjold og langskjold i stand
og rykk ut til strid!
4Sel på, stig til hest, de ryttarar,
still opp med hjelmane på,
gjer spyda blanke, ta brynjene på!
5Men kva må eg sjå?
Dei blir gripne av skrekk
og trekkjer seg tilbake.
Krigarane deira blir slegne,
dei flyktar utan å sjå seg tilbake.
Redsle rår på alle kantar,
seier Herren.
6 # Am 2,14 Den raske kan ikkje flykta,
krigaren kan ikkje berga seg.
Der nord, ved bredda av Eufrat,
der snublar dei og fell.
7Kven er det som stig lik Nilen,
lik elvar der vatnet fløymer?
8 # 1 Mos 7,19f; Jes 8,7ff; Jer 47,2 Det er Egypt som stig lik Nilen,
lik elvar der vatnet fløymer.
Det sa: «Eg vil stiga og løyna jorda,
gjera ende på byar og dei som bur der.
9 # 46,9 Kusj >13,23. Put land ved Middelhavet, vest for Egypt. Lud står elles for Lydia i Vesleasia, jf. Jes 66,19; her kanskje eit land i Afrika. Jf. 1 Mos 10,13. Fram, hestar! Av stad, vogner!
Krigarar skal rykkja ut,
Kusj og Put som ber skjold,
og dei frå Lud som spenner bogen!»
10 # Jes 34,5f.8; Sef 1,7 Den dagen er ein hemnens dag
for Herren, allhærs Gud,
han tek hemn over motstandarane.
Sverdet får eta seg mett
og drikka seg utørst på blod.
Det er offerslakting
for Herren, allhærs Gud,
i landet der nord ved Eufrat.
11 # 8,22 Dra opp til Gilead, du jomfru,
hent balsam, du dotter Egypt!
Kvart lækjemiddel er til fånyttes,
såret ditt vil ikkje gro.
12Folkeslag høyrer om di skam,
klageropet ditt fyller jorda.
Den eine krigaren snublar over den andre,
saman fell dei begge.
13 # 43,8ff Ordet som Herren tala til profeten Jeremia då kong Nebukadnesar av Babel kom for å slå Egypt:
14 # 46,14 Migdol >44,1. Nof og Tahpanhes >2,16. Kunngjer det i Egypt,
lat det høyrast i Migdol,
lat det høyrast i Nof og Tahpanhes!
Sei: Still opp og gjer deg klar!
For sverdet øyder rundt ikring deg.
15 # 46,15 Apis egyptisk oksegud. Kvifor flykta Apis, din sterke okse?
Han kunne ikkje stå imot,
for Herren har drive han bort.
16 # 50,16 Han fekk mange til å snubla,
ja, dei fall over kvarandre.
Då sa dei:
«Kom, lat oss venda attende til folket vårt,
til landet der vi er fødde,
bort frå det herjande sverdet!»
17Der skal dei gje farao, kongen i Egypt,
namnet «Krigslarm som kom for seint».
18Så sant eg lever, seier Kongen
Herren over hærskarane er hans namn:
Som Tabor mellom fjella kjem han,
som Karmel ute ved havet.
19 # 10,17ff; Esek 12,3 Pakk tinga dine for eksil,
du som bur hos dotter Egypt.
For Nof skal bli til ei øydemark,
lagd i øyde så ingen kan bu der.
20Egypt er ei prektig kvige,
men ein klegg frå nord
slår seg ned på henne.
21Leigesoldatane hennar
er som gjødde kalvar,
dei snur om og flyktar saman,
dei held ikkje ut.
For over dei er ulukkedagen komen,
rekneskapens tid.
22Ho kveser lik ein slange som glir bort,
for dei rykkjer fram med ein hær.
Dei kjem mot henne med øksar
som tømmerhoggarar.
23Dei høgg skogen hennar ned, seier Herren,
han har vorte for tett.
Dei er fleire enn grashopper,
dei er utan tal.
24 # 44,30 Dotter Egypt blir til skamme,
ho blir overgjeven til folket i nord.
25 # Jes 19,1; Jer 43,12; Nah 3,8 # 46,25 Amon frå No Solguden Amon, som på den tid var den høgste guden hos egyptarane, jf. Nah 3,8, vart særleg dyrka i No, gr. Theben, hovudstaden i Øvre Egypt. Herren over hærskarane, Israels Gud, seier: No vil eg straffa Amon frå No, farao og Egypt, gudane og kongane i landet, både farao og dei som lit på han. 26#Esek 29,13ff Eg gjev dei i hendene på dei som står dei etter livet, i hendene på kong Nebukadnesar av Babel og tenarane hans. Men sidan skal ho bu i landet som i gamle dagar, seier Herren.
27 # 30,10ff Ver ikkje redd, du min tenar Jakob,
seier Herren,
mist ikkje motet, Israel!
For sjå, eg bergar deg frå fjerne stader
og ætta di frå landet der ho er fanga.
Jakob skal venda attende
og leva roleg og trygt,
og ingen skal skremma han.
28 # 10,24 Ver ikkje redd, du min tenar Jakob,
seier Herren,
for eg er med deg.
Eg gjer ende på alle folkeslaga
som eg har drive deg bort til,
men deg gjer eg ikkje ende på.
Eg tuktar deg med rette
og lèt deg ikkje sleppa straff.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk