Jeremia 11
N11NN
11
Israel har brote pakta
1Dette ordet kom til Jeremia frå Herren: 2Høyr orda i denne pakta! Du skal tala om dei til mennene i Juda og til dei som bur i Jerusalem, 3#5 Mos 27,26 og seia: Så seier Herren, Israels Gud: Forbanna er den som ikkje lyder orda i denne pakta 4#5 Mos 4,20; Jer 7,23 som eg baud fedrane dykkar å halda den dagen eg førte dei ut frå Egypt, ut or smelteomnen. Då sa eg: Høyr på meg og gjer alt det eg byd dykk! Så skal de vera mitt folk, og eg skal vera dykkar Gud. 5#1 Mos 12,7+; 5 Mos 6,3; 7,8.12f; 11,9 Og eg vil halda eiden eg svor for fedrane dykkar, å gje dei eit land som fløymer med mjølk og honning, slik det er i dag.
Då svara eg: «Amen, Herre
6 Herren sa til meg: Rop ut alle desse orda over byane i Juda og på gatene i Jerusalem: Høyr orda i denne pakta og lev etter dei! 7#7,13 Eg åtvara fedrane dykkar den dagen eg førte dei ut frå Egypt, og til denne dag har eg åtvara dei seint og tidleg: «Høyr på meg!» 8#7,24.26 Men dei ville ikkje høyra og vende ikkje øyret til. Alle følgde sitt vonde og eigenrådige hjarte. Då lét eg alle orda i denne pakta koma over dei, den pakta eg hadde bode dei å halda, men som dei ikkje heldt.
9 Herren sa til meg: Det er ei samansverjing mellom mennene i Juda og hos dei som bur i Jerusalem. 10Dei har vendt attende til syndene til dei første fedrane sine som nekta å lyda orda mine. Dei følgde andre gudar og tente dei. Israels og Judas hus har brote den pakta eg gjorde med fedrane deira.
11 # Ordt 1,28; Mi 2,3; 3,4; Sak 7,13 Difor seier Herren: Sjå, eg fører over dei ei ulukke som dei ikkje kan sleppa frå. Når dei ropar til meg, vil eg ikkje høyra på dei. 12#2,28 Då skal byane i Juda og dei som bur i Jerusalem, gå og ropa til gudane dei tenner offereld for. Men dei kan ikkje frelsa dei når ulukka kjem. 13#2 Krøn 28,24#11,13 Skamma >3,24. For du har like mange gudar som du har byar, Juda! Og de har reist like mange altar for Skamma som det er gater i Jerusalem, altar der de tenner offereld for Baal.
14 # 7,16; 14,11 Du skal ikkje be for dette folket og ikkje setja i med klagerop eller bøn for dei. For eg vil ikkje høyra på dei når dei ropar til meg i si ulukketid.
Oliventreet
15 # 11,15 feite … kjøt Tydinga av den hebr. teksten er usikker. Kva vil ho som eg elskar, i mitt hus,
ho som har lagt vonde planar?
Kan feite dyr og heilagt kjøt
ta bort din vondskap?
Då kunne du jubla.
16 Herren har kalla deg
eit grønt oliventre
med vakker frukt.
Men med bulder og brak
set han fyr på det
så greinene brotnar.
17 Herren over hærskarane,
han som planta deg,
trugar deg no med det vonde
for det vonde
som Israels og Judas hus
har gjort mot seg sjølve
då dei tende offereld for Baal
og gjorde meg rasande.
Trugsmål mot profeten
18 Herren gjorde det kjent for meg,
eg fekk vita om det.
Då synte du meg kva dei gjorde.
19 # Jes 53,7ff Eg var godtruen lik eit lam
som blir ført bort til slakting.
Eg visste ikkje at dei tenkte ut
planar mot meg:
«Lat oss øydeleggja både treet og frukta
og rydda han ut av landet til dei levande
så ingen hugsar namnet hans meir.»
20 # Sal 7,10; 17,3; Jer 17,10; 20,12 Herre over hærskarane, du rettferdige dommar,
du som granskar hjarte og nyrer,
lat meg få sjå at du tek hemn over dei,
for eg har lagt saka mi fram for deg.
21 # Jes 30,10; Jer 18,18; 20,1f; Am 2,12 Difor: Så seier Herren
om mennene i Anatot
som står deg etter livet og seier:
«Du må ikkje profetera i Herrens namn,
elles skal du døy for vår hand.»
22Difor seier Herren over hærskarane:
Sjå, eg vil krevja dei til rekneskap.
Dei unge mennene skal døy for sverd,
sønene og døtrene deira skal døy av svolt.
23Ingen av dei blir att,
for eg fører ulukke over Anatots menn
i rekneskapens år.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk