Jeremia 32
N11NN

Jeremia 32

32
Jeremia kjøper jord i Anatot
1 # 37,1+ Dette ordet kom til Jeremia frå Herren i det tiande året Sidkia var konge i Juda; det var det attande året til Nebukadnesar. 2#2 Kong 25,1f; Jer 37,21; 38,13 Den gongen var Jerusalem kringsett av hæren til kongen av Babel, og profeten Jeremia sat fengsla i vaktgarden på slottet til kongen av Juda. 3#21,7; 27,6; 34,2; 38,3 Kong Sidkia av Juda hadde fengsla han og sagt: «Kvifor profeterer du: Så seier Herren: Sjå, eg gjev denne byen over i hendene på kongen av Babel, og han skal ta han. 4#34,3; 38,23 Og Sidkia, kongen i Juda, skal ikkje sleppa unna kaldearane, men gjevast over i hendene på kongen av Babel, snakka med han andlet til andlet og sjå han auge i auge. 5Han skal føra Sidkia til Babel, og der skal han vera heilt til eg tek meg av han, seier Herren. Når de kjempar mot kaldearane, skal de ikkje lukkast.»
6Jeremia sa: Herrens ord kom til meg: 7#Rut 4,3ff Sjå, no kjem Hanamel, son til onkelen din, Sjallum, til deg og seier: «Kjøp det jordstykket eg har i Anatot. For du har rett til å løysa det inn og kjøpa det.» 8Og så kom Hanamel, son til onkelen min, til meg i vaktgarden slik Herren hadde sagt, og sa: «Kjøp det jordstykket eg har i Anatot i Benjamin-landet. For du har odelsretten og innløysingsretten. Du må kjøpa det.»
Då skjøna eg at det var eit ord frå Herren. 9#32,9 sytten sjekel ca. 194 g. Så kjøpte eg jordstykket i Anatot av Hanamel, son til onkelen min, og vog opp pengane; det var sytten sjekel sølv. 10Eg sette opp eit dokument og forsegla det, fekk vitne til å stadfesta det og vog opp sølv i skålvekt. 11#32,11 skøytet vart skrive to gonger på same bladet; den eine delen vart rulla saman og forsegla, så ingen kunne endra teksten. Så tok eg skøytet, både den delen som var forsegla, i samsvar med bod og forskrifter, og den som var open. 12Eg gav det til Baruk, son til Neria, Mahsejas son, framfor auga på Hanamel, syskenbarnet mitt, og vitna som hadde skrive under på skøytet, og alle dei judearane som heldt til i vaktgarden. 13For auga deira påla eg Baruk: 14Så seier Herren over hærskarane, Israels Gud: Ta desse rullane, dette skøytet, både den delen som er forsegla, og den som er open, og legg dei i ei leirkrukke så dei kan halda seg lenge. 15For så seier Herren over hærskarane, Israels Gud: Endå ein gong skal dei kjøpa hus og jorder og vinmarker i dette landet.
16Eg bad til Herren etter at eg hadde gjeve skøytet til Baruk, son til Neria: 17#1 Mos 1,1; 18,14; Jer 27,5; Luk 1,37 Å, min Herre og Gud! Sjå, du har skapt himmel og jord med di store kraft og din utstrekte arm. Ingen ting er umogleg for deg. 18#2 Mos 20,5f; 34,7 Du viser trufast kjærleik i tusen slektsledd, men sender straffa for skulda til fedrane i fanget på borna deira. Du store, veldige Gud, Herren over hærskarane er ditt namn, 19#Sal 33,14f; 62,13; Jer 10,6; 17,10 stor er du i råd og mektig i gjerning. Auga dine ser vegane til menneska, du gjev kvar og ein etter hans vegar og etter frukta av hans gjerningar. 20#Sal 78,42ff Du gjorde teikn og under i Egypt slik du gjer den dag i dag både i Israel og mellom andre menneske. Du har skapt deg eit namn slik det er i dag. 21#2 Mos 13,3.14; 32,11 Du førte ditt folk Israel ut frå Egypt med teikn og under, med sterk hand og utstrekt arm og skremmande kraft, 22#11,5+ og du gav dei dette landet som du med eid hadde lova å gje fedrane deira, eit land som fløymer med mjølk og honning. 23Og dei kom og tok det i eige. Men dei ville ikkje lyda deg og følgde ikkje di lov. Dei gjorde ikkje noko av alt det du hadde pålagt dei. Så lét du all denne ulukka ramma dei. 24#21,3ff; 27,8; 52,4ff Sjå, det har kome vollar rundt byen, så dei kan ta han. Ved sverd og svolt og pest er byen gjeven over i hendene på kaldearane som går til åtak på han. Det du har sagt, har hendt. Du kan sjå det sjølv. 25Men du, min Herre og Gud, seier til meg: «Kjøp deg dette jordstykket for pengar og lat vitne stadfesta kjøpet!» – og det medan byen blir gjeven over i hendene på kaldearane.
26Då kom Herrens ord til Jeremia: 27#Jer 32,17 Sjå, eg, Herren, er Gud for alt som lever. Er noko umogleg for meg? 28Difor, seier Herren, gjev eg denne byen i hendene på kaldearane, i hendene på kong Nebukadnesar av Babel, og han skal ta han. 29#2 Kong 21,3.5; Jer 7,18; 8,2; 19,13; 44,17ff; Sef 1,5 Kaldearane som går til åtak på denne byen, skal koma inn og setja eld på han. Dei skal brenna opp byen og alle husa der folk tende offereld for Baal på taka, auste ut drikkoffer for andre gudar og gjorde meg rasande. 30For heilt frå ungdomen av har israelittane og judearane berre gjort det som vondt er i mine auge. Ja, israelittane gjer meg stadig rasande med slikt dei lagar med eigne hender, seier Herren. 31Denne byen har gjort meg vreid og harm heilt frå den gong dei bygde han og fram til denne dag. Han skal bort frå mitt andlet, 32#Neh 9,34; Jer 2,26ff; Dan 9,8 for israelittane og judearane har gjort så mykje vondt, dei har gjort meg rasande, både dei og kongane og leiarane deira, prestane og profetane deira, mennene i Juda og innbyggjarane i Jerusalem. 33#2,30; Sak 7,11 Dei snudde ryggen til meg, ikkje andletet, og endå eg lærte dei opp både seint og tidleg, ville dei ikkje høyra på meg og ikkje ta imot lærdom. 34#7,30ff+ Men dei avskyelege gudane sine sette dei opp i huset som mitt namn er nemnt over, så det vart ureint. 35#7,31+ Dei bygde offerhaugar for Baal i Ben-Hinnom-dalen for å ofra sønene og døtrene sine til Molok. Det har eg ikkje pålagt dei, det har aldri vore i mine tankar at dei skulle gjera noko så avskyeleg og slik få Juda til å synda.
36Difor, no seier Herren, Israels Gud, om denne byen som de seier er gjeven over i hendene på kongen av Babel og til sverd og svolt og pest: 37#5 Mos 30,3+ Sjå, eg samlar dei frå alle dei land eg dreiv dei bort til i min store vreide og harme og i mitt sinne, og fører dei tilbake til denne staden og lèt dei bu trygt. 38#24,7; 31,33; Esek 11,20; 36,28; Sak 8,8 Dei skal vera mitt folk, og eg skal vera deira Gud. 39Eg gjev dei eitt hjarte og éin veg for at dei alltid skal frykta meg, til beste for dei sjølve og borna deira etter dei. 40#Jes 54,10 Eg gjer ei evig pakt med dei; eg vil ikkje venda meg bort frå dei, men gjera godt mot dei. Eg legg frykt for meg i hjartet deira, så dei ikkje skal vika frå meg. 41#5 Mos 30,9; Sef 3,17 Eg vil gleda meg over dei og gjera godt imot dei. Av heile mitt hjarte og heile mi sjel skal eg trufast planta dei i dette landet.
42 # 31,28 For så seier Herren: Slik eg har ført alle desse store ulukkene over folket, slik vil eg òg føra over dei alt det gode eg har lova dei. 43Folk skal kjøpa åkrar her i landet, det landet som de seier har vorte ein ørken utan menneske og dyr, eit land gjeve over i hendene på kaldearane. 44#29,14 Dei skal kjøpa åkrar for pengar og skriva skøyte som dei forseglar og får vitne til å stadfesta. Dette skal dei gjera både i Benjamin-landet, i området rundt Jerusalem og i byane i Juda, i fjellandet, i låglandet og i Negev. For eg vender lagnaden for dykk, seier Herren.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).


Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk