Jeremia 31

31
1 # 30,22; 2 Kor 6,16 På den tid, seier Herren, skal eg vera Gud for alle slektene i Israel, og dei skal vera mitt folk.
2 # 2,2; Hos 2,14 Så seier Herren:
Det folket som slapp unna sverdet,
har funne nåde i ørkenen.
Israel skal dra av stad og finna ro.
Endå ein gong vil eg byggja deg
3 # Jes 54,8; Hos 11,1ff Frå det fjerne synte Herren seg for meg:
Med evig kjærleik har eg elska deg, jomfru Israel,
difor har eg heile tida vist deg miskunn.
4 # 2 Mos 15,20; Sal 68,26 Endå ein gong vil eg byggja deg,
du skal byggjast opp att.
Endå ein gong skal du pynta deg, ta handtrommene
og gå ut i latter og dans.
5 # 5 Mos 28,30 Endå ein gong skal du planta vinmarker
på fjella i Samaria,
og dei som har planta, skal sjølve ta dei i bruk.
6 # Jes 2,3; Mi 4,2; Sak 8,21 Ja, det kjem ein dag
då vaktmenn skal ropa på Efraim-fjellet:
Kom, lat oss dra opp til Sion,
til Herren vår Gud!
7 # Jes 4,3 Så seier Herren:
Bryt ut i jubel og glede for Jakob,
rop høgt for det fremste av folkeslag!
Lat lovsong lyda, og sei:
«Herre, frels ditt folk,
Israels rest!»
8Sjå, eg fører dei tilbake frå landet i nord,
eg samlar dei frå ytste enden av jorda.
Mellom dei er både blinde og halte,
gravide og fødande kvinner;
dei vender attende i store flokkar.
9 # Jes 63,16; 64,7; Jer 2,3; 3,19; 50,4; 2 Kor 6,18 Dei kjem med gråt,
eg leier dei med trøyst.
Eg fører dei til rennande bekker,
på jamn veg der dei ikkje snublar.
For eg er ein far for Israel,
og Efraim er min førstefødde son.
10Høyr Herrens ord, de folkeslag!
Forkynn det til fjerne kystar og sei:
Han som spreidde Israel,
skal samla og vakta det
som ein gjetar vaktar sin flokk.
11For Herren har fria Jakob ut
og kjøpt han fri
frå hender som er sterkare enn hans.
12 # Jes 35,10; 58,11; Jer 3,17f; Hos 3,5 Dei skal koma og jubla på Sion-høgda,
stråla av glede over Herrens gode gåver:
korn og ny vin og fin olje,
sauer og oksar.
Sjølve skal dei vera som ein vassrik hage,
dei skal ikkje lenger lida naud.
13 # Sal 30,12; 148,12f; Joh 16,20 Då skal jomfrua gleda seg i dansen,
unge menn saman med dei gamle.
Eg vender sorg til fryd for dei,
trøystar og gleder dei som klagar.
14Eg gjev prestane rikeleg med feitt
og mettar mitt folk med gode gåver,
seier Herren.
15 # 1 Mos 37,35; Jer 40,1; Matt 2,18 # 31,15 borna sine Josefs etterkomarar vart bortførte frå Nordriket i 722 f.Kr. Så seier Herren:
I Rama høyrest skrik,
klagesong og bitter gråt.
Rakel græt over borna sine
og vil ikkje la seg trøysta.
For borna hennar er ikkje meir.
16Så seier Herren:
Gråt ikkje så høgt,
fell ikkje tårer!
Du skal få løn for strevet, seier Herren,
dei skal venda heim frå fiendeland.
17 # 29,11 Det er von for etterkomarane dine, seier Herren,
borna skal venda heim til sitt eige land.
18 # Sal 51,12; Jer 3,22ff; 17,14; Klag 5,21; Hos 6,1ff Eg har høyrt Efraim synast synd på seg sjølv:
Du har tukta meg,
eg vart tukta som ein utamd kalv.
Vend meg om, så eg kan venda heim!
For du er Herren min Gud.
19 # 3,25; Esek 21,17 # 31,19 slo … meg på låret uttrykk for skam og sorg. Då eg hadde vendt meg bort,
angra eg,
og då eg fekk innsikt,
slo eg meg på låret.
Skam og vanære må eg bera
for min ungdoms spott.
20 # Jes 49,13.15; Hos 11,3.8ff Er Efraim min dyrebare son,
er han mitt kjæraste barn?
Kvar gong eg talar imot han,
må eg likevel tenkja på han.
Difor skjelv mitt indre for han,
eg må visa miskunn mot han,
seier Herren.
Kom heim att
21Reis merkesteinar,
set opp vegmerke!
Legg nøye merke til den vegen du gjekk!
Vend attende, jomfru Israel,
attende til desse byane dine!
22 # Jes 43,19; 2 Kor 5,17; Op 21,5 Kor lenge vil du snu deg hit og dit,
du fråfalne dotter?
No skaper Herren noko nytt i landet,
ei kvinne skal verja ein mann.
23 # Jes 1,26; Jer 29,14; Sak 8,3 Så seier Herren over hærskarane, Israels Gud: Endå ein gong skal Juda og byane der seia desse orda når eg vender lagnaden for dei: «Herren velsigne deg, du rettferds bustad, du heilage fjell.» 24Der skal Juda og alle byane bu saman, både bønder og gjetarar som flakkar ikring med flokken sin. 25#Sal 23,2ff; 107,9; Matt 11,28 Eg gjev den slitne rikeleg å drikka og mettar alle som lid naud.
26Då vakna eg og såg meg ikring. Søvnen hadde gjort meg godt.
27 # 31,27 eg sår ut … Judas hus Folket skal auka og buskapen veksa. Jf. Hos 2,23. Sjå, dagar skal koma, seier Herren, då eg sår ut menneske og dyr i Israels og Judas hus. 28#1,10; 18,7; 24,6 Og slik eg før vakte over dei for å rykkja opp og riva ned, knusa, øydeleggja og skada, slik vil eg no vaka over dei for å byggja og planta, seier Herren.
29 # 5 Mos 24,16; Klag 5,7; Esek 18,2 På den tid
skal dei ikkje lenger seia:
Fedrane åt sure druer,
og borna fekk dårlege tenner.
30 # Esek 18,4.20 Men kvar skal døy for si eiga synd.
Den som et sure druer,
skal sjølv få dårlege tenner.
Ei ny pakt
31 # Hebr 8,8ff Sjå, dagar skal koma, seier Herren,
då eg gjer ei ny pakt
med Israels hus og Judas hus,
32 # 2 Mos 24,3ff ikkje som den pakta
eg gjorde med fedrane deira
den dagen eg tok dei i handa
og førte dei ut frå Egypt;
den pakta braut dei,
endå eg var herren deira, seier Herren.
33 # Jer 24,7; 32,38.40; Hebr 10,16f Men dette er pakta eg vil gjera
med Israels hus i dagar som kjem,
seier Herren:
Eg legg mi lov i sinnet deira
og skriv henne i hjartet deira.
Eg skal vera deira Gud,
og dei skal vera mitt folk.
34 # Jes 43,25; 54,13; Jer 33,8; Joh 6,45; Hebr 10,17 Då skal ingen lenger
undervisa sin neste og sin bror
og seia: «Kjenn Herren
For dei skal alle kjenna meg,
både små og store, seier Herren.
For eg vil tilgje skulda deira
og ikkje lenger hugsa synda.
35 # 1 Mos 1,14ff; Sal 136,7ff; Jes 51,15 Så seier Herren,
han som sette sola til å lysa om dagen
og baud månen og stjernene å lysa om natta,
han som rører opp havet så bølgjene drønnar,
Herren over hærskarane er hans namn:
36 # 33,25f Lèt eg desse skipnadene vika,
seier Herren,
då skal òg Israels ætt for alltid
halda opp med å vera eit folk for mitt andlet.
37Så seier Herren:
Om himmelen der oppe kan målast
og grunnvollane på jorda der nede granskast,
då vil eg òg støyta frå meg
heile Israels ætt
for alt det dei har gjort, seier Herren.
38 # Neh 3,1; Sak 14,10 # 31,38 Hananel-tårnet truleg i den nordaustlege delen av Jerusalem. Jf. Sak 14,10. Hjørneporten Jf. 2 Kong 14,13. Det er mogleg at v. 38–40 nemner portar og stader på alle kantar av byen. Sjå, dagar skal koma, seier Herren, då byen skal byggjast opp att for Herren, frå Hananel-tårnet til Hjørneporten. 39Målesnora skal gå vidare beint fram til Gareb-haugen og så bøya av til Goa. 40#Jes 33,20 Heile dalen med lika og den feite offeroska og alle skråningane ned til Kedron-dalen, til hjørnet ved Hesteporten mot aust, skal vera heilag for Herren. Aldri meir skal byen rivast ned eller knusast.

Markert nå:

Jeremia 31: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring