Jeremia 19
N11NN
19
Den knuste leirkrukka
1Dette sa Herren: Gå til pottemakaren og kjøp ei leirkrukke! Ta med deg nokre av dei eldste frå folket og frå prestane 2og gå ut i Ben-Hinnom-dalen, ved inngangen til Potteskarporten, der skal du ropa ut dei orda eg talar til deg.
3 # 1 Sam 3,11; 2 Kong 21,12 Du skal seia: Høyr Herrens ord, de kongar i Juda og de som bur i Jerusalem! Så seier Herren over hærskarane, Israels Gud: Sjå, eg fører ei ulukke over denne staden som skal få det til å ringja for øyra på alle som høyrer om det. 4For dei forlét meg og krenkte denne staden. Dei tende offereld her for andre gudar som korkje dei eller fedrane eller Judas kongar kjende. Dei fylte denne staden med blod frå uskuldige. 5#7,31ff; 32,35; Esek 16,20; 23,37 Dei bygde offerhaugar for Baal for å brenna borna sine i elden som brennoffer for Baal. Det har eg ikkje pålagt dei og ikkje sagt til dei, det har aldri vore i mine tankar.
6 # 7,31f # 19,6 Tofet >7,31. Difor, sjå, dagar skal koma, seier Herren, då denne staden ikkje lenger skal kallast Tofet og Ben-Hinnom-dalen, men Drapsdalen. 7#2 Sam 15,31; Neh 4,15; Job 5,12; Jes 8,10; 19,3#19,7 slår … sund Det hebr. ordet liknar på ordet for «krukke» i 18,1.10; 19,10. På denne staden slår eg sund Judas og Jerusalems planar. Eg lèt dei falla for sverdet til fienden og i hendene på dei som står dei etter livet. Og eg gjev lika deira til føde for fuglane under himmelen og for dyra på marka. 8#3 Mos 26,31ff; Jer 18,16 Eg legg denne byen aud og gjer han til spott. Alle som går forbi, skal bli forfærde og plystra hånleg over såra han har fått. 9#3 Mos 26,29; 5 Mos 28,53ff; Klag 2,20; 4,10 Eg lèt dei eta kjøtet av sine eigne søner og døtrer, den eine skal eta kjøtet av den andre. Slik trengsle og naud skal fiendane deira og dei som står dei etter livet, føra over dei.
10Sidan skal du knusa krukka framfor auga på dei menn som går saman med deg, 11#7,32 og du skal seia til dei: Så seier Herren over hærskarane: Eg vil knusa dette folket og denne byen slik ein knuser eit kar frå pottemakaren så det ikkje kan bli heilt att. Og i Tofet skal dei gravleggja folk, fordi det ikkje finst gravplass andre stader. 12Slik vil eg gjera med denne staden, seier Herren, og med dei som bur der, og denne byen vil eg gjera lik Tofet. 13#2 Kong 21,3.5; Jer 7,18; 8,2; 32,29; 44,17ff; Sef 1,5 Og husa i Jerusalem og husa til kongane i Juda skal bli ureine som Tofet, alle dei husa der dei har tent offereld på taka for heile himmelens hær og aust ut drikkoffer for andre gudar.
Jeremia blir straffa
14Så kom Jeremia att frå Tofet, dit Herren hadde sendt han for å profetera. Då stilte han seg i føregarden til Herrens hus og sa til alt folket: 15«Så seier Herren over hærskarane, Israels Gud: Sjå, eg sender all den ulukke eg har truga med, over denne byen og over alle dei byane som høyrer han til. For dei har gjort nakken stiv og høyrer ikkje på mine ord.»

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk