Dommarane 2

2
Herrens engel åtvarar israelittane
1 # 1 Mos 16,7+; 17,7f; Dom 6,8–10 # 2,1 Gilgal by i Jordan-dalen, eit viktig religiøst og politisk sentrum. >Jos 4,19. Bokim Namnet tyder «dei gråtande»; stad nær Betel. Jf. v. 4f. Herrens engel kom frå Gilgal opp til Bokim og sa: Eg førte dykk opp frå Egypt og inn i det landet som eg med eid hadde lova fedrane dykkar. Eg sa: «Eg vil aldri bryta mi pakt med dykk, 2#2 Mos 23,32; 34,12f; 5 Mos 7,5 og de skal ikkje gjera noka pakt med dei som bur her i landet. Altara deira skal de riva ned.» Men de høyrde ikkje på meg. Kva er det de har gjort? 3#Jos 23,13 Difor seier eg no: Eg vil ikkje driva dei bort for dykk. Dei skal bli til ei snare for dykk, og gudane deira skal bli ei felle for dykk.
4Herrens engel hadde sagt dette til israelittane, gret folket høgt. 5Difor kalla dei staden Bokim. Og dei ofra til Herren der.
Israel fell frå
6 # Jos 24,28 Då Josva hadde sendt folket i veg, drog israelittane kvar til sitt område for å ta landet. 7Folket tente Herren så lenge Josva levde, og så lenge dei gamle enno var i live, dei som hadde levd lenger enn Josva og hadde sett alle dei storverk Herren hadde gjort for Israel. 8Josva, son til Nun, Herrens tenar, døydde hundre og ti år gammal. 9#Jos 19,50; 24,30 Dei gravla han på hans eigen grunn i Timnat-Heres i Efraim-fjella, nord for Gaasj-fjellet. 10#5 Mos 31,16 Snart var heile dette slektsleddet sameina med fedrane sine. Etter dei voks det opp eit nytt slektsledd som korkje kjende Herren eller visste kva han hadde gjort for Israel.
11 # 4 Mos 25,3; 5 Mos 4,25; Dom 2,19; 3,12; 4,1; 6,1; 8,33; 10,6; 13,1; 1 Sam 15,19; 1 Kong 11,6 # 2,11 Baal-gudane namn på lokale guddomar. Baal blir òg nytta som namn på ein kanaaneisk hovudgud, jf. 2,13. =framande gudar. Då gjorde israelittane det som vondt var i Herrens auge. Dei dyrka Baal-gudane 12#Jer 5,19 og forlét Herren, sine fedrars Gud, som hadde ført dei ut frå Egypt. Dei følgde andre gudar, gudar frå folka som budde omkring, og tilbad dei. Slik gjorde dei Herren rasande. 13#10,6; 1 Sam 12,10; 1 Kong 11,5.33#2,13 Baal og Astarte-bileta =framande gudar. Dei forlét Herren og dyrka Baal og Astarte-bileta.
14 # 3,8; 4,2; 10,7; 1 Sam 12,9 Då flamma Herrens vreide opp mot Israel, og han gav dei i hendene på røvarar som plyndra dei. Han gav dei over til fiendane omkring, og dei kunne ikkje stå seg mot dei. 15#3 Mos 26,17; 5 Mos 28,25 Kvar dei fór fram, var Herrens hand imot dei og råka dei med ulukke, slik Herren hadde sagt, og som Herren hadde svore. Dei kom i stor naud.
16 # 3,9.15 Då lét Herren det stå fram dommarar som berga dei ut av hendene på røvarane. 17Men dei lydde ikkje dommarane sine heller. Dei dreiv hor med andre gudar og tilbad dei. Dei var snare til å bøya av frå den vegen som fedrane deira hadde følgt då dei lydde Herrens bod. Dei gjorde ikkje som fedrane.
18Kvar gong Herren lét ein dommar stå fram hos dei, var Herren med dommaren og berga dei ut av hendene på fiendane så lenge dommaren levde. For Herren fekk medynk med dei når dei sukka under dei som plaga og undertrykte dei. 19Men så snart dommaren var død, fall dei frå att, og dei øydela meir enn fedrane gjorde. Dei følgde andre gudar og dyrka og tilbad dei. Dei heldt fram med å vera trassige og gjera det vonde.
20Då flamma Herrens vreide opp mot Israel, og han sa: «Dette folket har brote den pakta eg påla fedrane deira, og ikkje lydd etter det eg har sagt. 21Difor vil eg ikkje halda fram med å driva ut for dei eit einaste av dei folkeslaga som Josva lét vera att då han døydde. 22#2 Mos 16,4+; 5 Mos 8,2; Dom 3,1.4f For gjennom dei skal Israel bli prøvd: Vil dei eller vil dei ikkje halda seg til Herrens veg og gå han, slik som fedrane deira har gjort?» 23Difor lét Herren desse folkeslaga vera att i staden for å driva dei bort straks; og han gav dei ikkje over i Josvas hender.

Markert nå:

Dommarane 2: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring