Jeremia 36

36
Bokrullen med profetiane frå Jeremia
1 # 25,1 Det var i det fjerde året Jojakim, son til Josjia, var konge i Juda, då kom dette ordet til Jeremia frå Herren: 2Ta ein bokrull og skriv ned alle dei orda eg har sagt til deg om Israel og om Juda og om alle folkeslag, frå den første dagen eg tala til deg i kong Josjias dagar og fram til i dag. 3#26,3; Esek 12,3 Når Judas hus får høyra om alt det vonde eg har tenkt å gjera mot dei, vender dei kanskje om frå sine vonde vegar, og då vil eg tilgje dei deira synd og deira skuld.
4 # 32,12; 45,1 # 36,4 Baruk Jf. 32,12. Då kalla Jeremia til seg Baruk, son til Neria. Jeremia dikterte, og Baruk skreiv opp i ein bokrull alle dei orda som Herren hadde tala til han. 5Så gav Jeremia dette påbodet til Baruk: Eg er stengd inne, eg kan ikkje gå til Herrens hus. 6Men du skal gå på ein fastedag og lesa opp Herrens ord frå bokrullen du skreiv då eg dikterte. Det skal du gjera i Herrens hus medan folket høyrer på. Alle som kjem inn frå byane i Juda, skal du òg lesa det opp for. 7Kanskje dei då vil koma fram for Herren med si bøn og venda om frå sine vonde vegar, for stor er vreiden og harmen som Herren har truga dette folket med.
8Og Baruk, son til Neria, gjorde alt det som profeten Jeremia hadde bode han. Han las opp Herrens ord frå rullen i Herrens hus.
Kongen brenner bokrullen
9Det var i det femte året Jojakim, son til Josjia, var konge i Juda, i den niande månaden, at det vart ropa ut faste for Herren. Det gjaldt alt folket i Jerusalem og alle som kom inn til Jerusalem frå byane i Juda. 10#26,10.24 Då las Baruk opp Jeremias ord frå bokrullen i Herrens hus medan alt folket høyrde på. Det var i rommet til riksskrivaren Gemarja, son til Sjafan, i den øvre føregarden, attmed inngangen til den nye porten til Herrens hus.
11Då Mika, son til Gemarja, Sjafans son, høyrde alle Herrens ord som stod i bokrullen, 12gjekk han ned i kongens slott, til riksskrivaren sitt rom. Der sat alle leiarane samla: riksskrivaren Elisjama, Delaja, son til Sjemaja, Elnatan, son til Akbor, Gemarja, son til Sjafan, Sidkia, son til Hananja og alle dei andre leiarane. 13Mika fortalde dei kvart ord han hadde høyrt då Baruk las opp frå bokrullen for folket.
14Då sende alle leiarane bod til Baruk med Jehudi, son til Netanja, som var son til Sjelemja, Kusjis son: «Ta med deg den bokrullen du las opp frå for folket, og kom hit!» Så tok Baruk, son til Neria, med seg rullen og gjekk inn til dei. 15Dei sa til han: «Set deg ned og les høgt for oss!» Og Baruk las for dei. 16Då dei høyrde alle desse orda, såg dei forfærde på kvarandre og sa til Baruk: «Dette må vi seia frå til kongen om!» 17Dei spurde Baruk: «Fortel oss korleis du kom til å skriva ned alt dette. Var det han som dikterte?» 18Baruk svara: «Han dikterte alle desse orda til meg, og eg skreiv dei ned i rullen med blekk.» 19Då sa leiarane til Baruk: «Gå og gøym dykk, du og Jeremia! Ingen må få vita kvar de er!»
20Så gjekk dei inn til kongen i slottsgarden. Bokrullen hadde dei gjeve frå seg i rommet til riksskrivaren Elisjama. Dei fortalde kongen alt saman. 21Kongen sende Jehudi for å henta bokrullen, og han henta han frå rommet til riksskrivaren Elisjama, og så las Jehudi han opp for kongen og for alle leiarane som stod kringom han. 22Kongen sat i vinterhuset, for det var i den niande månaden, og elden brann i fyrfatet framfor han.
23Kvar gong Jehudi hadde lese tre–fire spalter, skar kongen dei av med ein pennekniv og kasta dei på elden i fyrfatet, heilt til heile bokrullen hadde brunne opp. 24#2 Kong 22,11 Men dei vart ikkje slegne av redsle og reiv ikkje sund kleda sine, korkje kongen eller tenarane hans som høyrde alle desse orda. 25Elnatan, Delaja og Gemarja bad alt dei kunne om at kongen ikkje skulle brenna opp rullen, men han høyrde ikkje på dei. 26Sidan baud kongen at kongssonen Jerahmeel og Seraja, son til Asriel, og Sjelemja, son til Abdeel, skulle setja fast skrivaren Baruk og profeten Jeremia. Men Herren løynde dei.
27 Herrens ord kom til Jeremia etter at kongen hadde brent opp bokrullen med dei orda Baruk skreiv ned etter kva Jeremia sa: 28Ta no ein annan bokrull og skriv i han dei same orda som stod i den første rullen, den som kong Jojakim av Juda brende opp. 29Du skal seia til kong Jojakim av Juda: Så seier Herren: Du brende opp denne bokrullen og spurde: «Kvifor skreiv du der at kongen av Babel skal koma og øydeleggja dette landet og utrydda både menneske og dyr?» 30#22,18f Difor seier Herren om kong Jojakim av Juda: Han skal ikkje ha nokon etterfølgjar på Davids trone. Liket hans skal slengjast bort og liggja der i heten om dagen og i kulden om natta. 31#35,17 Eg skal straffa både han og etterkomarane hans og alle tenarane hans for dei vonde gjerningane dei har gjort. Over dei og innbyggjarane i Jerusalem og mennene i Juda fører eg alt det vonde som eg har truga dei med, men som dei ikkje ville høyra om.
32Så tok Jeremia ein ny bokrull og gav han til skrivaren Baruk, son til Neria. Han skreiv ned i han etter det Jeremia sa, alle dei orda som hadde stått i den rullen kong Jojakim av Juda brende opp, og mange liknande ord i tillegg til dei.

Markert nå:

Jeremia 36: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring