Jeremia 10

10
Herren og avgudane
1Høyr ordet som Herren talar til dykk, Israels hus. 2#Rom 12,2 Så seier Herren:
De skal ikkje læra dykk å gå dei vegane folkeslaga går,
og ikkje frykta teikna på himmelen
sjølv om folkeslaga fryktar dei.
3 # Jes 40,19ff; 44,9ff For skikkane til folka er tomme.
Dei høgg eit tre i skogen,
ein handverkar lagar det til med øks,
4 # Jes 41,7 dei pryder det med sølv og gull,
dei fester det med naglar og hammar
så det står støtt.
5 # Sal 115,5ff; Jes 45,20; 46,7 Dei er som fugleskremsla på ei agurkmark,
ikkje kan dei snakka,
og dei må berast, for dei kan ikkje gå.
Ver ikkje redde dei!
Dei gjer ikkje nokon skade,
men dei kan heller ikkje gjera noko godt.
6 # 32,17ff Ingen er som du, Herre.
Du er stor,
namnet ditt er stort og mektig.
7 # Sal 33,8; Op 15,4 Kven må ikkje frykta deg,
du konge over folkeslaga?
Det er din rett.
For mellom alle vismenn hos folkeslaga
og i alle rike er ingen som du.
8 # 51,17 Alle som ein er tåpelege og dumme,
opplærte av tomme gudar,
ein trestokk.
9 # 10,9 Tarsis hamneby eller område ved fjerne kystar, kan henda vest i Middelhavet. >1 Mos 10,4. Ufas truleg Ofir i Arabia; dette landet er elles i GT nemnt som eit gull-land. Jf. Job 22,24; 28,16. Det hamra sølvet er innført frå Tarsis
og gullet frå Ufas.
Det er verk av treskjerar og gullsmed,
kledd i blått og raudt purpur,
kunstverk alt saman.
10 # Sal 10,16 Men Herren er den sanne Gud,
den levande Gud, den evige kongen.
Jorda skjelv for hans harme,
folkeslaga kan ikkje halda ut hans vreide.
11 # Jes 2,18 # 10,11 Verset er skrive på aram., ikkje på hebr. som resten av boka. Dette skal de seia til dei:
«Dei gudane som ikkje skapte himmel og jord,
skal utryddast frå jorda
og under himmelen.»
12 # Sal 104,24; Jes 45,12; Jer 51,15ff Han laga jorda med si kraft,
han grunnla verda i sin visdom
og spente ut himmelen ved si innsikt.
13 # Job 38,25f; Sal 135,7 Når hans røyst høyrest, brusar vatnet i himmelen,
han lèt skyer stiga opp frå enden av jorda,
han lagar både lyn og regn,
han lèt vinden sleppa ut frå sine forrådskammer.
14Alle menneske er dumme og uforstandige.
Kvar gullsmed må skjemmast
av gudebiletet sitt,
for det støypte biletet hans er løgn.
Det er ikkje ånd i dei.
15Tomme er dei, eit verk til spott.
Når straffa kjem, går dei til grunne.
16 # 5 Mos 4,19f; 32,9; Sal 16,5; 119,57 # 10,16 Jakobs del Herren, Israels Gud. Han som er Jakobs del, er ikkje som desse,
for det er han som formar alt.
Israel er hans eigen stamme.
Herren over hærskarane er hans namn.
Teltet mitt er øydelagt
17Ta bylten din opp frå bakken,
du kvinne som bur i ein kringsett by!
18For så seier Herren:
Sjå, denne gongen slengjer eg bort
dei som bur i landet.
Eg gjev dei trengsle
for at dei skal finna meg.
19 # Sal 77,11; Jer 14,17; Mi 7,9 Ve meg, for eit brot!
Eg har eit sjukt sår.
Eg tenkte: Dette er berre ei liding
som eg må bera.
20 # 31,15 Teltet mitt er øydelagt,
alle snorer avrivne.
Borna mine har forlate meg, dei er borte.
Det er ikkje lenger nokon
som set opp teltet mitt
og spenner ut teltdukane.
21 # 23,1 For gjetarane er dumme,
dei søkjer ikkje Herren.
Difor lukkast dei ikkje,
heile flokken deira blir spreidd.
22 # 9,11 Dårleg nytt: No kjem det,
eit kraftig jordskjelv frå landet i nord.
Det gjer byane i Juda til ørken,
ein stad der sjakalar held til.
Profetens bøn
23 # Ordt 16,9; 20,24 Eg veit, Herre,
at mennesket ikkje sjølv rår for sin veg,
og at ferdamannen ikkje sjølv
kan styra sine steg.
24 # Sal 6,2; 38,2; Jer 30,11 Oppdra meg, Herre, men gjer det rett,
ikkje i vreide, så du gjer meg liten.
25 # Sal 79,6f Aus ut din harme
over folkeslag som ikkje kjenner deg,
over slekter som ikkje kallar på ditt namn.
For dei har ete opp Jakob,
ete han opp og gjort ende på han
og lagt bustaden i øyde.

Markert nå:

Jeremia 10: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring